Derimot: Den inneholder tre kjerne-elementer. Ukrainakonflikten har lange historiske røtter. – Derimot
derimot.no:
Vesten og konflikten i Ukraina
av Thierry Meyssan
Fred i Ukraina vil kanskje ikkje løyse noko som helst. Denne krigen er ikkje forårsaka av russisk ekspansjonsvilje, som den atlantiske propagandaen forsikrar oss om, men av ekte problem. Viss ein nøyer seg med å anerkjenne ei endring av grenselinjene, vil ein ikkje ta tak i innhaldet.
Denne krigen er er resultat av utvidinga av NATO utan respekt for avgitte lovnadar; ei utviding som direkte truar sikkerheita til Russland, som har så vidstrekte grenser at dei ikkje kan forsvarast. Med den hensikt å utvide seg heilt til Ukraina, har NATO midlertidig støtta nynazistiske grupper der, som så vart sette til makta og har innført sine lover i landet. I tillegg kjem gjenoppblomstringa av ein påstått kulturkrig mellom europeiske og asiatiske verdiar. Det blir ingen ekte fred så lenge Vesten ikkje held det dei lovar.

Tre problem overlappar kvarandre:
1— NATOs ekspansjon austover og Brzeziński-doktrinen
Då aust-tyskarane sjølve reiv Berlin-muren (9. november, 1989), forhandla dei overraska Vest-maktene om slutten for Vest- og Aust-Tyskland. Gjennom heile 1990 kom spørsmålet opp om ei tysk gjenforeining ville bety om Aust-Tyskland ville gå med i NATO eller ikkje.
Då Atlanterhavsalliansen sin traktat vart signert i 1949, forsvarte den ikkje visse territorium hos visse underskrivarar. Til dømes var ikkje dei franske territoria i Stillehavet dekka (Réunion, Mayotte, Wallis og Futuna, Polynesia og Ny-Kaledonia). Det hadde derfor vore mogleg at NATO, i eit foreint Tyskland, ikkje ville fått løyve til å stasjonere seg i Aust-Tyskland.
Dette spørsmålet er svært viktig for dei sentral- og aust-europeiske statane som vart angripne av Tyskland under Andre verdkrig. Slik folk der såg det, var det urovekkande å sjå sofistikerte våpen installert på grensene deira. Endå verre var det for Russland, som har ei langstrekt grense (6600 kilometer) det ikkje er mogleg å forsvare.
På Malta-toppmøtet (2.-3. desember 1989) mellom presidentane til USA og Russland, George Bush (faren) og Mikhail Gorbatsjov, argumenterte USA for at dei ikkje hadde intervenert for å få Berlin-muren riven, og at dei ikkje hadde til hensikt å intervenere mot SSSR på det tidspunktet[1].
Vest-Tysklands utanriksminister Hans-Dietrich Genscher slo fast at «endringane i aust-Europa og den tyske gjenfoeiningsprosessen ikkje må føre til eit ‘angrep på sovjetiske sikkerheitsinteresser’». Altså burde NATO utelukke ein ‘ekspansjon av territoriet sitt austover, dvs. å nærme seg dei sovjetiske grensene’.
Vest-Tysklands tre okkupasjonsmakter, USA, Frankrike og Storbritannia, forplikta seg difor gjentatte gongar til å ikkje ekspandere NATO austover. Moskva-traktaten (12. september 1990) føresette at eit gjenforeint Tyskland ikkje ville gjere hevd på territorium frå Polen (Oder-Neisse linja), og at det ikkje skulle finnast NATO-basar i aust-Tyskland [2].

Men russarane vart informerte om at viseutanriksminister Richard Holbrooke turnerte rundt i hovudstadane for å førebu NATO-medlemskap for tidlegare Warszawa-pakt-statar. President Boris Jeltsin snakka difor med motparten sin, Bill Clinton, på Budapest-toppmøtet (5. desember 1994) til Konferansen for sikkerheit og samarbeid i Europa (KSSE). Han sa: «Haldninga vår til NATO sine utvidingsplanar – og spesielt det som handlar om å flytte infrastruktur austover – er og blir utan tvil negativ. Argument som at ei utviding ikkje er retta mot nokon stat og er eit steg i retning danninga av eit samla Europa, vil ikkje tole kritikk. Dette er ei avgjerd som vil få konsekvensar som fastset konfigurasjonen av Europa i åra som kjem. Det kan føre til ei forverring av tilliten mellom Russland og landa i Vesten. […]
NATO vart oppretta under Den kalde krigen. I dag, ikkje utan vanskar, søker dei sin plass i det nye Europa. Det er viktig at denne tilnærminga ikkje skapar to demarkasjonslinjer, men tvert imot at den konsoliderer europeisk einskap. Dette målet står for oss i strid med NATO sine ekspansjonsplanar. Korfor så frø av mistillit? Trass alt er vi ikkje lenger fiendar; vi er alle partnarar no. Året 1995 markerer femtiårsdagen for slutten på Andre verdskrig. Eit halvt hundreår seinare blir vi stadig meir klare over den sanne viktigheita av den store sigeren og kor nødvendig det er med ei historisk forsoning i Europa. Der må ikkje lenger finnast motstandarar, vinnarar og taparar. For første gong i historia har kontinentet vårt ein ekte sjanse til å finne einskap. Å ikkje gripe den, er å gløyme lærdommane frå fortida og stille spørsmål ved sjølve framtida.”
Bill Clinton svarte: «NATO vil ikkje automatisk ekskludere nokon nasjon frå medlemskap. […] Samtidig vil ikkje nokon annan nasjon få lov til å legge ned veto mot ei utviding.” [3].
På dette toppmøtet vart det signert tre memorandum, inkludert eitt med uavhengige Ukraina. I byte mot at Russland rusta ned atomvåpenlageret sitt, forplikta Storbritannia og USA seg til å avstå frå truslar eller maktbruk mot den territorielle integriteten eller politiske uavhengigheita til Ukraina.
Men under Jugoslavia-krigen intervenerte Tyskland, som NATO-medlem. Dei trente kosovarske krigarar på NATO-basen i Incirlik (Türkiye), og utplasserte deretter sine folk der.
Men på NATO-toppmøtet i Madrid (8. og 9. juli 1997) kunngjorde statssjefane og regjeringssjefane til alliansen at dei førebudde medlemskap for Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Polen. I tillegg vurderte dei også Slovenia og Romania.
Klare over at dei ikkje kunne hindre ein suveren stat i å gå inn i alliansar, men bekymra for konsekvensane for si eiga sikkerheit med alt som blir førebudd, intervenerte Russland i Konferansen for sikkerheit og samarbeid i Europa på Istanbul-toppmøtet (18. og 19. november 1999). Det vart vedtatt ei erklæring som fastslår prinsippet om at suverene statar fritt kan bli medlem i dei alliansane dei vil, og prinsippet om å ikkje ta åtgjerder for eiga sikkerheit som er til skade for nabolands sikkerheit.
Men i 2014 organiserte USA ein fargerevolusjon i Ukrainea som styrta den demokratisk valde presidenten (som ønska å halde landet halvvegs mellom USA og Russland) og installerte eit nynazistisk regime som var ope aggressivt mot Russland.
I 2004 gjekk Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia med i NATO. I 2009 var det Albania og Kroatia, I 2017 Montenegro. I 2020 Nord-Makedonia. I 2023 Finland, og i 2024 Sverige. Alle lovnadar hadde blitt brotne.
Om vi skal forstå korleis vi ende opp slik, lyt vi også vite kva USA tenkte.
I 1997 publiserte president Jimmy Carter sin tidlegare sikkerheitsrådgivar, polsk-amerikanaren Zbigniew Brzeziński, The Grand Chessboard. I denne diskuterer han “geopolitikk” i si opprinnelege betydning, dvs. ikkje geografiske forhold sin påverknad på internasjonal politikk, men ein plan for verdsherredøme.
Ifølge han kan USA forbli den leiande makta i verda ved å alliere seg med europearane og isolere Russland. Den pensjonerte amerikanske Demokraten tilbaud Straussianarane ein strategi for å halde Russland i sjakk, men utan å gi dei rett. Han støttar samarbeid med Den europeiske unionen, medan Straussianarane tvert imot ønsker å bremse den utviklinga (Wolfowitz-doktrinen). Uansett skulle Brzeziński bli rådgivar også for president Barack Obama.
2- Nazifiseringa av Ukraina
I starten av spesialoperasjonen til den russiske arméen i Ukraina erklærte president Vladimir Putin at hans første mål var å denazifisere landet. Vesten let til å ignorere problemet. Dei skulda Russland for å overdrive nokre marginale fakta, sjølv om hadde blitt observerte i stor skala i eit tiår.
Dei to rivaliserande US-amerikanske geopolitikarane, Paul Wolfowitz og Zbigniew Brzeziński, hadde nemleg danna ein allianse med dei “integrale nasjonalistane” (dvs. med disiplane til filosofen Dmytro Dontsov og milits-leiaren Stepan Bandera) [4], på ein konferanse organisert av sistnemnde i Washington i 2000. Det var denne alliansen forsvarsdepartementet sette sin lit til i 2001, då dei flagga ut si forskning på biologisk krigføring til Ukraina, under tilsyn av Antony Fauci, som då var helserådgivar for utanriksminister Donald Rumsfeld. Det var også denne alliansen som utanriksdepartemetet sette sin lit til i 2014, med Euromaidan-fargerevolusjonen.
Dei to ukrainske jødiske presidentane, Petro Porosjenko og Volodymyr Zelensky, gav løyve til at det vart reist minnemerke for å heidre nazi-kollaboratørar i heile landet, og spesielt i Galitsja. Dei tillet at Dmytro Dontsov sin ideologi vart den historiske referansen. Til dømes tilskriv det ukrainske folket i dag den store hungersnauda i 1932-1933, som forårsaka mellom 2,5 og 5 millionar dødsfall, til eit imaginært russisk ønske om å utrydde ukrainarane; ein grunnleggande myte som ikkje toler historisk gransking [5], for denne hungersnauda råka faktisk mange regionar av Sovjetunionen. Vidare har Kiev ved hjelp av denne løgna klart å få folket sitt til å tru at den russiske arméen ønska å invadere Ukraina. I dag har fleire dusin land, inkludert Frankrike [6] og Tyskland [7], vedtatt – med overveldande majoritet – lover eller resolusjonar som gjer gyldig denne propagandaen.
Nazifiseringa er meir kompleks enn vi trur: med NATO sitt engasjement i denne proksykrigen, har Centuria-ordenen, dvs. dei ukrainske integrale nasjonalistane sitt hemmelege selskap, penetrert NATO-styrkane. I Frankrike er dei allereie til stades i Gendarmeriet (som forresten aldri har offentleggjort rapporten sin om Butsja-massakren).
Dagens Vesten lir av den feiloppfatninga at nazistar var kriminelle som først og fremst massakrerte jødar. Dette er totalt feil. Hovudfienden deira var slavarane. Under Andre verdskrig myrda nazistanerld mange folk, først med skyting og deretter, frå 1942 av, i leirar. Dei slaviske sivile offera for den nazistiske rase-ideologien var fleire enn dei jødiske offera (rundt 6 millionar om vi reknar dei som vart skotne og dei som vart drepne i leirane). Sidan nokre av offera var både slaviske og jødiske, er dei inkludert i begge estimata. Etter massakrane i 1940 og 1941 vart rundt 18 millionar menneske med allslags bakgrunn internerte i konsentrasjonsleirar. Av desse vart totalt 11 millionar myrda (1 100 000 av dei berre i leiren Auschwitz-Birkenau) [8]..
Sovjetunionen, som vart riven opp under den bolsjevikske revolusjonen, vart ikkje gjenforeint før i 1941, då Josef Stalin danna ein allianse med den ortodokse kyrkja og sette stopp for massakrane og politiske interneringar («gulag’ane») for å kjempe mot den nazistiske invasjonen. Sigeren over raseideologi la grunnlaget for dagens Russland. Det russiske folket ser seg sjølve som motstandarar av rasisme.
3— Russlands utestenging frå Europa
Det tredje stridspunktet mellom Vesten og Russland oppstod ikkje før, men under den ukrainske krigen. Vesten vedtok ulike tiltak mot det som Russland symboliserte. Sjølvsagt vart unilaterale tvangstiltak (feilaktig kalla “sanksjonar”) sett i verk på regjeringsnivå, men diskriminerande tiltak vart også iverksett på innbyggarnivå. Mange restaurantar tok ikkje inn russiske gjestar og russiske show i Europa vart avlyste.
Symbolsk aksepterte vi idéen om at Russland ikkje er europeisk, men asiatisk (noko deler av landet faktisk er). Vi har revurdert dikotomien frå Den kalde krigen, då det var den frie verda (kapitalistisk og religiøs) mot det totalitære spøkelset (sosialistisk og ateistisk), til ei motsetning mellom Vestlege verdiar (individualistiske) og asiatiske (kollektivistiske).
Bak dette skiftet dukkar raseideologiar atter opp til overflata. Eg la for tre år sidan merke til at New York Times’ 1619 Project og president Joe Biden sin woke-retorikk faktisk var, kanskje ikkje med meining, ei omvendt reformulering av rasisme [9]. Eg ser at president Donald Trump i dag deler mitt syn og har systematisk oppheva alle woke-innovasjonane til forgjengaren. Men skaden har skjedd: førre månad reagerte Vesten på kinesarane sitt nye DeepSeek med å fornekte at asiatar kan ha funne opp, og ikkje kopiert, slik programvare. Einskilde statlege etatar har til og med forbode sine tilsette å bruke programmet, noko som ikkje er noko anna enn ei stigmatisering av “den gule faren”.

4- Konklusjon
Sentralt i forhandlingane no, står det som er handgripeleg av folk flest: grenselinjene. Men det viktigaste ligg ein annan stad. Om vi skal leve saman, kan vi ikkje sette andre si sikkerheit i fare; vi lyt anerkjenne dei andre som våre likeverdige. Dette er mykje vanskelegare, og det involverer ikkje berre regjeringane våre.
Frå eit russisk synspunkt ligg det intellektuelle opphavet til dei tre problema vi har granska her i den angelsaksiske avvisninga av Folkeretten [10]. På det atlantiske toppmøtet under Andre verdskrig vart faktisk USAs president Franklin D. Roosevelt og den britiske statsministeren Winston Churchill samde om at etter at dei hadde vunne krigen, skulle dei sørge for at resten av verda vart underlagt deira lover. Det var under press frå Sovjetunionen og Frankrike at dei aksepterte FN-statuttane, men dei heldt fram med å ignorere dei og tvinga Russland til å boikotte organisasjonen då dei nekta Folkerepublikken Kina retten til ein plass i FN. Eit openlyst døme på Vestens dobbeltmoral er staten Israel, som trakkar på hundre resolusjonar frå Sikkerheitsrådet, generalforsamlinga og erklæringar frå Den internasjonale domstolen (ICJ). Det var derfor Moskva den 17. desember, 2021, då krigen i Ukraina nærma seg, føreslo for Washington [11] å hindre krigen ved å signere ein bilateral traktat som gav fredsgarantiar [12]. Idéen med denne teksten var at USA skulle gi avkall på den «regel-baserte» ordenen og byrje rette seg etter Folkeretten. Verken meir eller mindre. Denne retten, slik russarane og franskmennene førestilte seg den rett før Første verdskrig, består berre av å halde ordet sitt i tråd med folkeopinionen.
Omsett av Monica Sortland
[1] «NATO Expansion: What Gorbachev Heard», National Security Archibves, November 24, 2021.
[2] «NATO Expansion: What Yeltsin Heard», National Security Archives, March 16, 2018.
[3] «NATO Expansion – The Budapest Blow Up 1994», National Security Archives, November 24, 2021.
[4] “Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022.
[5] « L’Holodomor, nouvel avatar de l’anticommunisme «européen» » (extrait de Le Choix de la défaite), Annie Lacroix-Riz (2010). Famine et transformation agricole en URSS, Mark Tauger, Delga (2017).
[6] «Proposition de résolution portant portant sur la reconnaissance et la condamnation de la grande famine de 1932 1933, connue sous le nom d’ » holodomor », comme génocide »», Assemblée nationale, Texte adopté, le 28 mars 2023.
[7] While the Bundestag services carried out a study on this deception in 2008. Fragen zur ukrainischen Geschichte im 20. Jahrhundert. Die Hungersnot in der Ukraine 1932/33 («Holodomor») sowie die Folgen der Resowjetisierung nach Ende des Zweiten Welkrieges.
[8] The Great Patriotic War, The anniversary statistical handbook, Rosstat (2019).
[9] “Joe Biden reinvents racism”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 11 May 2021.
[10] “What international order?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 7 November 2023.
[11] “Russia wants to force the US to respect the UN Charter”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 4 January 2022.
[12] “Draft Treaty betweeen the USA and Russia on Security Guarantees”, and “Draft Agreement on measures to ensure the security of Russia and NATO”, Voltaire Network, 17 December 2021.
Forsidebildet er KI-generert