Derimot: De er i dag militært dominerende. Hvilke hensikter har Russland og Kina
derimot.no:
Kva brukar Russland og Kina sin militære dominans til?
av Thierry Meyssan
I motsetning til det Vesten trur, så treng dei ikkje frykte Russlands og Kinas militære overlegenheit, men heller korleis dei brukar den til å tvinge Vesten til å respektere det dei har skrive under på å forplikte seg til.
VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 2 MAI 2023
Russland og Kina har våpen som er langt overlegne Vesten sine. Førstnemnde vann krigen i Syria, og førebur seg på å vinne i Ukraina. Trass sine beste forsøk, er Nato – som allereie har feila i Midtausten med proksy-jihadistane – ute av stand til å reversere realitetane på slagmarka.
Tenkemåten til dei tidelgare kolonimaktene leidde dei til å tru at Russland og Kina vil bruke sin militære dominans til å tvinge sin livsstil på resten av verda. Men det er ikkje i det heile tatt intensjonen deira, og det er heller ikkje det dei gjer.
Moskva og Beijing ber konstant om at Folkeretten skal bli brukt. Ingenting anna. Russarane ønsker seg fred heime, medan kinesarane ønsker å drive handel overalt.
Hendingane i Ukraina har fått oss til å gløyme Russlands stadig gjentatte krav sidan 2007: dei krev sikkerheitsgarantiar for landet sitt, spesielt at det ikkje skal finnast arsenal tilhøyrande tredjeland på naboens territorium. Russland, med verdas største landareal, har ikkje middel til å forsvare grensene sine. Derfor kan dei ikkje garantere sikkerheita si dersom fiendearméar dyngar seg opp på mange frontar langsmed grensa deira utan bruk av «brend jord-strategien» til marskalk Fedor Rostopchin. Det var meininga med alle forhandlingane om den tyske gjenforeininga. Samveldet av sosialistiske sovjet-statar, SSSR, var imot denne, med mindre Det nye Tyskland gjekk med på å ikkje lagre Nato-våpen i aust. Det var meininga med alle forhandlingane med dei tidlegare Warszawapakt-statane. Og det var og meininga med med forhandlingane med alle statane i det tidlegare SSSR. Moskva har aldri vore imot at ein stat skal kunne velge sine allierte og eventuelt slutt seg til Nato. Men dei har alltid protestert dersom ei tilslutning til Nato skulle medføre installasjon av Nato-våpen på gjeldande lands territorium.
Moskva var ikkje nøgde før 1999, då 30 medlemsstatar av OSSE (Oraganisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa) signerte Istanbul-erklæringa, kjend som «Pakta for europeisk sikkerheit», som slår fast to hovudprinsipp:
• alle statars rett til å velge kven dei vil vere allierte med, og
• alle statars plikt til å ikkje true sikkerheita til andre for å garantere si eiga.
Det var brotet på desse prinsippa, og berre det, som ført til den ukrainske konflikten. Dette var meininga med president Vladimir Putin sin tale på München-konferansen for sikkerheit i 2007, der han fordømde brotet på OSSE-forpliktingane og etableringa av eit globalt «monopol-styre».
Vesten, som såg på Russland som eit ruinert land, var samde i at han hadde rett, men spotta maktløysa hans. Dei tok feil: Russland hadde reist seg frå ruinane og både innhenta og gått forbi dei. I dag brukar landet styrken sin til å få oss til å respektere prinsippa vi har sverga på å følge, ikkje til å tvinge sitt tankesett på oss.
Sidan Sovjetunionen kollapsa har Vesten neglisjert pliktene dei tok på seg under Den kalde krigen for å bygge «ein ny verdsorden» («New World Order», NWO), som Margaret Thatcher og George Bush Sr. Uttrykte det; ein ny verdorden «basert på reglar» som Vesten sjølv definerte. Vi har såleis akkumulert avtalebrota og brota mot Folkeretten.
Folkeretten, som har sitt opphav i Haag-konferansen i 1899, er fundamentalt inkompatibel med angelsaksisk lov: Folkeretten er ein positiv konvensjon. Den er utarbeidd med einstemmig fleirtal. Det vil seie at den er godkjend av alle som brukar den. Den angelsaksiske lova er derimot basert på sedvane. Den ligg difor alltid etter verdas utvikling, og den gir privilegium til dei som har dominert verda.
Sidan 1993 har Vesten byrja erstatte, ein etter ein, alle internasjonale avtalar og skrive dei om til angelsaksisk lov. Madeleine Albright, som då representerte USA under president Bill Clinton i FNs Sikkerheitsråd, var dotter av professor Josef Korbel. Denne tsjekkiske diplomaten som vart professor vedUniversity of Denver, underviste om at den beste måten til å gi USA verdsdominans på, ikkje var å erobre verda militært, men å få den til å adoptere USAs rettssystem, slik British Crown hadde gjort i sitt imperium. Etter å ha tent som FN-ambassadør, vart Madeleine Albright utanriksminister. Då president George W. Bush følgde Bill Clinton, vart stillinga til Colin Powell overtatt av Condoleezza Rice, som Korbel hadde vore mentor for på universitetet. I praksis har Vesten i to tiår tolmodig øydelagt Folkeretten og sett inn sine eigne reglar, til ein grad der dei no ublygt gjer krav på tittelen «Det internasjonale samfunnet».
Den 21. mars, 2023, i Moskva, vart Russlands og Kinas presidentar, Vladimir Putin og Xi Jinping, samde om ein felles strategi på å sikre at Folkeretten skulle vinne. I deira tankeverd gjeld det då rett og slett å demontere alt som Madeleine Albright og Condoleezza Rice har oppnådd.
Russland, som hadde presidentskapet i FNs Tryggingsråd i april, bestemde seg for å halde ein open debatt på emnet: «Vern om verdsfred og internasjonal sikkerheit: effektiv multilateralisme basert på forsvar av prinsippa i FN-pakta».
Sesjonen, leidd av Russlands utanriksminister Sergei Lavrov, hadde ikkje til hensikt å pakke ut skittentøyet som hadde hopa seg opp etter Sovjetunionens bortgang, men å byrje å mobilisere så mange statar som mogleg. I dokumentet (S/2023/244) som Russland delte ut til alle før debatten, forklarte Moskva korleis Vestens unipolare orden var i ferd med å erstatte Folkeretten. Det vart også åtvara om rolla til ikkje-statlege aktørar, dei såkalla NGO’ane (Non Governmental Organization), i dette arrangementet. Rundskrivet understreka og at det å gjere menneskerettar til eit kriterium for ansvarleg statsstyring, i staden for eit mål som skal nåast, gjer dei om til eit politisk våpen og gjer alvorleg skade på forbetringsprosessen. Generelt sagt blir internasjonale tribunal brukte til å seie kva som er rett, og ikkje kva som er gale. Dei blir ikkje lenger brukte til å løyse disputtar, men i staden til å danne hierarki; til å splitte i staden for å foreine. Rundskrivet konkluderte med ei rekke spørsmål, mellom anna: «Kva kan gjerast for å gjenopprette dialogkulturen og konsensus innanfor [FN-] organisasjonen, inkludert Tryggingsrådet? Korleis kan vi best demonstrere at den noverande situasjonen, merka av ei selektiv tilnærming til normene og prinsippa til Folkeretten, inkludert [FN-]Pakta, er uakseptabel og ikkje kan halde fram?»
Intervensjonen til generalsekretæren for FN, portugisaren António Guterres, gjorde framsteg umogleg. Han avgrensa seg til å presentere det komande programmet til FN. Det store talet på deltakarar i debatten vart deretter delt inn i tre grupper.
Russland hylla FN-pakta og beklaga utviklinga den hadde hatt gjennom dei siste 30 åra. Dei bad om likskap mellom alle suverene statar og fordømde den overdrivne makta til Vesten og deira unipolare organisasjon. Dei minna om at den spesielle militæroperasjonen i Ukraina var ein konsekvens av eit statskupp, i 2014 i Kiev, og at problemet derfor ikkje var Ukraina, men den måten vi handterer internasjonale relasjonar på. I forbifarten åtvara Russland FNs generalsekretær og minna han på plikta si til å vere upartisk. Dei understreka at dersom dokumenta til dei neste møta i organisasjonen ikkje repekterte prinsippet om upartiskheit, så ville dei splitte verda endå litt meir, i staden for å samle den.
Venegruppa til forsvar av FN-pakta og 77-gruppa har støtta den russiske tilnærminga.
Ei anna gruppe, samansett av representantar for Vestlege land, trekte stadig debatten inn på det ukrainske sporet, nekta å ta omsyn til Maidan-kuppet, la vekt på valden til den russiske «invasjonen» og minna om dei menneskelege kostnadane.
Ei tredje gruppe fyrte med skarpare piler. Pakistan fordømde omgrepet «nettverka multilateralisme», i motsetning til ein internasjonal orden av suverene og jamstelte statar. Dei avviste også utsiktene til ei «unipolar, bipolar eller sjølv multipolar verd, dersom den skulle dominerast av nokre få, ultramektige statar». Etiopia og Egypt fordømde rolla til ikkje-statlege aktørar i verda.
Medan Russland og Kina hadde minna ulike delegasjonar før debatten om dei internasjonale traktatane som Den nye verdsordenen skamlaust bryt, vart det ikkje nemnd nokre spesifikke tilfelle i denne debatten, med unntak av Ukraina, som vart bragt på banen av Vesten.
Men ein må rekne med dei mangfaldige krava til ikkje-Vestlege, dvs. regjeringar som representerer 87% av verdas befolkning.
Så:
• Finland forplikta seg skriftleg i 1947 til å forbli nøytral. Medlemskapet deira i Nato er difor eit brot på avtalen dei sjølve har signert.
• Dei baltiske statane forplikta seg skriftleg, då dei vart danna i 1990, til å ta vare på monumenta til ære for offera til Den raude arméen. Øydelegginga av desse monumenta er såleis eit brot på avtalen dei sjølve har signert.
• FN vedtok Resolusjon 2758 den 25. oktober, 1971, som anerkjende at Beijing, ikkje Taiwan, er den einaste legitime representanten til Kina. Som resultat vart Chiang Kai-shek si regjering utvist frå Sikkerheitsrådet og erstatta av Mao Zedong si. Derfor utgjer dei kinesiske marineøvingane i Taiwan-sundet ikkje noka aggressiv handling mot ein suveren stat, men er ei fri utplassering av styrkar i eige territorialfarvatn.
• Ikkje-spreiingstraktaten frå 1968 forplikta statane som skreiv under til å ikkje overføre atomvåpen til eit tredje land. Men, som del av Nato har USA overført taktiske (ikkje strategiske) atombomber til nokre av basane sine på andre kontinent. I tillegg har dei trent opp utlandsk militærpersonell i å bruke dei. Det er eit brot på signert avtale frå USA si side, så vel som Tyskland, Belgia, Italia, Nederland og Tyrkia.
• osv, osv.
Det vi i «Vesten» til sist har å frykte frå Russland og Kina si side, er at dei vil tvinge oss til å vere oss sjølve og halde det vi har lova.
Omsett av Monica Sortland
https://www.voltairenet.org/article219244.html
Forsidebilde: Lexica