Derimot: Blir det valg i USA neste år? 66% av velgerne tror nå at det jukses ved valgene.
derimot.no:
Når legitimiteten til institusjonane døyr
74% av velgarane i USA er «djupt misnøgde» og seier nasjonen er på feil spor. 66% trur dei vil bli narra i presidentvalet i 2024.
Tidlegare denne månaden sleppte Kari Lake sin nye slager-singel “81 Million Votes My Ass” som handlar om dei heilt utrulege «resultata» frå presidentvalet i 2020. Karis nye hit, “81 Million Votes My Ass” med The Truth Bombers and Mailman Media, debuterte på Billboard si Digital Song Sales-liste og fauk til topps på to Billboard-lister medan plata sel som varmt kveitebrød.
Mailman Media er det same produksjonsteamet som gav oss “Justice for All”, med Donald Trump og fangekoret J6PC. Den hit-låten gjekk til topps på Billboard-lista og iTunes. Lytt og del Kari Lakes 81 Million Votes My Ass på denne linken!
I dag sleppte Rasmussen Reports® ei SVÆR meiningsmåling om val-integritet.
66% — eller nesten to tredjedelar – av stemmeberettiga i USA trur 2024-valet vil bli påverka av juks.
Dei fleste velgarane uroar seg over at neste års presidentval kan bli påverka av juks, og nesten halvparten er delvis einige med ein populær song som utfordrar legitimiteten til Joe Bidens val i 2024.
Den siste nasjonale telefon- og internett-målinga til Rasmussen Reports fann at 66% av «Likely U.S. Voters» bekymrar seg over at utfallet av 2024-valet vil bli påverka av juks, inkludert 40% som er ’svært bekymra’. Trettito prosent (32%) er ikkje bekymra for juks under neste års val, inkludert 15% som ikkje er bekymra i det heile tatt. (For å sjå formuleringa til spørsmåla i meiningsmålinga, klikk her.)
Meiningsmålinga verkar fornuftig. Når dei køyrer fram Gamle-Joe i 2024, har Demokratane allereie signalisert at dei vil «vinne» ved hjelp av juks. Joe Biden hahar INGA støtte. Read More
Meiningsmåling frå NBC: 74% av velgarane er «djupt misnøgde» og seier nasjonen er på feil spor.
Ei ny meiningsmåling frå NBC viser at eit overveldande fleirtal av velgarane seier at nasjonen erpå feil spor.
NBCs Chuck Todd måtte sjølvsagt angripe Trump, sjølv om det er Joe Biden og Demokratane som øydelegg landet. 74% seier USA er på feil spor og 53% mislikar Joe Biden.
«Vi har hatt denne vedvarande perioden med rundt 70% i eit år no. Dei førre to periodane vi såg slik vedvarande negativitet overfor styresmaktene i landet, så lenge denne meiningsmålinga har eksistert, var før 1992-valet og før 2008-valet. Begge dei skifta ut partiet som kontrollerer Det kvite hus,» sa Chuck Todd.
«68% av velgarane, inkludert 43% av Demokratane – som er det DOBBELTE av det det var i 2020, seier dei uroar seg over om Biden har den nødvendige mentale og fysiske helsa til å bli president,» sa Chuck Todd.
I ei Twitter-melding frå Meet the Press kan vi lese at: Ei ny meiningsmåling frå @NBCNews viser at velgarane er misnøgde med styret av landet, og har bekymringar kring Trump og Biden før 2024.
74% seier USA er på feil spor
53% mislikar Biden
55% har stor/moderat uro kring den føderale tiltalen mot Trump
Omsett av Monica Sortland
Merknad frå omsettar:
I NBC-målinga (side 18) var det fleire av Biden-velgarane i 2020-valet som stemde på Biden fordi dei mislikte Trump eller politikken hans (26%), enn det var som stemde på Biden fordi dei likte Biden eller politikken hans (22%). Blant Trump-velgarane var det motsett. Der stemde 9% på han fordi dei mislikte Biden, og 34% fordi dei likte Trump. Ser ut som skremselspropagandaen fungerte.
Forsidebilde: Istock