Derimot: Den tiden er snart forbi.Kolonimaktene har i mange år drept radikale afrikanske ledere.

Derimot.no

derimot.no:

Afrikas Che Guevara

Korleis Frankrike tok i bruk sine skitnaste triks for å myrde ein populær reformator

Over 30 år etter mordet på presidenten av Burkina Faso, har nokre av dei ansvarlege enno ikkje blitt straffa.

RT, 2. januar, 2024

Den 4. august 1983 kom den revolusjonære marxisten Thomas Isidore Noël Sankara til makta i Fransk Øvre Volta (no Burkina Faso). Som kjempar for fridom og rettferd, avviste han kolonial avhengigheit, sette landet på ein kurs for økonomisk uavhengigheit og sosial-demokratisk utvikling, og gjennomførte innovative reformar. 

I løpet av dei fire åra han var president, oppnådde Burkina Faso rekordhøg økonomisk vekst, noko som ergra landets tidlegare koloniale makthavarar. Sankara vart myrda under eit kupp som var organisert ved hjelp av det franske militæret. Over 30 år etter dette brotsverket, er mange av forbrytarane framleis ustraffa.

Sankaras politiske veg

Den komande presidenten vart fødd i 1949, og var det tiande barnet i ein katolsk familie. Far hans, ein medlem av den franske arméen, var representant for Mossi-folket – landets største etniske greppe – og mor hans var etterkomar av Fula-folket. Den blanda herkomsten til Sankara, gjorde han til «ein tredjeklasses mann».

Øvre Volta

Som ung vart han oppmoda til å bli prest, men han valde i staden ein militær karriere. Han vart student ved eit militært akademi i Øvre Volta , og i 1970 heldt han fram studiane sine på Madagaskar, der han vart uteksaminert som offiser. På Madagaskar fekk han kjennskap til arbeida til Karl Marx og Vladimir Lenin, studerte grunnleggande politisk vitskap og politisk økonomi, og han vart interessert i revolusjonære idéar.

Medan Sankara budde på Madagaskar vart landets autoritære leiar, Philibert Tsiranana, som pleia nære band med Frankrike og søkte å styrke banda til Vesten, avsett. Det fekk den unge Sankara på tanken om at det kunne vere mogleg å endre regimet i hans eige heimland.

Sankara returnerte til Øvre Volta to år seinare, og greidde å sette sine militære evner ut i praksis. Han gjekk inn i ei fallskjermsoldatavdeling, og i 1974 kjempa han mot Mali då landet gjorde hevd på dei ressursrike landområda i nord-austre Øvre Volta.

Thomas Isidore Noël Sankara

Den framtidige revolusjønæren drog deretter til Marokko, der han traff folka som seinare skulle hjelpe han til makta – Blaise Compaoré, Henri Zongo og Jean-Baptiste Boukary Lingani. Sameinte av felles revolusjonære ideal, danna dei unge offiserane ein organisasjon kalla Gruppa av kommunistiske offiserar.

«Ulykke for dei som kneblar folket!»

I 1981 vart Sankara informasjonsminister i regjeringa til Saye Zerbo, som hadde kome til makta i eit kupp året før. Men berre eit år seinare slutta Sankara frivillig i posten sin og snakka ut om korleis regjeringa undertrykte opposisjonen og forbaud fagforeiningar. «Ulykke for dei som kneblar folket!» var slagordet hans.

Tidleg i 1983 returnerte Sankara til regjeringa, denne gongen som statsminister. Han deltok på kongressen til Rørsla av alliansefrie statar, eit internasjonalt forum som det året vart halde i New Delhi. Medan han var i India, trefte han Fidel Castro og Samora Machel – dei vidkjende revolusjonærane frå Cuba og Mosambik.

Sankaras popularitet vaks stadig. Hans velformulerte talar og fordømming av imperialisme og nykolonial avhengigheit fekk støtte frå opposisjonen i Ouagadougou. Men på grunn av hans reformvenlege og radikale synspunkt, som stod i motsetning til regjeringas offisielle standpunkt, vart han berre i posten som statsminister i under seks månadar. Avgangen hans vart forenkla av ankomsten til den franske presidentens rådgivar for afrikanske spørsmål, Jean-Christophe Mitterrand, som kritiserte synspunkta til den unge statsministeren og trua med å sette inn sanksjonar dersom han heldt fram på same politiske kurs.

Sankara vart ikkje berre fjerna frå stillinga si – han vart også sett i husarrest. Men etter at veksande folkeleg misnøye gjekk over i masseprotestar, vart president Jean-Baptiste Ouédraogo tvinga til å lauslate han.

Sankara si politiske erfaring overtydde han om at sosialistiske idéar ikkje kunne implementerast under den sittande regjeringa. I eit forsøk på å betre liva til folket i Øvre Volta, starta han saman med kollegaane frå Gruppa av kommunistiske offiserar i juni 1983 å førebu eit militærkupp.

«Null tillit til dette gigantiske bedraget av historia»

Den 4. august 1983 tok Blaise Compaoré hovudstaden og kunngjorde at landet skulle styrast av Det nasjonale revolusjonsrådet (CNR), leidd av Sankara. Fem dagar seinare forsøkte offiserskorpset seg på eit motkupp, som vart slått ned av CNR. Det vart danna ei ny regjering som inkluderte representantar for nasjonale kommunistforbund.

Hovudmålet til Sankara var å omforme statsstrukturen. Danninga av eit sosialistisk samfunn og utviklinga av landets økonomiske uavhengigheit var nokre av hovudprioritetane til den nye regjeringa.

For å bryte banda til kolonitida, vart landets namn endra i august 1984. Øvre Volta vart kjend som Burkina Faso,som på mooré og dyula-språka betyr «landet av ærlege menneske». Den nye sosialistiske regjeringa endra også statssymbola. Det raude på flagget symboliserte blodet som dei revolusjonære hadde mista og dei mange offera til folket i Burkina Faso, det grøne stod for overfloden av jordbruksrikdommar, og den gulgrøne stjerna reflekterte revolusjonens rådande ideologi.

Den 4. oktober 198 gav Sankara ein tale med tittelen «Fridom kan berre vinnast gjennom kamp» under den 39. sesjonen til FNs generalforsamling i New York. Han sa Burkina Faso ikkje ville bli ein alliert av Vest- eller Aust-blokkene, og at intensjonen var å utvikle partnarskap med andre utviklingsland i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Han snakka og om at han ville gjennomføre økonomiske reformar utan utlandsk innblanding, og nekta å ta imot økonomisk assistanse frå Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdsbanken og Frankrike.

«Vi plasserer oss innanfor denne verda, gir null tillit til dette gigantiske bedraget av historia, og vil heller ikkje akseptere statusen som ‘mette Vestens innland’. Vi gjer det slik for å stadfeste vårt medvit om at vi tilhøyrer ein trikontinental heilskap, og for å anerkjenne – som eit ikkje-alliert land og med den fulle tyngda av våre overbevisningar – at ein spesiell solidaritet sameiner dei tre kontinenta Asia, Latin-Amerika og Afrika i éin kamp mot dei same politiske gangsterane og dei same økonomiske utbyttarane,» erklærte Sankara. 

Sankara lanserte storstilte reformar som skulle hjelpe landets fattige, som utgjorde storparten av befolkninga. Tiltaka dekka alle aspekt av offentleg liv, inkludert økonomi, utdanning og rettane til kvinner og barn. Til å styrke det sosialistiske systemet vart det oppretta nye eksekutivorgan og komitéar til forsvar av revolusjonen (CDR’ar) og ein ungdomsorganisasjon kalla Revolusjonens pionerar.

Fra Burkina Faso

Sankara ville etablere ein økonomi som ikkje skulle vere avhengig av import frå utlandet. «Mange spør ‘Kor er det imperialisme?’. Sjå på tallerkane dykkar når de et. Desse importerte korna av ris, mais og hirse – dét er imperialisme,» sa han. For å nå dette målet, var det nødvendig å utvikle produksjonen i landet. «CDR’ane er der for å produsere» vart eit av slagorda til den nye økonomiske politikken,

Sankara fokuserte på utviklinga av landbrukssektoren for å hindre matmangel i Burkina Fasos tørre klima. Han ville betre infrastrukturen for jordbruk i staden for å fokusere på industrialisering, som for han var synonymt med imperialisme. For å hjelpe bøndene, introduserte han økonomiske tiltak som til dømes jordbruksreformen (som inkluderte omfordeling av land, reduserte land-avgifter og nye kooperativ) og ny pris- og skattepolitikk. Regjeringa introduserte og eit statleg program for lokal distribusjon av korn, og innskrenka privat sal av matvarer – tiltak som reduserte landets avhengigheit av import frå nabolandet Elfenbeinskysten.

Sosialpolitikken til regjeringa hans inkluderte bygging av offentlege bustadar (kjende som «4. august-byane») til å erstatte slumområda, reduserte husleiger og alfabetiseringskampanjar. Helsevesenet vart også utvida – regjeringa starta vaksinering av 2,5 millionar barn, reduserte barnedødelegheita og sørga for helsetenester også på bygda. Under Sankara fekk kvinner og menn like rettar, og omskjering av kvinner, tvangsekteskap og polygami vart forbode. For første gong i landets historie vart kvinner utnemnde til toppstillingar i staten.

Kampen mot korrupsjon var viktig for Det nasjonale revolusjonsrådet, og kvar offentleg tenestemann hadde plikt til å levere informasjon om inntektene sine. Det var til og med eit radioprogram der folk kunne fortelle om tilfelle av korrupsjon.

Reformane let landet nå eit historisk rekordhøgt brutto nasjonalprodukt per capita. Men Revolusjonsrådet hadde rett og slett ikkje nok tid til å løyse alle dei sosiale og økonomiske problema.

Burkina Faso sine vellykka sosiale reformar og det at dei standhaftig nekta å ta imot bistand frå utlandet, forårsaka uro i Frankrike og dei afrikanske nabolanda som var avhengige av den tidlegare metropolen. I 1986, på den franske regjeringas initiativ, var det halde ein konferanse i byen Yamoussoukro på Elfenbeinskysten. Møtet, der leiarane for nabolanda deltok, kravde at Sankara skulle slutte med sin reformaktivitet.

«Ein kan ikkje drepe idéar»

Blaise Compaoré

Den 15. oktober 1987, i ein alder av 37 år, vart Sankara myrda under eit kupp organisert av den same Blaise Compaoré som hadde hjelpt han kome til makta. Styrtinga av den sosialistiske presidenten vart forklart med at politikken hans hadde sett forholdet til Elfenbeinskysten og Frankrike på spel.

Vasily Filippov, som har ein doktorgrad i historie og er ein leiande forskar på Senter for tropiske afrikanske studiar under Det russiske vitskapsakademiets Institutt for afrikanske studiar, skreiv ein artikkel med tittelen «Afrika-politikken til Francois Mitterrand». I denne skildra han mordet på Sankara som «eit av Jean-Christophe Mitterrands skitnaste triks».

Historikaren fortel at Sankara sine reformar vart ugjorte «under Frankrikes årvakne kontroll og direkte deltaking». Trass i at regjeringa vart styrta på ukonstituell måte, vurderte Paris hendingane som «demokratiseringsprosessar» og legitimerte makta til Compaoré. I 2001 vart den tidlegare kuppmakaren anerkjend som «Frankrikes næraste ven» i vest-Afrika.

Ei rekke revoltar har skaka opp Øvre Volta sidan landet vart uavhengig, men Sankara er så langt den einaste leiaren som har blitt myrda. I motsetning til Sankara, har landets tidlegare leiarar følgs ein konservativ politikk, likegyldige overfor elendet til folket og pleiande sterke band med dei tidlegare koloniherrane.

I 2015 anklaga enka etter den tidlegare leiaren, Mariam Sankara, Frankrike for å ha organisert mordet og kravde at regjeringa skulle legge fram dokument knytte til perioden då Sankara var president og hendingane i 1987. To år seinare lova Frankrikes president Emmanuel Macron å oppheve hemmelestempelet på informasjonen, og tre arkiv vart overførte til Burkina Faso.

Blant papira var ein protokoll datert 16. oktober 1987, publisert av den franske avisa L’Humanité i april 2021. Den stadfesta at det franske militæret var involvert i organiseringa og utføringa av mordet på Sankara.

Hausten 2021 heldt regjeringa i Burkina Faso ei rettssak om mordet på Sankara. Våren året etter vart Compaoré, som hadde sete med makta i 27 år, dømd til livstid i fengsel. Men så langt er det berre representantar frå Burkina Faso som har blitt dømde.

I 2022 kom offiseren Ibrahim Traoré til makta. Burkina Fasos nye Ministerråd proklamerte offisielt Sankara som nasjonalhelt, og den 15. oktober vart erklært nasjonal minnedag. Regjeringa har og planar om å bygge eit mausoleum på staden for mordet, og Charles de Gaulle Boulevard, som ligg rett ved minnemerket, er omdøypt til ære for den avlidne presidenten.

Sankara vart eit symbol for revolusjonen til Burkina Faso og kampen for rettferd. Han blir ofte kalla «Afrikas Che Guevara» og «den ærlegaste presidenten» for sitt strev med å hjelpe vanlege folk. Trettiseks år etter døden er han framleis like populær og symboliserer kampen for endring. Den uavhengige kursen han sette, er ein arv som den noverande regjeringa i Burkina Faso støttar – ei regjering som, nett slik Sankara gjorde, opponerer mot samarbeid med sine tidlegare koloniherrar.

Av  Daria Sukhova, forskningspraktikant ved Senter for afrikanske studiar, HSE-universitetet

Omsett av Monica Sortland

https://www.rt.com/africa/589422-africa-burkina-faso-france/ 2. januar, 2024

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar