Derimot: Deserteringene øker. Mange soldater forlater nå Ukrainas hær. – Derimot
derimot.no:
Soldatar deserterer frå den ukrainske hæren i hopetal
Sjå òg «Ukrainsk grensevakt har fått nok av Zelensky – hoppar av til Ungarn», publisert 29.juli 2025.
At Ukraina-krigen har vore tapt heilt frå byrjinga av, er noko stadig fleire ser ut til å ha innsett. Spesielt dei største offera i heile denne stadfortredarkrigen: ukrainarane sjølve. Trass openlys propaganda frå kokainklovnen og hans vestlege medskuldige, tvangsrekruttering frå open gate og andre brutale og ureielege taktikkar for å skaffe «kanonføde», er krigen ugjenkalleleg tapt. Soldatane på ukrainsk side veit dette, og difor gjer dei det einaste rette: dei deserterer i hopetal.
Mac Slavo på nettstaden SHTFPlan skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Når dei står overfor frykteleg tvangsrekruttering, deserterer ukrainske soldatarar òg hæren i flokk. Meir enn 400 000 ukrainske soldatar har forlate pliktene sine, inkludert friviljuge, med ingen planar om å vende tilbake til slagmarka.
Det er vanskeleg å kjempe ein krig for ei side som rett og slett ikkje kjem til å vinne. Det einaste Ukraina kan gjere er å halde krigen gåande medan dei svir av den økonomiske og militære bistanden dei har fått av Vesten.
‘Mange vil aldri vende tilbake fordi dei har prinsipp… Ein kan ikkje behandle dei friviljuge som dyr, dei som kjempa i tre år utan å sjå familien,’ har den ukrainske parlamentsmedlemmen Anna Skorokhod sagt.
Rekrutteringsplanane til Ukraina har vore skrekkelege til dags dato. All tvangsverving er umoralsk, sidan det krev makt for å utførast; derimot har Ukraina teke denne policyen til eit nytt nivå.
Skorokhod sa at mange som stikk på tjuvperm ofte vender tilbake, men at andre ikkje gjer det.
Den ukrainske journalisten Vladimir Boiko rapporterte sist månad at styresmaktene har oppretta meir enn 107 000 kriminalsaker på desertering og tjuvpermar fyrste halvdelen av 2025. Han sa at det totale talet tilfelle har passert 230 000 sidan eskaleringa av Ukraina-konflikten i 2022, der det reelle talet hendingar kanskje er endå høgare, ifølgje ein reportasje frå RT.
Faktisk, so nyleg som førre veke, utløyste tvangsvervekampanjen gjentekne valdelege samanstøyt mellom vegrande rekruttar og vernepliktsoffiserar, der sistnemnde ‘følgde ordrane’ til herskarklassen. Folkeleg misnøye med slavebindinga si skapte eit opprør i byen Vinnytsia då demonstrantar prøvde å få frigjort nyleg mobiliserte [tvangsrekrutterte] menn. Valdelege hendingar fann stad mellom demonstrantar og politi, med mange arrestasjonar.
Ukraina erklærte vernepliktsplanane sine tidleg i krigen. Den generelle mobiliseringa byrja ikkje lenge etter byrjinga på konflikten, og den forbaud menn mellom 18 og 60 å forlate landet. Sidan den tid har andre land truga med verneplikt for sine slavar òg.
Valdelege samanstøyt med skurkane frå herskarklassen (politi og vernepliktsoffiserar) aukar, sidan folk er leie av å bli herska over. Dette vil halde fram med å bli verre før det blir betre, men slaveklassen finn sakte ut at dei ikkje treng å støtte herrane sine.»
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Forsidebilde: KI-generert