Derimot: Det er tungt å lære av historia:Finland vel enda ein gong konfrontasjon

derimot.no:

Print Friendly, PDF & Email

Av Edvard Mogstad, historikar

Arild Haglund hadde eit kort og rammande innlegg her på derimot om Finlands nye kjekkaseri mot Russland, som nesten kan måle seg med våre eigne norske politikarar. («Finland velger enda en gang konfrontasjon. Har Finland lært noe av sitt naboskap med Russland?», derimot.no, 14. april 2023.)

Haglund skriv m.a: «Finland har vist det før: Katastrofale politiske feilvalg – 1941». Han siktar til Finlands avgjerd om å gå saman med Nazi-Tyskland i fortsettelseskrigen (1941-44) i vona om å ta tilbake dei tapte områda i Karelen frå Vinterkrigen (1939-40). Det er vandt å kritisere Finland for dette, sjølv om det var uklokt. Kva for finske leiarar ville ikkje ta tilbake store eigne territorium, med Finlands nest største by (Viborg), som var tapt berre året i førevegen? Dei trudde vel at Tyskland ville slå Sovjetunionen, og at dette var århundrets sjanse. Leiarar som Paasikivi og Mannerheim tvilte på dette, sia dei hadde innsikt i Russlands ressursar, og evne til å mobilisere når det verkeleg gjaldt, men dei var i mindretal.

Om katastrofale feilval, så kunne vi tatt med 1939, da det verkeleg store feilgrepet skjedde. Russarane var nervøse for eit kommande tysk åtak, dei stolte ikkje på finnane, og dei ottest for at Tyskland ville få løyve til å marsjere gjennom det Karelske Neset, slik dei tidlegare, under borgarkrigen i 1918, hadde fått marsjere gjennom sørlege Finland. Russarane ville sikre storbyen Leningrad, der den finske grensa låg berre 30 kilometer unna. Hausten 1939 kravde dei å flytte grensa vestover på det Karelske Neset. Dessutan ville dei leige Hangø odde og nokre småøyar i Finskebukta. Til gjengjeld skulle Finland få nokre sokn nord for Ladoga som kompensasjon. Paasikivi, som var leiar av den finske tingingsdelegasjonen, Kekkonen og marskalk Mannerheim, leiar av den finske forsvarskommisjonen, meinte at dei sovjetiske krava var forståelege og kunne tingast om. (Alle tre vart seinare finske presidentar.)

Marskalk Mannerheim, finsk forsvarssjef under krigen og president 1944-46

Men resten av regjeringa svarte tvert nei. Russaranes trugsmål var berre bløff, meinte dei. Molotov, den sovjetiske utanriksministeren, konstaterte at no måtte soldatane seia sitt, og etter eit par veker braut Vinterkrigen ut..

Historikaren Sture Lindholm frå Ekenäs, som nettopp har gjeve ut ei Finlandshistorie for gymnasiet, skriv mykje og ope om dette (Gränsland. Finland mellan öst och väst, 2022).

Her vil vi berre minne på Kåre Willochs ord, ikkje lenge før han døydde: «Det er tåpeleg å stikke spyd i ein såra bjørn.»

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...