Derimot.no

Derimot: Det er bare mennesker som er desperate som sprenger forsynings-rør: Verre ledere enn de vi nå har er det umulig å forstille seg.

derimot.no:

Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av og henta frå saksyndig.

Sabotasjen av Nord Stream-røyrleidningane vart mest sannsynleg gjort ved hjelp av amerikansk etterretning. Ikkje berre er Biden-administrasjonen fast bestemt på å gjere slutt på fossile drivstofftypar, men dette var ein strategisk manøver i korleis ein fører krig. Akkurat som motstandarar ville forfalske kvarandre sine valutaer i eit desperat forsøk på å underminere økonomien, for på den måten å ta frå dei evna til å føre krig, vil det å sprengje desse røyrleidningane i lufta vere eit overlagt slag for å påføre eit dødsstøyt til den russiske økonomien – dei trur dei har stilt Putin til veggs. Å gjere slutt på Russland si inntekt nummer ein, energi, trur dei vil underminere Putin og føre til ein innanlands revolusjon. Problemet for det russiske folket er at Vesten aldri vil akseptere Russland som ein likeverdig medlem. Dei ønskjer visseleg å drepe bjørnen fullstendig.

Naturlegvis er der dei som hevdar at Russland sprengde røyrleidningane. Akkurat før denne sabotasjen, sa Putin at om dei løfta sanksjonane, ville han skru på igjen gasstilførselen, som rapportert 7.september 2022. Det var ingen mogleg måte at Putin ville ha sabotert dette forhandlingskortet sitt. Han kunne berre ha stengt krana. Det forhandlingsmiddelet er no borte. Han kan ikkje no seie «løft sanksjonane, og eg skrur på igjen gassen». Dette vart gjort av klimafanatikarane som har kontrollen over dei fleste vestlege regjeringar. Til og med det å leggje skulda på Russland er i røynda bevis for at dei veit at dette var ein strategisk plan av Vesten, som mest sannsynleg vart utført ved hjelp av amerikansk etterretning.

Minsk-avtalen forhandla fram av Tyskland og Frankrike dreia seg om å late Donbas røyste rundt separasjonen sin frå Ukraina. Vesten har fullstendig gått tilbake på alt dette, og dette er gjort med vilje – for målet her er denne Great Reset og slutten på fossilt drivstoff. Krustsjov voks opp der i Donbas og sytte føre at Kiev bygde det oppatt etter Andre verdskrigen, før han vart leiaren av Russland. Etterfølgjaren hans var Bresjnev som òg vart fødd i Donbas. Området har blitt okkupert av det russiske folket sidan tsaranes dagar. Ukraina sitt grenseland var aldri Ukraina som ein nasjonalstat. Den vart trekt av Krustsjov berre for administrative føremål. Donbas og Krim var alltid i hovudsak russisk.

Vesten nektar rett og slett å anerkjenne at folket i den regionen er russiske, og naturleg vil røyste for å bli med i Russland – for dei er hata av ukrainarane. I 2014 var det Vesten som installerte ei «mellombels» regjering i Ukraina som var ikkje-valt, og dei sette straks i verk – etter ordre frå USA – ein borgarkrig og gjekk til åtak på Donbas.

Dette er so unaudsynt og eg kan ikkje førestille meg ein verdsleiar før Biden som med vilje ville ha gjort klar scena for krig mot Russland. Problemet er at Biden ikkje er mentalt kompetent. Klimafanatikarane styrer Det kvite hus. Alt dei bryr seg om, er å øydeleggje verda si evne til å produsere og dra nytte av fossilt drivstoff.

Uheldigvis har datamaskina vår aldri teke feil om desse større trendane. Det er den einaste upartiske måten å sjå framtida, for den er ikkje basert på noka menneskeleg meining, for det er alt kvar ein analytikar har til rådigheit akkurat no. Der er ikkje tvil om at desse klimafanatikarane har mist kontrollen. Dei vil drepe fleire menneske enn Marx nokosinne kunne ha førestilt seg. Tredje verdskrigen er i kjømda om vi liker det eller ikkje. Vi treng so desperat ein politisk revolusjon, slik at vi kan røyste desse folka ut av kontora sine, og styrte alle desse klimafanatikarane som kontrollerer verdsleiarar frå bak teleprompterane – dette for å i det heile teke håpe om å redusere krafta av kva som ligg bak horisonten.

Eg har møtt og gjeve råd til mange verdsleiarar. Aldri i min 40-årige karriere har eg nokosinne vore vitne til slik ei absurd gruppe av verdsleiarar som berre styrtar verda ut i ein større global krig, alt på grunn av fossilt drivstoff. Der finst ingen fredsskaparar. Som Biden, er alt dei gjer å lese orda som vart skrivne av nokon andre. Biden er inkompetent og vil føre verda over i katastrofe, og den verkeleg tragiske delen er at han ikkje har peiling på risikoane som han utset heile verdas befolkning for på grunn av fossilt drivstoff.

Forsidebilde: Judeus Samson

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 12

Les artikkelen direkte på derimot.no