Derimot: Det er mange som ser tegningen: Det går mot full krise i 2023 og hva skjer da
derimot.no:
Dette innlegget er hentet fra nettstedet Veterans Today (et nettsted drevet av USA-veteraner). Jeg er skeptisk til en del av det stoffet de presenterer, men dette intervjuet av E. Michael Jones (som er en omstridt katolikk i USA) forteller hvor utbredt den kritiske holdningen til USAs politikk er blitt også i USA selv blant folk med helt ulike verdenssyn. Jeg synes de formulerer seg svært klart om forståelsen av en rekke av de problemene som møter oss og verden forøvrig ved inngangen til 2023. intervjuet er vel verdt å lese.
Knut Lindtner
Redaktør
E. Michael Jones: «Ukraina-krigen vil ta slutt i 2023 – og russarane vil vinne»
Du høyrde det her først
av Kevin Barrett, Senior-redaktør Veterans Today
I special New Year’s Edition of False Flag Weekly News spurde eg E. Michael Jones om han kunne føreseie noko om 2023. Her er ein kondensert og redigert transkripsjon:
Kevin Barrett: I fjor på denne tida gjekk vi frå 2021 til 2022. Og lite visste vi då at det skulle bli året for å gå ifrå viruset til russarane.
Så kva blir det dette året? Ein romvesen-invasjon?
E. Michael Jones: Eg veit ikkje. Det finst eit uttrykk på latin, motus in fine velocior, «ting set fart mot slutten». Så vi får ikkje eigentleg nokon pause frå krisene lenger. Det er berre det eine etter det andre. COVID-greia strauk ut den svære krisa før den … og no er vi tilbake med ein krig i Ukraina. Kven veit kva som vil skje? Men éin ting spår eg: krigen i Ukraina kjem til å ende, og russarane kjem til å vinne den. Og om dét fører til amerikanske soldatar på bakken og Tredje verdskrig og atomkrig, er noko eg førebels ikkje kan spå om.
Kevin Barrett: 2022 var året då atomkrig kom i fokus. Og eg meiner ikkje det er ein god ting. Då er vi tilbake til ‘dukk og søk dekning’-drillen! FN fortel oss at atomkrig igjen er sannsynlig. Og massemedia fortel oss kva for deler av USA som vil gå til himmels viss det blir full termonukleær krig. Og New York City legg ut ei offentleg kunngjering som ber innbyggarane i New York om å stikke hovuda sine under bordet og mellom beina og ta farvel. Nett som i det gamle hippie-oppslaget.
Så, Mike, kva trur du om dette comeback‘et til atomkrig, som var ei brennheit sak då vi var ungar tidleg på sekstitalet? Og deretter svann det liksom bort. Det vart mindre moteriktig og kult. Og no, wow, det er verkeleg! Og eg skulle ønske det ikkje var det.
E. Michael Jones: Eg var tenåring på ungdomsskulen under Cuba-krisa. Lange køer framfor skriftestolen på den tida. Og dette er langt verre. Eg stolte langt meir på John F Kennedy og Nikita Khrusjtsjov enn eg stolar på nokon i Biden-administrasjonen. Det er ei slags likesæle som gjennomstrøymer Washington no, ei slags omsynsløyse som ser ut til å vere på veg mot atomkrig. Eg trur første steg blir ei eventuell utplassering av US-amerikanske bakkestyrkar i Ukraina. Openlyst er der troppar allereie. Det er dei som styrer Himar-missilbatteria. Men vil vi få ein Vietnam-liknande invasjon frå USA-styrkar når Bakhmut fell? Bakhmut vil falle. Det er inga bøn. Spørsmålet er kva som då vil skje, og kven som har ansvaret. Kven har då kommandoen? Eg veit ikkje. Eg kan ikkje svare på det spørsmålet. Eg har berre denne kjensla av at det frå Washington kjem ei total omsynsløyse, og at der ikkje lenger er vaksne til stades.
Kevin Barrett: Det verkar absolutt slik, ja. Vel, i New York ser det ut til at borgarmeisteren, Eric Adams, ihar kommandoen. Men viss det byrjar regne kjernefysiske missil over New York City … Manhattan er ein ganske liten, tungt befolka plass. Avisa New York Times set det på spissen: spelet er over, baby. Det finst ingen stad å gøyme seg i New York. Det heile er sinnssjukt. Men det gjeld stort sett over alt. Så jaudå, det ser verkeleg ut som om rommet er tømd for vaksne. Det finst berre neokonservative i rommet. Kanskje burde vi ikkje ha late dei sleppe unna med 9/11.
2022 var året då Russland alltid var i ferd med å gå tom for våpen. Frå mars til den 26. desember gjekk Putin tom for krigsmateriell: «Russland går tom for missil.» Det er historie etter historie etter historie om at Russland er i ferd med å gå tom for våpen, men dei går aldri heilt tom. Dei må ha nokon i reserve eller trekke nokon ut av kva det no måtte vere. Ikkje veit eg.
Så la oss berre få høyre ditt perspektiv på det større spørsmålet, Mike, om korleis og korfor denne krigen tok over som den store saka i 2022.
E. Michael Jones: Vel, ein krig er ei stor sak. Men det andre poenget er at eg aldri før har opplevd slik skamlaus, krigshissande propaganda som eg no har opplevd. Og eg må seie, engelskmennene er endå verre på dette området enn amerikanarane. Skamlaus propaganda! Frå «ghost of Kiev» til kva det no no er, russarane har alltid feil.
Kevin Barrett: Ikkje gløym dei heroiske martyrane på Slangeøya.
E. Michael Jones: Martyrane på Slangeøya. Putin er døyande av ein eller annan sjukdom. Han held fram med å døy, samtidig som Russland går tom for våpen. Så eigentleg: alt ein kan seie er at dei seier presis det motsette av sanninga. Det dei eigentleg seier, er at NATO går tom for våpen. NATO har foryningskjede-problemet, ikkje russarane.
Kevin Barrett: Og Biden har helseproblem verre enn Putin har. ‘Han ramla sannsynlegvis ned trappa og væta seg’. Det høyrest ikkje ut som Putin. Det høyrest meir ut som Biden.
E. Michael Jones: Det har kome så langt at alt du treng gjere er å reversere det du les i avisa og innsjå at alt dei seier om Russland er sant for NATO.
Kevin Barrett: Dei prøvde til og med å legge skulda på Russland for bombinga av røyrleidninga Nord Stream! I fleire år har samtlege leiarar av USA ropt «denne røryleidninga kan ikkje få finnast. Den kan ikkje kome i drift. Det må ikkje skje. Vi vil hindre at det skjer!» Og så, oi, den blir blåst i veret. Og det må ha vore Putin som gjorde det.
E. Michael Jones: Ja, det er utruleg, er det ikkje? Den fyren Sikorski (som takka USA for å ha bomba Nordstream) er ein fullstendig gal mann. Men han gjorde alle ei stor teneste då han avslørte hemmelegheita med denne tweet’en:
Han er gift med Anne Applebaum, ei av desse damene som er overbeviste neokonservative. Så han er grundig innsylta i den amerikanske propagandamaskina som eggar polakkane til vitlaus russofobi. Når skal polakkane vakne opp og innsjå at om du er ein alliert, om du er den beste allierte, den viktigaste og rikaste av USA sine allierte i Europa, så kjem USA til å angripe deg og bombe røyrleidninga di, øydelegge økonomien din og forvente at du er dum nok til å gå med på det.
Kevin Barrett: Og mange av sjåarane våre betaler no høge bensinprisar takka vere dette, denne økoterroristiske gjerninga av dimensjonar som verda aldri før har sett, det verste utsleppet nokon gong til atmosfæren av substansar som forårsakar global oppvarming. Men av ein eller annan grunn verkar det som om øko-freakane som dominerer massemedia våre ikkje bryr seg.
E. Michael Jones: Vel, sjå kven som styrer i Tyskland. Kven er utanriksminister? Annalena Baerbock, som er medlem av Dei grøne.
Kevin Barrett: Korfor elskar Dei grøne å bombe gassrøyrleidningar og skape historias største utslepp av drivhusgassar?
E. Michael Jones: Eg såg nett ein medlem av det tyske parlamentet som stilte Annalena Baerbock spørsmålet: «Korfor prøver du ikkje finne ut kven som gjorde dette? Det skjedde for fleire månadar sidan, og du fortel oss enno ikkje kven som gjorde det. Korfor? Korfor er du ikkje uroa over all den metanen, i staden for over kufis?» Ei kolossal mengd metangass kom ut av røyret, og ingen snakkar om det.
Det er fullstendig krise i Tyskland no. Det er ein nasjon av sømngjengarar på vandring mot sin eigen undergang, og det ser ikkje ut som dei greier vakne.
Kevin Barrett: Slik ser det ut for meg og. Ikkje sikker på korleis det kan forklarast. Vel, når det gjeld spådommar for 2023, ligg nok du, Mike, og Russlands Medvedev omlag like godt an til å vinne konkurransen om kven som kan føreseie den verste krigen i 2023.
Men Medvedev seier han trur det vil bli krig mellom Tyskland og Frankrike neste år – eg veit ikkje korles dét skal skje – og ein borgarkrig i USA som kan føre til at Elon Musk blir president. Vel, at Elon Musk vart «chief twit» var nesten betre enn å skulle få han til president. Eg går utifrå at Det kvite hus er neste logiske steg for Elon. Men eg trur kanskje Medvedev har røykt noko då han gjorde desse prediksjonane. Eller kva trur du?
E. Michael Jones: Eg trur det er heilt vilt. Eg trur det blir alt eller ingenting: enten går NATO avstad og slår Russland fullstendig og bryt landet opp i ubetydelege vasall-statar; eller, om dei ikkje gjer det, så kollapsar NATO. Det er enten eller. Dette er akkurat den typen apokalyptiske alternativ som sirkulerer i Washington og fører til denne typen omsynsløyse.
Dei burde ha avskaffa NATO i 1991. No har det ført til denne krigen, og det blir «do or die». Og eg trur ikkje viljen finst til å støtte NATO. Om ein ser vidare enn til Frau Baerbock, ser ein alle slags demonstrasjonar i Tyskland om «lag fred med Russland. Ut av NATO». Om ein ser på Twitter, er der alle slags hashtags. Ein av dei er #AmiGoHome. Ein annan hashtag er #MorgenthauPlan. Prinsesse Gloria av Thurn og Taxis seier Dei grøne no oppfyller Morgenthau-planen, som var då Henry Morgenthau, utanriksminister under Franklin Delano Roosevelt, prøvde å svelte tyskarane ihjel. Dette sirkulerer no. Før eller seinare vil det ta av. For NATO kan ikkje halde dette gåande. Dei kan ikkje angripe sin hovudallierte og så forlange suicidal truskap til ein agenda som vil øydelegge landet. Eg meiner, finst det nokon som er så dumme? Ikkje ein gong tyskarar er så dumme.
Kevin Barrett: Ein må spørje seg: korleis kom vi hit? Som du sa, viss NATO hadde vore oppløyst og Russland tatt inn som likeverdig partnar etter Den kalde krigen, så hadde vi ikkje vore i denne situasjonen no. Men no er vi i denne sprø situasjonen der begge sider er redde for å gi seg. Det er som spelet Hauk og due. Og den som tapar, tapar alt. Russarane har ikkje råd til å tape, og dei skaffa seg ein bråte atomvåpen for å forsikre seg om at dei ikkje vil tape, for viss dei tapar så er det slutten for Russland. Russland endar opp plyndra og nedbrote og øydelagt. Men viss USA tapar, så forsvinn imperiet vårt. Så eg antar det er Hauk og due. Oppriktig talt vil eg tru amerikanarane vil bøye av først, for å miste imperiet sitt er ikkje heilt det same som å miste landet sitt. Russland ville blitt heilt utsletta som land viss dei skulle tape. Og det ville ikkje skjedd om USA hadde tapt imperiet sitt i Europa og enda opp med å måtte bli eit normalt land. Så det ville vere klokare om USA tapte.
E. Michael Jones: Det vil bli stor jubel. Dersom NATO kollapsar, vil ein høyre jubelropa herifrå til dit frå alle dei undertrykte folka i Europa som har vore vasallstatar under dette imperiet. Så russarane sin vilje til å forsvare landet sitt, vil openbert vege tyngre enn viljen til nokon i NATO, for tyskarane og andre europearar ser at dette openlyst ikkje er i deira interesse.
Kevin Barrett: Slik ser det ut for meg og. Så det er hovudgrunnen til at du føreseier at Russland vil vinne denne krigen: at dei har meir å tape. Når alt kjem til alt har dei alt å tape. Og USA berre halvparten, for imperie-aspektet ved oss er berre halvparten av kva vi er. Vi er óg ein republikk, og dét kan vi behalde, sjølv om vi tapar krigen.
Omsett av Monica Sortland
Kjelde: https://kevinbarrett.substack.com/p/e-michael-jones-the-ukraine-war-is
Forsidebilde: JOSHUA COLEMAN
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 18