Derimot: Demokrati i USA? I dag er det pengene som styrer i Washington.

Derimot.no

derimot.no:

av Larry Johnson 

Larry Johnson er x-CIA analytiker

Enten ein støttar Ukraina eller ikkje, vil dei fleste av ærlege observatørar innrømme at Ukraina er fullt av korrupsjon og politiske figurar som ivrig forsyner seg av fellesgodene. Ukraina blir vanlegvis nemnd som Europas mest korrupte nasjon.

Vel, eg har dårlege nyheiter for president Zelensky og medborgarane hans i Ukraina – de kan ikkje måle dykk med det politiske bordellet Washington. Då eg flytta til Washington DC-området i 1979 (eg starta i eit lite hus i Chevy Chase, Maryland) var der ingen forhandlarar for Lamborghini, Ferrari eller Bentley. car dealerships. ‘Landsbyklubben’ med det ironiske namnet Congressional Country Club i Bethesda, Maryland var snøkvit og praktiserte eksklusjon av svarte og jødar. Luksusforretningar som Saks Fifth Avenue var eit sjeldent syn. Men det var då.

I dag er metropolområdet Washington DC [District of Columbia], som inkluderer fylka/grevskapa Montgomery og Prince Georges i Maryland og Alexandria og Arlington i Virginia, befolka med luksuriøse bilforhandlarar og den typen delikatesseforretningar ein vanlegvis ser på Rodeo Drive i Beverly Hills, California eller 5th Avenue i New York City. Kva endra seg?

«Når politikere blir sponset» er i virkeligheten en omskriving av korrupsjon. (Foto: iStock)

Business’en for sal av påverknad i Washington, DC fauk til himmels. Eg seier ikkje at DC var noko slags tempel for moral og måtehald før 1980-talet. Der har alltid luska lobbyistar rundt i korridorane til Kongressbygget og delt ut pengar og kjøpt seg tenester. Men det byrja vekse som ein kreftsvulst under Clinton-administrasjonen, og det eksploderte då George W. Bush inntok presidentsetet. Dei rike oppdaga at dei kunne unndra seg skatt ved å starte «veldedige» korporasjonar av type 501 c3 [Seksjon 503 (c)(3) av skattevesenets (IRS’) regelverk (Internal Revenue Code)]. «Tenketankar» byrja poppe opp, også dei finansierte av korporative interesser som gjerne ville få publisert studiar som fremja deira interesser.

Korridorpolitikk, også kjent som lobbyvirksomhet, lobbying og lobbyisme, er å påvirke politikere utenom de vanlige kanalene som er debattinnlegg, diskusjon, saksorienteringer, eller ved å benytte møter innen vedkommende politikers eget partiapparat. Utøvere kalles ofte lobbyister. Wikipedia

Svingdøra snurra i lysets fart. Kva er «svingdøra»? Det er eit omgrep som fortel om korleis medlemmar av Kongress-staben får seg jobb i ein ny presidents administrasjon eller i ei prominent tankesmie som t.d. Brookings Institute og deretter går vidare til jobbar i media eller hos lobbyfirma. Så har vi «Beltway-bandittane», eit omgrep som skildrar dei private og offentlege selskapa som skrik etter regjeringskontraktar og -løyvingar. Ein svær del av desse er forsvarskontraktørar, men der er også firma som leverer til farmasi-, tobakks-, alkohol-, mat- og helse-industrien.

Då eg byrja i CIA i 1985, styrte byrået det meste av forretningane sine sjølv. Det fanst nokre kontraktørar, men det var berre ei handfull av dei. Det endra seg på 1990-talet. CIA byrja å delegere analysearbeid og andre funksjonar til firma som SAIC. Berre spør Edward Snowden. Han brukte noko av tida si hos CIA, men loggførte fleire timar som kontraktør.

Det er pengar og rikdom som driv politikken i Washington, særleg når det gjeld Forsvarsdepartementet. Medlemmar av Kongressen er spesielt ivrige etter å skaffe seg ein lett-tent ekstraslant under bordet.  The Gateway Pundit publiserte eit stykke i dag om at Kongress-medlemmar som investerte på Wall Street hadde slått marknaden med stor margin i 2022:

«S&P 500 ned 18% in 2022. Medlemmer av Demokratane fekk berre ein nedgang på 1,76% og medlemmar av Republikanarane gjekk opp 0,389%.» [Standard & Poor’s 500 er ein aksjemarknadsindeks som kontinuerleg registrerer utviklinga til aksjane til USAs 500 største børsselskap.]

SPY er børsnemninga på trusten SPDR S&P 500 ETF, som kalkulerer børsindeksen til dei 500 største børsnoterte selskapa i USA ved å kjøpe (eller selje) aksjar hos kvart av desse selskapa i eit tal som er proporsjonalt med talet på aksjar selskapa har på denne indeksen. Diagrammet viser kor mykje nokre av USAs Kongressmedlemmar tente på aksjar (realisert eller urealisert) i 2022.]

Dette er ei to-parti-liste. Den har Demokratar og Republikanarar. Korleis kan det ha seg at dei er slike skarpe investorar? Innside-handel, kanskje?

Så har vi pengeinnsamlings-Behemot’en. Innboksen min fløymer over i dag med bøner om pengar frå han som prøver bli leiar for Representantanes Hus («speaker»), Kevin McCarthy, og frå Hakeem Jeffries (Demokratane sin nominerte til same rolle) og Andy Biggs, som stilte mot McCarthy.

Her er McCarthy si bøn om pengar:

Og her er Hakeem Jeffries tiggarbrev:

Korfor treng desse to mennene fleire pengar? Konkurransen om Hus-leiar krev ikkje reklamekampanjar eller kampanjearbeidarar eller innsats for å auke stemmetalet. Svaret er enkelt — dei vil ha nok pengar til å kjøpe påverknad av andre Kongress-medlemmar. Dette er den moderne versjonen av Gull-regelen — dei som eig gullet lagar reglane.

Så neste gong du høyrer ein US-amerikansk politikar klage seg over korrupsjonen i eitt eller anna framandt land, gir eg deg lov til å ta deg ein god og rungande latter og kalle dei hyklarar. USA er ein gjeng med stein-kastarar som bur i glas-hus. Eg håpar, kanskje naivt, at krigen i Ukraina vil eksponere all korrupsjonen og hykleriet som oversvømmer Washington DC som eit kobbel av glupske rotter.

Fritt omsett av Monica Sortland

Originalen, på frodig engelsk, finn du her: https://sonar21.com/the-political-corruption-at-the-heart-of-washington-dc-follow-the-money/

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 2

Les artikkelen direkte på derimot.no