Derimot: Demokrati handler om hva folk vil. Gjelder dette i Ukraina
derimot.no:
Kva meiner folk i Donbass?
Av Hans Olav Brendberg
Fram til februar handla krigen i Ukraina om Donbass. Kva meiner so folk i dette området?
I 1991 vart det halde to folkerøystingar i Donbass – først ei om vidareføring av Sovjetunionen, so ei om Ukraina burde bli ein uavhengig stat.
Dei to Donbass-fylka var av dei områda der vidareføring av Sovjetunionen hadde sterkast oppslutning – med over 80% i Donetsk, og over 85% i Luhansk.
I desember same år vart det halde folkerøysting om Ukraina skulle bli eit sjølvstendig land. Denne folkerøystinga vart i stor grad boikotta på Krim, medan sjølvstende fekk over 80% støtte i Donbass etter dei politiske hendingane dette året (83% i begge fylke).

Harmonien vara ikkje so lenge – allereide i 1994 vart det igjen halde folkerøystingar i desse fylka. Spørsmåla som vart stilt i 1994 var desse (resultata frå Donetsk fleirtala i Luhansk gjennomgåande større):
1. Er de samde om at Ukraina skal etablera ein føderal struktur?
79,6 % ja, 15,0% mot,
2. Er de samde i at den ukrainske grunnlova skal konsolidera russisk som offentleg språk på lik line med ukrainsk?
87,2 % var samde i dette, 8,5 prosent usamde. Same spørsmål vart stilt til veljarane i Luhansk, med enno større «ja»-prosent.
3. Galdt bruk av russisk i offentleg samanheng, undervisning og liknande i Donetsk (og Lugansk).
89% for, 6,9% mot (og enno større fleirtal i Luhansk).
4. Er du samd i at Ukraina skal underteikna CIS-chartrete, og delta fullt ut i den økonomiske unionen og det interparlamentariske samarbeidet i CIS?
88,7% ja, 6,8 prosent mot (og enno større fleirtal i Luhansk).
Regjeringa i Kiev la – so godt dei kunne – lokk over resultatet av denne folkerøystinga (som ikkje er omdiskutert på same måte som den i 2014. Denne skjedde som del av den ordinære valgprosessen).
Kuppet i Kiev i februar 2014 stilte desse spørsmåla på spissen. Det er liten tvil om kva primærønsket til ukrainarane – både aust og vest – var: Eit fleirtal (utanom Krim) ønskte å vidareføra Ukraina som ein samla stat. Men kuppet i februar hadde undergravd tilliten folk i Donbass hadde til sentralregjeringa, og ei Pew-meiningsmåling frå våren 2014 synte 67% i aust meinte den nye regjeringa i Kiev hadde ein negativ innverknad, medan 24% meinte den nye regjeringa hadde ein positiv innverknad.
https://www.pewresearch.org/…/despite-concerns-about…/
Opprørarane i aust representerte soleis ikkje noko entusiastisk fleirtal – dei representerte eit handlekraftig mindretal som sette dagsorden då majoriteten i aust i stor grad hadde vorte politisk leiarlause etter kuppet i februar (Janukovitsj var upopulær i aust avdi han ikkje innfridde løfta om økonomisk og politisk samarbeid austover av det slaget folkerøystinga i 1994 gav ønske om).

Regjeringa i Kiev møtte ikkje opprøret i aust med forhandlingar – men med «antiterror»-operasjon og massakrar i Odessa og Mariupol. Slik ønsket om eit samla Sovjetunionen i 1991 raskt vart sett til sides av det politiske spelet, vart ønsket om eit samla Ukraina raskt sett til sides i det politiske spelet i 2014.
Det var likevel ønsket frå folkerøystinga i 1994 – føderalisering og eigen status for russisk – som låg til grunn for Minsk-avtalane. Men president Porosjenko skreiv ikkje under Minsk-avtalane i god tru, men for å kjøpa tid. Og utan politisk press frå vest for at Kiev skulle halda inngåtte avtalar fekk modellen med eigen status for Donbass lov til å døy.
Siste sjanse var presidentvalet i 2019. Dette valet vart ikkje gjennomført på normalt vis i opprørsområda i Donbass. I dei resterande delane av dei to fylka røysta nær 50% på Yuri Boiko i første valomgang. Boiko er ein profilert pro-russisk politikar, og støtten i første valomgang viser tydeleg at han var primærvalet i regionen. I den endelege valrunden vann som kjent Zelensky på ei plattform for fred og forhandlingar. Ogso Zelensky gjorde det veldig klart betre i «rest-Donbass» enn Porosjenko. Porosjenko hadde ikkje vorte populær av å føra krig i dette området.
Men trass i at Zelensky hadde eit tydeleg mandat for å gå vidare med Minsk-prosessen, fekk han ingen støtte frå vest. Den vestlege alliansen var langt meir oppteken av å sparka bein for Donald Trump framfor å løysa den ukrainske krisa. Og utan politisk og diplomatisk ryggdekning frå vest, var Zelensky sjanselaus mot aktivistane i dei væpna styrkane (avdøde Stephen F. Cohen gav ein god analyse av desse tinga i eit intervju med Aaron Mate hausten 2019).
Korleis er stoda i dag? Den britiske regjering har nettopp oppført journalisten Graham Phillips på si sanksjonsliste. Dette gjer at Phillip er i den merkelege situasjonen at han er rettslaus britisk borgar. Kva brotsverk Phillips har gjort? Han har rapportert frå Donbass.
Tyske Alina Lipp er i ein liknande situasjon – ho (og faren hennar) har fått bankkontoene sine sperra, og tyske styresmakter trugar henne med tre års fengsel om ho vender tilbake til Tyskland. Hennar brotsverk? Å rapportera frå Donbass.
Hadde vestlege medie bobla over av gode reportasjar frå Donbass, ville dette ha vore ei sak for seg. Men slik er det jo ikkje. Kriminaliseringa av desse to inngår i eit mønster av ekstrem informasjonstørke om kva folk meiner og seier i den delen av Ukraina der krigen foregår.
Om ein held dette saman med det mønsteret eg har vist frå folkerøystinga om Sovjetunionen og frametter, ser ein at krigen i Ukraina har mykje meir preg av borgarkrig enn det vestlege medie har formidla. Det same om ein ser på tapstal: Medan Donbasmilitsane hadde fleire tusen falne i krigen i 2014, var dei russiske tapa i same periode på eit par hundre «rådgjevarar». Den russiske »hjelpa» til opprørsstyrkane var truleg ikkje veldig mykje større enn den vestlege «helpa» til dei som planla å kvitta seg med den lovleg valde presidenten vinteren 2013-14. Begge delar er opplagt innblanding i dei indre tilhøva i ein suveren stat.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 16