Derimot: Dikt: Falsk profet
derimot.no:
Av Silje Vikøy
Falsk profet
SJÅ! Eg kjem som ein tjuv!
Verdas største tjuv!!
TENK! Eg har 1001 patent!
Eg villeier dei som bur på jorda,
med monopol og kontroll, via patent!
Virus og kur.
Kjemiske kjøkken ved kvar sjukehusseng
med målretta genetisk medisin til DEG.
Data og menneske. Eg haustar inn.
To-trinns bekreftelse, parameter kontroll,
tracking og tracing, wearable fitbits.
Eg lukkast i mi svikarferd mot
totalovervåking. Eit teknologisk panoptikon
under lockdowns` tunge støvel.
I «pandemiens navn», i «klimaets navn».
Det naturlege skal dekontruerast,
slik at eg får profitt på det konstruerte.
Designbarn, små flaskelam,
i inkubatorlandskap.
Befolkningsreduksjon og sterilisering i «mor-barn
helse» og seksualundervisningsdrakt.
Kjønnsforvirrande pride paradar og
propaganda for hormon behandling forkledd
som «grasrotsbevegelse».
Ein Anti-Krist, tilsynelatande altruistisk, er
eg. Ein blasfemikar forkledd som filantrop.
Eg meistrar tvetydighetens kunst.
Bereknande, forderva.
Orda mine stig opp av havet,
med ti horn og sju hovud
og ti kroner på horna.
Munnen min snakkar i 42 månader
utan skam, forførerisk.
Eg har hijacka WHO, WEF, ja heile FN.
Orda mine har makt til å spotta Gud:
eg skal «redda menneska» frå Armod,
Svolt og Sjukdom med demoniske
patent som liknar froskar.
Kontroll via ord. Tusenårsmåla.
Dei kjem ut av munnen min.
Dei hoppar, øydelegg og avfolkar.
Med DINE skattepengar.
Under statsbudsjettet kolonne
«innovasjon, forskning og utvikling».
Det høyrest så fint ut.
Med DIN pensjon avfolkar eg deg og ætta
di. T4. Eg er eugenikar, som far min.
Eg bestemmer kven som skal få leva
og kven som skal døy.
Dei nytteslause etarane.
La `posthumanismen´ og AI ta over, gje
dei drugs&videogames.
Dei sjuke, dei gamle, dei einslege,
dei fattige, dei med handicap.
Dødsprotokollar: ikkje gjenoppliv dei.
I tryggleikens navn.
I fredstid, når du minst ventar det,
skal eg rydda ut mange
og gjera uhyggeleg skade på DNA`et ditt: livets
kode, livets kjede tilrøvar eg meg ved hjelp av ein
hærskare ingeniørar i kvite frakkar.
Vitskapsmenn- og kvinner forskar for meg:
umogleg mat, vasstrukne, oppblåste blåbær
og avskyeleg biff, syntetisk og fæl.
Bøndene må finna seg noko anna å gjera.
Dødeleg mat, og dødeleg medisin.
Mirakel vaksinar.
«Trygge og effektive».
Befolkningsreduksjon.
Overskuddsdødelighet.
Folkemord? Nei, det er ingenting å sjå her.
Gå vidare. Stol på vitskapen.
Eg legg alle mennesker under tvang
for at dei skal ta i mot eit merke.
Bank ID.
Helsepass.
Luciferase.
På si høgre hand, eller panna.
Talet er 666. Ingen kan kjøpa eller selja
bortsett frå dei som har merket.
Konsentrasjon av kapital.
Monopol. Monopol. Monopol.
Eg øydelegg det nasjonale borgarskapet.
Dei slit med høge straumrekningar. I klimaets navn.
På ein listig måte brukar eg bedrag for å lukkast
via falske firmafrontar, sirkulært eigarskap.
Snart eig eg alt i heile verda!
State Street – Vanguard – Blackrock.
I styreverva sit morallause, maktsjuke WEF
politikarar frå alle land som ofrar sine folk,
slaktar dei for å fjøra eigne reir.
Via intensjonsavtalen mellom WEF og FN
samlar eg kongane og dronningane på jorda
under mitt leiarskap på Hill of Megiddo – Davos –
der den hjartelause krigen på slutten av historia blir ført.
Eg fører krigen og vinn mot dei heilage –
får nådeslaus makt over alle ætter, tungemål og folkeslag.
Mediemonopol. Språkmonopol. Tankemonopol.
Google translate, SIRI, skriveforslag som styrer tanken, eit
hjerneimplantat som let deg skriva ved å tenkja!
Babels tårn, infernalsk forvirring.
Og eg bestemmer på Bilderberg og styrer CIA.
Planlagt desabilisering, false flag operations, black ops.
Inflasjon, nasjonalvalutakollaps, kaos, vald, desperasjon.
Eit nytt behov for orden.
Ei verdsregjering kanskje?
FN`s regnbogeteikn. Fargane. Så fine. SWASTIKA.
Patent, patent, patent. Patent på tusenårsmåla.
Årleg lisens på luft, jord, kjærleik, fridom.
Utvikla og betalt med dine skattepengar, din pensjon.
Ja, eg er verdas største tjuv!
Sola svir i andletet. Eg gjev deg skugge.
Dimmar for sola. Med kalkstøv. I klimaets navn.
Svikefulle, samvitslause himmelpatent og lastefulle druer.
Dei med stein finst ikkje lengre.
Så det er med mine druer, utan stein, du drikk.
Av Guds vredesvin.
Skjenkt ublanda i hans harmes skål.
Du drikk og du pinest utan ro natt eller dag.
Og røyken frå pina stig opp i all æve.
Silje Vikøy, Hardanger, Oktober 2023