Derimot: De snakker om fred men ønsker krig. Krig er våpenindustrien og deres kjøpte politikere sitt livsgrunnlag. – Derimot

derimot.no:

USAs imperium søker ikkje fred – imperiets eksistens er avhengig av evig krig

av Caitlin Johnstone

Om du heller vil lytte enn lese, kan du gjere det (på engelsk) her

På tysdag fortalde den demens-forderva kjøtmarionetten som framleis er USAs offisielle president til FN at han arbeider for å bringe ein «større grad av fred og stabilitet til Midtausten,» samtidig som styresmaktene i USA pumpar våpen inn i Israel så dei kan halde fram med sine blodige massakrar i Libanon og Gaza.

På onsdag fortalde Pentagon-talskvinna Sabrina Singh pressa at «vi ønsker ikkje å sjå dette eskalere» i Libanon og at USA arbeider for å «unngå ein regional krig».

Berre ein idiot vil tru på desse påstandane. Dei er openbert falske. Ingen som søker fred er i ein konstant tilstad av krig. Det gjeld for Israel, og det gjeld for det USA-sentraliserte imperiet generelt.

Det er openlyst falskt å seie at USA søker fred i Midtausten, men det blir ikkje heilt nøyaktig å seie at dei søker krig, heller. For meg ville det ha vore som å seie at vatn søker væte eller brann søker varme. Krig er akkurat det som USAs imperium er laga av. Det er det dei er.

Alt ved den USA-sentrerte maktstrukturen peikar mot kontinuerleg militær ekspansjon og massiv militær vald. Når ein først har bestemt seg for å få heile befolkninga på planeten under styret til ein einskild maktparaply, same kva det vil koste, så har ein og godtatt bruken av valdsmakt i all æve, for berre på den måten kan ein klare å undertrykke folk som ikkje har interesse av ei slik ordning. Ein kan fortelle seg sjølv at ein ønsker fred, og no og då til og med aktivt prøve å unngå krig, men alt med måten ein har arrangert operasjonen på gjer krig uunngåeleg.

Dette er den typen miljø som Vestens imperieleiarar brukar karrieren sin på å bli opplært til å akseptere som normalt. Så det kan faktisk hende dei trur dei snakkar sant når dei seier at regjeringane deira vil ha fred, men dette er det same som at eit bål seier det gjer alt det kan for å kjøle ned veden.

Det er eldens natur å brenne, og det er USAs imperiums natur å drive krig. Krig er vevd inn i kvar fiber av eksistensen deira. Det er skrive inn i kvar del av koden deira. Så snart bruken av vald i masseskala endar, vil også den klodeomspennande maktstrukturen som er lauseleg sentralisert rundt Washington ende. Krig er limet som held den maktstrukturen saman.

Både hovudstraums-«progressivismen» til Bernie Sanders og høgre-«populismen» til Donald Trump prøver på sine sett å argumentere for eit snillare, edlare imperium som unngår unødvendige konfliktar og overgrep, men desse argumenta er i seg sjølv bedrag, fordi imperiet er laga av konflikt og overgrep.

Di mindre det finst av krig, militarisme, økonomisk kveling og proksyintervensjonisme, desto mindre USA-imperium er det. Imperiet kan ikkje rulle tilbake valden sin meir enn ein hai kan symje baklengs. Den einaste måten å ende haiens rørsle framover på, er å ta livet av den.

Krigane vil ikkje slutte før USAs imperium sjølv tar slutt. Det betyr ikkje at ein skal gjere ende på USA som land. Det betyr at ein skal gjere ende på den klodeomspennande maktstrukturen som består av allierte, ressursar og undersåttar som blir haldne ihop av endelaus vald. Kvar utanrikspolitisk tenestemann i Washington, London, Paris og Canberra har blitt opplærd til å sjå på dette som verste tenkelege utfall og å unngå det til einkvar pris, og til å bruke karrieren sin på å sørge for at elden held fram med å brenne og at haien held fram ferda si framover. Berre vanlege medlemmar av folket med normalt sunne menneskelege verdiar vil nokon gong greie å forstå dette.

Problemet er ikkje at Vestlege tenestemenn held fram med å ta dårlege individuelle avgjerder ved kvar korsveg i utanrikspolitiske interessekonfliktar. Problemet er at eksistensen til det Vestlege imperiet garanterer utanrikspolitiske interessekonfliktar og sikrar at det vil bli brukt valdeleg makt til å kontrollere resultata av desse.

Dei som støttar USAs imperium vil stundom sjå tilbake på historia og med etterpåklokskap erkjenne at det vart tatt nokre dårlege individuelle avgjerder rundt Vietnam eller Irak eller kor som helst, men dei vil aldri innrømme at det er ein ibuande morderisk struktur som garanterer at Vietnam’ar og Irak’ar vil halde fram med å skje i framtida. Men det er sanninga, og du vil aldri få høyre at den blir anerkjend i statspropagandatenestene vi kjenner som mainstream Vestleg presse.

Herskarane våre er absorbert altfor langt inn i imperiemaskina til at dei kan forstå at dette er sant, så ein vil visseleg få høyre dei bable vidare om å søke fred og unngå sivile lidingar – sjølv medan dei gjer trekk som sikrar at det ikkje blir fred og sivile held fram med å lide. Dette er dei einaste trekka dei kan sjå på sjakkbrettet. Valalternativa som ville ført til ekte fred blir ikkje ein gong anerkjende som legale trekk i spelet. Så dei flyttar vidare rundt på brikkene i samsvar med imperiet sine reglar og seier «Å, så trist» når familiar blir sette i brann og barn blir rivne i filler, men at det var det einaste trekket ein kunne gjere på brettet.

Verda vår er i brann, og det USA-sentraliserte imperiet er flammen. Vi vanlege folk må finne ein eller annan måte å slokke brannen på før den utslettar oss alle.

Omsett av Monica Sortland

https://www.caitlinjohnst.one/p/the-us-empire-does-not-seek-peace

Forsidefoto: Ki-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...