Derimot: CIA-analytiker Larry Johnson: Det farlige er at vi ikke har noen plan og heller ikke forstår hva motparten tenker.

Derimot.no

derimot.no:

Av Larry Johnson. Henta frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig.

Lat meg starte med ein enkel analogi. Du dundrar nedover vegen i ein BMW S1000RR «skrev-rakett» i 160 km/t. Du ser ein Toyota sedan om lag 183 meter framfor deg med ein gamling bak rattet som skal til å køyre ut på vegen. Trur du at det speler noka rolle om han ser deg? Visst pokker gjer det det. Dersom han køyrer ut framfor deg, er kollisjon uunngåeleg med mindre du veltar sykkelen, noko som tydar at du vil sprette langs vegbana som ein flat stein som blir kasta i fiskesprett over eit stille vatn. Eller du treffer bilen og blir kasta til himmels og endar opp som ei blodig mørje. Ingen av desse er hyggjelege å vurdere. Det ville ha vore greitt å vete kva han tenkjer, ikkje sant?

BMW S1000RR - Wikipedia
BMW S1000RR

So trur du at det speler noka rolle om USA korrekt forstår kva leiarane av Russland og Kina tenkjer? Og, motsett, speler det noka rolle om leiarane av Russland og Kina korrekt forstår intensjonane til dei amerikanske leiarane? Svaret – JA i begge tilfelle.

Lat oss ta nok ein titt på Nancy Pelosi sitt nylege «besøk» i Taiwan. Ho gjorde det trass (eller kanskje på trass) Kina sine høglytte protestar. Kina gjorde seg sjølv ingen tenester ved å kome med ein flaum av verbale trugslar, impliserte at krig var neste stopp, for deretter å late bestemor Pelosi halte ned trappa til eit amerikansk militærfly for å helse på bukkande og skrapande taiwanske leiarar. Eg veit at enkelte analytikarar ser på dette som eit slags tredimensjonalt sjakktrekk av dei utruleg tungtolkelege kinesarane – altso, late Pelosi gjere greia si, som i sin tur vil nøre opp under raseriet til det kinesiske folket mot utlendingar som blandar seg inn. Kanskje det er sanninga. Men trass den sanninga, matar den òg ei forteljing hjå den amerikanske politiske eliten at kinesarane berre er ein gjeng storkjefta, pengegriske feigingar som manglar ballar til å stå imot det nukleære makthuset i Washington.

Kva oppfatta kinesarane (og russarane òg)? Dei såg politisk schizofreni i Washington. På den eine sida insisterte talsmann John Kirby at USA framleis var imot «uavhengigheit» for Taiwan og aksepterte som politikk at Taiwan er del av Kina. Men so har du Pelosi og andre medlemmer av Kongressen som erklærte si støtte til eit «demokratisk fritt» Taiwan – eit kodeord for «uavhengig». For å reise det legitime spørsmålet – er det nokon som bestemmer? Kven set dagsorden?

man in gray crew neck long sleeve shirt standing beside woman in black crew neck shirt
Russerne og kineserne må lure på hvem som faktisk bestemmer i Washington

I mi erfaring i å ha med å gjere senior-tenestefolk frå meir enn 65 regjeringar, er der ein overraskande konsensus. Nesten alle trur at den offentleg fastslåtte posisjonen til USA er eit bedrag eller ei halvsanning, og at USA speler dumme eller sprø for å gøyme ein utspekulert, kompleks plan. Til dømes, i kjølvatnet av USA sin invasjon av Irak i 2003, vart eg spurt av tenestefolk frå fleire regjeringar (eg underviste eit Senior Crisis Management-seminar for State Department sitt Anti-Terrorism Assistance Training Program) om kva som var det reelle føremålet/målet med å ta Saddam og oppløyse Irak. Dei ønskte å vete kva som var den ekte planen vår.

Utlendingar trur grunnleggjande at Phil Hartman si portrettering av Ronald Reagan i ein ikonisk Saturday Night Live-sketch er den ekte sanninga – Reagan var ikkje ein mann i dei tidlege stadia av Alzheimer, han var eit geni.

Då eg prøvde å forklare at der ikkje var ein skjult strategi bak kaoset som vart sleppt laus i Irak fordi Bush-teamet mislykkast i å opprette ei stabil regjering, trudde ikkje mine utanlandske samtalepartnerar meg. Med tanke på min bakgrunn frå CIA, gjekk dei rett og slett utifrå at eg villeia for å skjule den ekte sanninga. Dei stolte på Phil Hartman.

Når ein ser på Pelosi-besøket frå den amerikanske djupstaten sitt perspektiv, var Speakeren si sigrande reise til taiwansk territorium utan å utløyse ein kinesisk militær respons, déjà-vu nok ein gong. På liknande vis trekte kinesarane seg tilbake under Clinton-administrasjonen. Med andre ord, ignorer tøff-i-trynet-snakket og dei høglytte, tomme trugslane frå Beijing. Når alt kjem til alt, bryr kinesarane seg berre om handelsforholdet med USA og tilgang til den amerikanske dollaren. Kort fortalt er kinesarane horer og USA forblir ein betalande klient.

Ein siste, men instruktiv filmreferanse – Cool Hand Luke. Ein klassikar med ei udødeleg linje: «Det vi har her, er eit mislykka forsøk på kommunikasjon.» [på engelsk «What we’ve got here is a failure to communicate.»; oms.an.]

Det som gjer den noverande internasjonale situasjonen so farefull, om du ser på Kina eller på Russland i Ukraina, er misforståingar som ballar på seg mislykka kommunikasjon. Mange amerikanske politikarar, til dømes, trur genuint at Russland taper krigen i Ukraina og at den stadige flyten av amerikanske våpen vil sikre Zelensky siger. Få tek seg tida til å ta til ettertanke at alternativet kan vere sant – altso at Russland vinn og at den stadige flyten av amerikanske våpen matar russisk vondvilje mot USA. Der er truverdig evidens for at Russlands tidlegare tru på at der fanst ein måte å oppnå gjensidig einigheit mellom Moskva og Washington, har blitt ugjenkalleleg broten.

Vi står overfor eit samanliknbart dilemma i kommunikasjonssamanbrotet mellom Washington og Beijing. Falske antakelsar forsterka av feilaktige konklusjonar fører nesten uunngåeleg til ei dødeleg feilberekning. Under normale omstande er etterretningsbyråa i ein nasjon meint å gje ein dose av sanning og realitet. Det er den ekte faren som USA står overfor no. CIA og FBI er politisk kompromitterte og er institusjonelt motstandarar av å fortelje presidenten og teamet hans kvifor dei tek feil. Medan eg ikkje lenger har tilgang til noverande amerikansk etterretning, høyrer eg framleis ting via rykte frå tidlegare kollegaer, og nyheitene er urovekkjande. Det brukte å vere ei tid då der fanst «nederlandske onklar» i CIA. Ein «nederlandsk onkel» er ein som kjem med bestemte og ufiltrerte råd og åtvaringar i mottakarens favør. I staden for ein «nederlandsk onkel», oppfører etterretningssamfynnet seg meir som Gríma Ormtunge, ein skurk i Ringenes Herre. Ein farleg situasjon når våre leiarar treng å korrekt forstå kva dei andre «fyrane» tenkjer.

Forsidebilde: Jennifer Capel

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 1

Les artikkelen direkte på derimot.no