Derimot: Britisk lege skiftet helt mening om vaksinene etter at hans far døde: Ingen vaksinering før grundig undersøkelse av dem.
derimot.no:
Lege som brukte promotere COVID-vaksine ber om global suspensjon av mRNA-skota
Av Mike Campbell
Ein britisk lege har endra meining om COVID-19-vaksinane, og ber no om at heile verda må suspendere dei inntil dei har blitt skikkeleg granska.
«Det er ein rykande revolver,» seier dr. Aseem Malhotra, som er kardiolog. Han refererer til Pfizer sine fase 3-forsøk.
«Viss du ser på vedlegget til rapporten, så var det fire hjarteatakk i vaksinegruppa versus eitt iplacebo-gruppa,» fortalde han på podcasten The Freeman Reports.
Malhotra var tidlegare pro-vaksine og oppfordra på TV folk til å ta sprøytene. Han sa han vart vaksinert mot COVID-19 så snart som mogleg for å beskytte pasientane sine.
«Sjå på fakta. Eg var den første til å ta den. Eg hjelpte til ved eit vaksinesenter. Eg var på Good morning Britain fordi eg overbeviste ein skeptisk vaksinefilmregissør til å ta vaksinen.»
Men han reverserte standpunktet sitt kort etter at tragedien slo ned. Faren hans, ein 73 år gamal «friskus» som gjekk 10-15 000 steg dagleg, døydde av hjarteatakk seks månadar etter å ha blitt vaksinert mot COVID.
«To av hans tre hovudarterier hadde alvorlege blokkeringar: 90% blokkering i hans venstre koronararterie og 75% blokkering i den høgre,» opplyser Malhotra i Journal of Insulin Resistance.
Etter det gjekk Malhotra igjennom det han før hadde trudd var «anti-vax-propaganda».
Han at «førekomsten av myokarditt skaut fart frå våren 2021, då vaksinane vart rulla ut til dei yngre kohortane.»
I fjor i England var det 20 000 fleire som døydde av hjarteatakk utanfor sjukehus enn det var i 2019. Og det var 14 000 fleire enn for to år sidan, i 2020.
Storbritannias Yellow Card database for rapportering av biverknadar overtydde Malhotra endå meir om at noko ikkje var heilt som det skulle vere. I USA sin VAERS database er det rapportert inn at COVID-vaksinar har forårsaka over 24 000 dødsfall.
«29% av desse skjedde innan 48 timar etter injeksjonen, og halvparten innanfor to veker.»
Ein varslar ved eit «prestisjetungt universitet» i Storbritannia informerte Malhotra om at dei skjultenegative vaksine-data «fordi dei var urolege over å miste finansiering frå den farmasøytiske industrien».
Malhotra konkluderte med at utrullinga av COVID-vaksinane for alle aldrar var eit «hasardspel».
«Det kan ikkje seiast at det var ’informert samtykke’, slik etiske og juridiske reglar krev. Det har lenge vore på høg overtid å få sett den globale vaksinasjonspolitikken for COVID-19 på pause for ei revurdering.»
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Roger Bradshaw