Derimot: Den russiske bjørnen løfter labben. Kommer en storoffensiv i nærmeste framtid.

derimot.no:

16. oktober 2022 av Larry Johnson 

Larry Johnson er tidligere CIA-analytiker

Trass i Vesten sine rapportar om at Russland er på felgen og på vikande front, så fortel realitetane i felten ei anna historie. For det første: dei av Russlands allierte som framleis har ambassade i drift i Kiev, stenger no dørene og gir personalet ordre om å forlate Ukraina. Det inkluderer Kina, Tadsjikistan, Kirgisistan, Usbekistan, Turkmenistan, Serbia, Kviterussland, India og Egypt. Legg merke til at desse ambassadane har vore opne under dei siste sju månadane av krigen med Russland. Avgjerda om nedskjeringar eller driftsopphøyr er ein indikator på at desse landa forventar ei stor eskalering av krigen frå Russland si side i nær framtid.

Ein annan indikasjon på at Russland rustar seg for ein ny offensiv, kjem via Kviterussland (Belarus). Sjå på desse to videoane:

Merknad –Køyretøya i neste video er merka med eit nytt taktisk teikn, ein kvit triangel med talet 2 inni. 

Ein gjer ikkje dette med køyretøy som skal plasserast i defensive posisjonar langs grensa til Ukraina. Det er ein tilleggsindikator på at Russland og Kviterussland kan ha planar om å starte ein fellesoperasjon frå nord, som vil utgjere ein direkte trussel mot Kiev.

Russiske køyretøy med ny taktisk merking

Kviterussarane tonar ned oppbygginga: Kviterussland har plassert ut større grensedetasjement og mobile grupper med grensevakter til å forsvare grensa til Ukraina på bakgrunn av auka etterretningsaktivitet på den ukrainske sida, sa Anton Bytsjkovsky, offisiell representant for Republikken Kviterusslands Statsgrensekomité.

https://t.me/intelslava/39316

Medan Russland forsterkar styrkane sine i Kviterussland, kom den russiske øvstekommanderande for militære operasjonar i Ukraina, general Surovikin, med følgande kommentar nyleg: Eg ønsker ikkje å ofre liva til russiske soldatar i ein partisankrig med hordar av fanatikarar væpna av NATO. Vi har nok kraft og tekniske middel til å føre Ukraina til total kapitulasjon.

https://t.me/UkraineHumanRightsAbuses/11836

Generalen, som kjenner kapasiteten til styrkane han har kommandoen over og veit kva oppdrag han og staben hans planlegg for dei, er med andre ord trygg på at han har dei midla som trengst til å tvinge Ukraina til å overgi seg. Han nemner ikkje forhandlingar. Ordet kapitulasjon er ikkje tvetydig.

Det er også mogleg at dette er ein utspekulert finte, designa for å tvinge Ukraina til å utplassere allereie svekka styrkar på nordgrensa, for å forsvare seg mot ein eventuell invasjon frå nord. Det skulle gjere det vanskeleg, om ikkje umogleg, for Ukraina å sende forsterkingar tidsnok til sør, dersom Russland bestemmer seg for å starte ein offensiv for å reinse Republikken Donetsk eller angripe Nikolajev.

All denne rørsla i felten skjer mot bakteppe av eit veksande politisk kaos i Vesten. USA, under leiarskapen til den demente Joe Biden, har gitt seg ut på ein utanrikspolitikk som tydelegvis er designa for å terge opp og fornærme allierte. Saudiarabarane kjenner seg behandla som spedalske. Ifølge Reuters:USAs president Joe Biden vil agere «metodisk» når han avgjer korleis han skal svare Saudi Arabia etter oljeproduksjonskutta, men alternativa inkluderer endringar i USA sin sikkerheitsassistanse, seier sikkerheitsrådgivar til Det kvite hus, Jake Sullivan. . . .Samtidig veks spenninga mellom landa sterkt. Biden har ikkje lenger planar om å møte den saudiske kronprinsen Mohammed bin Salman Al Saud på sidelinja under G20-møtet i november.

https://www.reuters.com/world/middle-east/biden-will-act-methodically-re-evaluating-us-saudi-relationship-sullivan-2022-10-16/

Saudiane er ikkje dei einaste som rasar over bølleriet til USA. Franskmennene talar også ut om misnøyen sin: Le Maire talte måndag til nasjonalforsamlinga, og sa at «Konflikten i Ukraina må ikkje ende med amerikansk økonomisk dominans og ei svekking av EU.»
.
Frankrikes finansminister Bruno Le Maire har åtvara om at USA ikkje bør få lov til å dominere den globale energimarknaden medan EU lir av konsekvensane av Ukraina-krigen.
.
Han kallar det uakseptabelt at Washington «sel sin flytande gass til fire gongar prisen som dei set for sine eigne industrialistar,» og legg til: «den økonomiske svekkinga av Europa er ikkje i nokons interesse.»

https://t.me/azmilitary11/25583

I staden for å prøve å skaffe vennar og påverke andre, følger Bidens Nasjonale sikkerheitsteam no ei linje der dei irriterer vennar og gjetar fiendar med piggstav. Ikkje akkurat ei oppskrift på suksess. Sanninga er at USA ter seg slik at dei sannsynlegvis vil isolere seg frå andre land etterkvart som dei globale økonomiske tilhøva forverrar seg og krigen i Ukraina surnar meir og meir for USA. Eg mistenker at Russland har denne faktoren med i betraktninga i strategien sin for å slå Ukraina og nøytralisere USA.

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Zdeněk Macháček

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 1

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...