Derimot: Det føyer seg inn i et mønster. Drapet på syv vestlige hjelpearbeidere i Gaza var ingen tabbe. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Et av de store spørsmålene er hvorfor den norske regjeringen er så stille i slike saker som dette, mens de utviste russiske diplomater og innførte sanksjoner mot Russland for saker som sannsynligvis russerne ikke stod bak (Eks Skripal-saken i Storbritannia). Denne moralske dobbeltholdningen er mer enn påfallende.

Knut Lindtner
Redaktør

Israel får vel fortent pes for sin udisiplinerte brutalitet

av Larry Johnson

Alle som fortel deg at det israelske militæret er ei veltrent, profesjonell gruppe, må ha budd i ei hole dei siste seks månadane, utan tilgang til nyheiter. Furoren som følgde mordet på 7 arbeidarar ved World Center Kitchen (WCK) er litt merkeleg, for mange av reaksjonane frå USA og Europa ter seg som om dette er eit avvik. Berre ei påminning om at døde palestinske sivile ikkje tel like mykje som folk frå Vesten som ber polske, australske og britiske pass.

Netanyahu er kanskje ein kjeltring, men han er ikkje dum. Han innsåg straks at det å blåse til himmels tre køyrety eigde av WCK, som vart grunnlagd av den verdskjende kokken Jose Andres, var ein PR-katastrrofe. (Randmerknad – Jose Andres og eg var medlemmar av same golfklubb i Washington DC då eg budde der, og eg trefte han i garderoben og på banen.)

Regjeringane til Australia, Storbritannia og Polen har ytra sin kritikk. Det gjenstår å sjå om dei kjem til å gjere noko meir med det enn å klage. Samtidig held Israel fram med nedslaktinga si. Denne artikkelen er meir som ein video-presentasjon, men klippa er korte.

La oss møte to av offera kort tid etter at ein vanvitig pilot frå den israelske okkupasjonsstyrken (Israeli Occupation Force, IOF) sprengde dei i filler.

Fotoa på toppen av denne sida viser plassen der dei tre bilane vart råka ein etter ein. I følgande video kan ein sjå restane av WCK-logoen tydeleg på taket til ein av bilane.

Så har vi etterverknadane. ÅTVARING: sterke, grafiske bilde. Døden er ikkje vakker.

Netanyahu gav ein av sine PR-menn ordre om å halde ein kort pressekonferanse og prøve å argumentere for at dette berre var ein skrekkeleg tabbe. Eg skal om litt forklare korfor det ikkje var det.

Nei. Dette var med vilje. IOF har gjort slikt rutinemessig gjennom dei siste seks månadane. Dette var berre første gong dei gjorde det mot ei gruppe personar frå Vesten med band til ein celebritetskokk. Hugsar du dei tre israelske gislane som vart skotne av IOF etter at dei hadde sleppt unna sine Hamas-gisseltakarar? Dei veiva med ei kvit skjorte og hadde tatt av seg skjortene. Var dét óg berre ei uheldig «ulykke»? Eller kva med dei to eldre palestinske, kristne kvinnene som vart skotne ned medan ho på 60 år hjelpte 80-åringen på badet? Vi er vitne til eit åtferdsmønster.

Når det skjer med palestinarar, ristar storparten av verda det berre av seg og held fram med sine eigne saker. Men denne kvinna hugsar.

Viss du trur at desse tinga berre er gjerningane til nokre få rotne eple, får du tru om att. Denne unge israelske kvinna avslører den stygge sanninga.

Når ein først har umenneskeleggjort folk, er det lett å drepe dei. Det vart gjort med jødane i Europa under Andre verdskrig. Den sørgelege ironien er at fanatiske sionistar no gjer det same med palestinarar i Gaza. I kjølvatnet av mordet på WCK-arbeidarane har WCK suspendert sine hjelpeoperasjonar. I staden for å bli skotne, vil palestinarane måtte nøye seg med hungersnaud.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar