Derimot: Demokratiske retter brytes nå ned i vest. Frankrike går foran. – Derimot

derimot.no:

Nedbrytinga av det vestlege demokratiet byrjar i Frankrike

I 2005 avviste franskmennene og nederlendarane traktaten om ei grunnlov for Europa i folkerøystingar. Men i 2007 vedtok dei same landas parlament den same teksten, som knapt var endra, under namnet Lisboa-traktaten. For første gong sidan slutten på Andre verdskrig, viste dei herskande klassane i Frankrike og Nederland sin suverene forakt for sine folk.

Nitten år seinare har mykje vatn runne under brua, men praksisen hardna, spesielt under Covid-19-epidemien i 2020. Dei herskande klassane utvikla ein realitetsfjern diskurs som framstilte denne sjukdommen som omlag like øydeleggande som Svartedauden. Dei påtvang folk eitt einskilt medikament, falskt presentert som vaksine, som inneheldt messenger-RNA. Og sist, men ikkje minst, gav dei, med politisk støtte frå legestanden, ordre om obligatorisk innesperring av friske folk.

I 2022, tre dagar etter starten på den russiske militære operasjonen mot dei ukrainske “integrale nasjonalistane”, forbaud alle medlemsstatane i Den europeiske unionen (EU), sjølvsagt inkludert Frankrike, den russiske TV-kanalen RT, både i eteren og via Internet – ei avgjerd som bryt med EU sin konvensjon om vern av menneskerettar og grunnleggande fridommar, European Convention for the Protection of Human Rights and Fundamental Freedoms. Deretter forbaud Frankrike kanalen C8, som hadde gjort seg skuldig i å ikkje seie det same som alle andre.

No har tre franske dommarar tatt ei avgjerd om å forby presidentval-favoritten [Marine Le Pen] å stille til val. Rett nok hadde dommarforeininga deira oppfordra dei til å «blokkere ytre høgre». Rett nok hadde Konstitusjonsrådet validert prinsippet om eit førebels forbod mot borgarrettar i første instans, igjen i strid med EU-konvensjonen om vern av menneskerettar og grunnleggande fridommar. Rett nok vart brotsverka som Le Pen var tiltalt for gjort av alle dei politiske partia på den tida, utan unntak. Men faktum er at desse dommarane, som hevdar dei leverer rettvise «i namnet til det franske folk», viste suveren forakt for det franske folkets elektorale røyst.

Frakrikes leiarar, som kjente løkka stramme seg om halsen, protesterte mot faren som truar dei alle, men gjorde ingenting.

I utlandet fordømde Kreml «brotet på demokratiske normer», medan Ungarns statsminister Viktor Orbán posta på sitt sosiale nettverk: «Je suis Marine!» («Eg er Marine!»). Italias visestatsminister Matteo Salvini posta: «Vi må ikkje la oss skremme, vi må ikkje stoppe: full fart framover, min ven!». Sjefen for USAs nye departement for statleg effektivitet (DOGE), Elon Musk, beklagar «misbruket av rettssystemet». Donald Trump seier det er «ei veldig viktig sak. Det minner om landet vårt, det er veldig som i landet vårt.

Omsett av Monica Sortland

https://www.voltairenet.org/article222021.html

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar