Derimot: Det har de fått i Ukraina.Vesten er ikke forberedt på utmattingskrig. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Utmattingskrig vs. manøverkrig

av Larry Johnson 4. mai 2024

X-CIA-analytiker

Oberst Alex Vershinin, som skriv for Royal United Services Institute (RUSI), er ute med eit oppsiktsvekkande stykke som stadfester at Russland er lysår framfor NATOs militære etablissement. Opningavsnitta hans oppsummerer stykket:

Utmattingskrigar krev sin eigen ‘krigskunst’ og blir utkjempa med ei ‘styrke-sentrisk’ tilnærming, til skilnad frå manøverkrigar, som er ‘terreng-fokuserte’. Dei har sine røter i ein massiv industriell kapasitet som kan erstatte tap, geografisk djubde til å absorbere ei rekke tap, og teknologiske forhold som hindrar rask framrykking. I utmattingskrigar blir militæroperasjonar forma av ein stats evne til å erstatte tap og generere nye formasjonar, ikkje taktiske og operasjonelle manøvrar. Den sida som aksepterer krigens nedslitande vesen og fokuserer på å øydelegge fiendestyrkar heller enn å vinne terreng, har størst sjanse for å vinne.

Vesten er ikkje budd for denne typen krig. For dei fleste Vestlege ekspertane er utmattingsstrategien kontraintuitiv. Tradisjonelt har Vesten gått for den korte ‘vinnaren tar alt’-typen samanstøytar mellom profesjonelle armear. Nylege krigsspel som til dømes 

CSIS sin krig om Taiwan dekka ein månad med kampar. Moglegheita for at krigen kunne bli lengre, vart aldri diskutert. Dette er ei gjenspegling av ei vanleg Vestleg haldning. Utmattingskrigar blir behandla som unntak, noko ein for all del lyt unngå og generelt produkt av uskikka leiarskap. Diverre vil krigar mellom nær jambyrdige partar truleg bli utmattande, takka vere store ressursforråd til å erstatte tapa. Den utamattande, nedslitande naturen til kamp, inkludert erosjonen av profesjonalisme grunna drapstal, utjamnar slagmarka same kven av hærane som starta med betre trente styrkar. Medan konflikten trekk ut, blir krigen vunnen av økonomiar, ikkje arméar. Statar som skjøner dette og utkjempar ein slik krig med ein utmattingsstrategi som har til hensikt å slite ned fiendens ressursar samtidig som ein bevarer sine eigne, vil sannsynlegvis vinne. Den raskaste måten å tape ein utmattingskrig på, er å fokusere på manøvrar, der ein bruker verdifulle ressursar på kortsiktige territoriale mål. Å innsjå at utmattingskrigar er ei eiga kunstform, er essensielt viss ein vil vinne dei utan å måtte ta forkrøplande tap.

Funna hans kjem ikkje overraskande på ein som har følgd podcasten og artiklane til Andrei Martyanov (eller lese bøkene hans). Det morar meg litt å sjå reaksjonen til Simplicius, som sprettar champagnen og feirar at analysen til Vershinin rettferdiggjer alt det gode arbeidet han har gjort dei to siste åra. Men godt før Simplicius starta forklare detaljane ved Russlands spesielle militæroperasjon, publiserte broder Martyanov tre bøker dei siste sju åra som adresserte dette emnet. Og han kjem ut med ei ny bok som detaljert tar føre seg både Russland sin taktikk og strategi i Ukraina og korleis Ukraina set sin lit til ein forelda NATO-militærdoktrine.

Konklusjonen er enkel – USA og NATO er ikkje utrusta, organisert eller trent til å kjempe mot ein jambyrdig styrke som Russland eller Kina i ein utmattingskrig. Ein av dei tinga som gjer at dei kjem til kort, er dei dyre, skjøre våpena som utgjer NATOs angiveleg beste middel til å krige vidare. Ta til dømes F-35 joint fighter. Dette flyet er eit pengesluk og ein kalkun, men det har gjort aksjonærane til Lockheed Martin rike. Matt Gaetz dissekerte problema med F-35 medan han grilla forsvarsminister Lloyd Austin.

Vedlikehaldskostnadane for F-35 og F-16 er eit mareritt om dei er meinte å operere over ein lengre periode:

The F-35As har kritiske feilskjer for kvar 11. time i lufta, og vedlikehald av flyskrog aleine (ekskludert motorar og system) tar 4,4 person-timar per flygetime.

USAs luftvåpen prøver å flyge sine F35 i 250-316 timar per år. Det ville medføre 1100-1400 timar kvart år til flyskrogvedlikehald og fleire timar til motorar og system. Kvar F-35 stealth fighter har over 25 kritiske feil kvart år.

F-16 hadde 29,5 flygetimar mellom kritiske feil. F16 treng 17 timar med vedlikehald for kvar time i lufta. Det treng regelmessige inspeksjonar, reparasjonar og nye delar for å sikre at det skal vere trygt og påliteleg i lufta.

USA ligg langt føre alle andre når det gjeld å lage svært dyre våpen – til dømes $13 milliardars hangarskip og $10 millionars Abrams-tanks, som krev 8 timar vedlikehald for kvar brukstime med kampoperasjonar. Likevel er desse våpensystema svært sårbare overfor billige motmiddel som t.d. ein drone eller ein artillerigranat, som set Abrams-stridsvogna ut av spel.

Grensene for USAs militærmakt, spesielt med tanke på hangarskip, blir vist fram nett no i Raudehavet. Vesle Jemen har forpurra ein kombinert USA/NATO-operasjon som skulle opne sjøvegen og stoppe Jemens missiltrussel mot handelsskip. Etter nesten seks månadar av Operasjon Prosperity Guardian, driv Jemen framleis med angrepa sine på skip.

Eg vil oppmode deg til å sjå på RUSI-rapporten. Den forklarer tydeleg korfor Russland er budd på å slå både det ukrainske militæret og NATO. 

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Ben Hershey

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar