Derimot: Covid-Vaksinen. Gjorde en toppatlet til et vrak. – Derimot

derimot.no:

Lagnaden til ein vaksineskadd atlet i Noreg

Ein ny dokumentarfilm med tittelen «My Biggest Battle» (min største kamp) tar for seg den livsendrande reisa til den kjende ekstrem-triatlon-utøvaren Heiko Sepp etter at han vart vaksinert mot COVID-19. Den 35 minutt lange filmen viser Heikos utrulege atletiske prestasjonar, korleis helsa hans brått vart kraftig svekka, og den harde kampen hans i jakta på svar medan han leid seg gjennom post-vaksineringsskadar. 

“My Biggest Battle” er meir enn berre ein dokumentar – den er ein diskusjonsstartar. Håpet vårt er at kampen til Heiko skal oppmuntre folk til å dele denne kraftfulle filmen for å auke medvitet om utfordringane som møter slike som Heiko. Ved å dele historia hans kan du bidra til ein viktig dialog som kan støtte dei som er råka av vaksinerelaterte helseskadar.

Dokumentaren målar eit levande bilde av livet til Heiko i Noreg, der han bur saman med kona og to små søner. Kjend for det han har oppnådd innan ekstrem-triatlon, inkludert pallplasseringar i svært krevande konkurransar som til dømes Norseman, er Heiko sin pasjon for sporten sentral for identiteten hans. Men alt endra seg i september 2021, då Heiko mottok sin andre vaksinedose mot COVID-19. Det som starta som brystsmerter, eskalerte raskt til ei rekke svakheitssymptom, inkludert hjarteinflammasjon, leddsmerter og muskelspasmer, og Heiko sitt ein gong så fargerike og energiske liv var snart innhylla i smerter og uvisse.

Filmen følger Heikos problemfylde reise gjennom talrike sjukehusbesøk, medisinske testar og konsultasjonar med helsepersonell. Trass i si livslange topp-helse og atletiske topp-prestasjonar, møter Heiko eit helsevesen som tilbyr få svar og lite lindring. Heikos jakt på ein diagnose fører ha etterkvart til ein anerkjend immunolog, som etter meir testing finn at det må vere snakk om vaksine-indusert autoimmunitet.

Filmen reiser kritiske spørsmål om vaksinetryggleik og helsevesenet.

Du kan sjå filmen her (med engelsk tale og teksting): https://www.heikosepp.com/

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...