Derimot: Den første av de syv dødssyndene: Hovmod. Den fører til Overmot. – Derimot

derimot.no:

Vi republiserer dette innlegget til Hans Olav Brendberg som er evig aktuelt.

Knut Lindtner

Overmot

Hans Olav Brendberg

Hovmod som er ei av dødssyndene fører til overmot. Medan motet skapar og byggjer, vil overmotet leida til havari og øydeleggjing. Medan motet er ei individuell dygd, er overmotet ofte eit produkt av flokkmentalitet – vi hissar kvarandre til ting vi ikkje ville gjort kvar for oss.

Begikk man en av de de syv dødssynder havnet en lukt i helvete ifølge gammel katolsk tradisjon. De syv er følgende synder: Hovmod, misunnelse, vrede, latskap gjerrighet, fråtseri og utukt. «Hovmod er overdreven stolthet og selvhevdelse med ringeakt for andre. Det motsatte er ydmykhet. Hovmod regnes som en av de sju dødssyndene i katolsk teologi. Wikipedia«

Ytringsfridom tyder ikkje at alle skal få seia kva dei vil. Ytringsfridomen er avgrensa av lova. Men ytringsfridomen tillet ikkje førehandssensur. Ulovlege ytringar skal dømast i retten i ettertid, ikkje hindrast i forkant.

Politiet kan på ymse grunnlag hindra demonstrasjonar. Men i utgangspunktet har ein borgar eller ein lovleg organisasjon høve til å arrangera offentlege møte på torg og gater, etter å ha fått løyve til slikt arrangement.

Det som ikkje er lov, er å hindra eller øydeleggja lovlege møte med støy eller oppløp. Det er handlingar som kjem inn under paragrafane om ordensforstyrring.

Den organiserte antirasismen har no to alternativ.

Ytringsfrihet er først og fremst mine meningsmotstanderes sin rett til å ytre seg.

Anten kan ein samla breitt for å visa avsky for SIANS bodskap, i god avstand, og utan mål om å hindra lovlege arrangement. Ein kan gå ut med tydeleg bodskap om at dette er målet, og gjera alt ein får til for å samla inn alle fraksjonar kring ein ambisjon om at dette er det beste ein får til nett no.

Eller ein kan halda fram med å ha som ambisjon om at ein neste gong skal hindra SIAN med eggekasting og støy, utan at det tek av i gateslag.

Den andre strategien kjem til å enda i nye gateslag, og er eit utslag av politisk overmot. Den byggjer på forestillingar om politiet si rolle, organisasjonsgraden mellom dei som demonstrerer, media si rolle og mykje anna som i praksis ikkje har feste i røyndomen.

Knut Lindtner har lagt til bilder m/tekst

Tidligere publisert på derimot.no

Forsidebilde: Peter Van Straten

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...