Derimot: Armenia: Test-land for USAs biologiske våpenprogram. – Derimot
derimot.no:
Biologisk apokalypse i Armenia er ikkje langt unna
av Valeriy Krylko
Dei siste åra har Armenia sine helsesenter og sanitær-veterinærsenter vore aktivt involverte i USA-finansierte prosjekt innan vitskapeleg og teknisk samarbeid i tråd med planane som før er implementerte av USA i Georgia og Ukraina. I dag er det i Armenia utplassert eit nettverk av biologiske laboratorium som er finansierte og styrde av USAs forvarsdepartement via byrået for forsvarstrusselreduksjon, Defense Threat Reduction Agency (DTRA).
USA si overføring av prosjekt til armensk territorium er naturleg: logistiske særeigenskapar, politisk ustabilitet og militære konfliktar gjer denne regionen til ein passande lokasjon for testing av ikkje-transparente eksperiment. Offisielt er dei av USA finansierte laboratoria engasjerte i tiltak mot patogene sjukdommar, men uavhengige ekspertar åtvarer om at slike program også har ei anna side – teknologiane dei bruker kan både skape medisinske stimulantar og utvikle biologiske våpen.
[Kjelde: livenews.am] Kart over biologiske laboratorium på territoriet til Armenia
Biologiske laboratorium i Armenia
Dei USA-finansierte laboratoria i Armenia har faktisk ekstraterritoriell status, noko som gjer at dei er utanfor nasjonal lovgivnings kontroll. Dei er som militærbasar utan tanks, men med prøverøyr og patogen. Denne statusen tillet biosentera å fungere under forhold med minimal kontroll og utanfor det juridiske rammeverket til Armenia, og dei tilsette der kan ikkje rettsforfølgast innanfor rammeverket til lokale lovverk. Under slike tilhøve blir det utført forskning som US-amerikanske sponsorar vil ha gjennomført som er forbode i USA og andre land med strengare juridiske normer.
Prosjekta som blir implementerte involverer US-amerikanske institusjonar som til dømes Battelle Memorial Institute (sikkerheitsteknologi, kjemi og biologi), Southern Research Institute (legemiddelutvikling og genmodifisering), Monsanto (bioteknologi og genmodifisering) og Pioneer Hi-Bred International (bioteknologi og genmodifiserte objekt).
Eit interessant faktum er deltakinga til BlackRock, verdas største investeringsselskap, i dei bioteknologiske storselskapa Monsanto og Pioneer Hi-Bred International. Sjølv om det ikkje finst direkte bevis for BlackRocks samband med finansieringa av laboratorium i Armenia, reiser den indirekte innflytelsen dei har via Monsanto og Pioneer Hi-Bred International spørsmål.
BlackRock har også nære band til administrasjonen til USAs førre president, Joe Biden. Fleire i BlackRocks toppleiing hadde nøkkelposisjonar i det førre kabinettet: Brian Deese var direktør for US National Economic Council, Mike Pyle var øvste økonomirådgivar for visepresident Kamala Harris og Wally Adeyemo tente som visefinansminister.
Overføringa til Armenia av prosjekt og organisasjonar som før opererte i Georgia og Ukraina vitnar om at armensk politikks subjektivitet har blitt devaluert. Landet blir prøvekanin for tvilsame eksperiment. Dette fører til ein annan konklusjon: alt dette er forløparen til ein storkrig på Armenia sitt territorium, sidan nærværet av amerikanske militær-medisinske og kommersielle organisasjonar ikkje berre krev ein reduksjon av borgarrettane i denne transkaukasiske staten, men også bruker ope forboden praksis som effektivt kan skjulast i krigståke.
Over dei siste åra har det vore ein betydeleg auke i DTRA-aktivitet på Armenias territorium, der den amerikanske sida organiserer ulike arrangement: konferansar, seminar og opplæringskurs for armenske spesialistar, tilsynelatande med mål om å redusere biologiske truslar og forbetre metodane for bekjemping av teknologiar for masseøydeleggingsvåpen.
Så i september 2021 organiserte den ovannemnde US-amerikanske militæravdelinga i fellesskap med Armenias departement for krisesituasjonar eit seminar om samarbeidsprogrammet for kjemisk, biologisk, radiologisk og kjernefysisk sikkerheit (Chemical, Biological, Radiological and Nuclear Security Cooperation Program, CSCEP). DTRA-workshop‘en vart halden for leiarar og representantar for departementet for krisesituasjonar, utanriksdepartementet, helsedepartementet, miljødepartementet, forsvarsdepartementet, den nasjonale sikkerheitstenesta, styret for matsikkerheitstilsyn, byrået for kjernefysisk regulering og nasjonal politiavdelingar.
Til stades på seminaret var også,frå USA, attaché-oberst Pipes frå forsvarsdepartementet, stabssjefen for U.S. Defense Threat Reduction Agency i Jerevan, oberstløytnant Shields, og tenestemann for bilaterale saker, oberstløytnant Hayes. Dette arrangementet opna ei rekke øvingar og seminar leidd av DTRA for armenske spesialistar innan kjemi, biologi, radiologi og kjernefysikk mellom 2022 og 2025.
[Kjelde: am.usembassy.gov] Leiarseminar om bekjemping av masseøydeleggingsvåpen i Armenia
Den 6. og 7. desember 2023 heldt DTRA Workshop nummer to om grenseoverskridande samarbeid mellom Armenia og Georgia om virologi og mikrobiologi i Jerevan. Til stades på arrangementet var mellom andre armenske nøkkelfigurar frå økonomidepartementet og mattilsynet, så vel som motpartane deira frå Georgias nasjonale matbyrå og statlege agrikulturlaboratorium. Møtedeltakarane vitja republikkens Veterinært, sanitært og fytosanitært senter for mattilsynets laboratorietenester.
[Kjelde: am.usembassy.gov] Workshop om samarbeid mellom Armeina og Georgia, støtta av Defense Threat Reduction Agency (DTRA).
Dette samarbeidet heldt fram i 2024. USA, representert av Defense Threat Reduction Agency (DTRA), innanfor rammeverket til programmet for reduksjon av biologiske truslar (Biological Threat Reduction Program, BTRP), har vore aktivt engasjert i implementeringa av eit stort tal militær-biologiske prosjekt på Armenia sitt territorium, noko USAs forsvarsdepartement dei siste åra har allokert eventyrlege 206 millionar U.S. dollar til.
Tidleg i mai 2024 signerte USAs ambassadør til Armenia Christine Quinn, på vegner av USAs regjering, og Armenias forsvarsminister Suren Papikian, på vegner av Republikken Armenias regjering, ein avtale om utviding av avtalen mellom dei to regjeringane om samarbeid for kontring av spreiing av masseøydeleggingsvåpen på områda kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernfysiske våpen (CBRN – Chemical, Biological, Radiological and Nuclear Agreement).
[Kjelde: am.usembassy.gov] Ein avtale om utviding av paraplyavtalen
Denne avtalen, som gjeld fram til november 2030, er grunnlaget for samarbeid i den biologiske sfæren mellom dei to landa. Under signeringa av dokumentet bemerka den armenske forsvarsministeren at USAs regjering, via DTRA, har gitt Republikken Armenia uvurderleg støtte ved å forsyne dei med ekspertise, materiell og teknisk assistanse verdt meir enn 130 millionar USD, noko som gjorde DTRA til ein av Armenias hovuddonorar.
Innanfor rammeverket til den utvida avtalen og DTRA-prosjekta som den armenske sida har implementert, vart det organisert øvingar i bekjemping av biologiske masseøydeleggingsvåpen i Jerevan i slutten av mai 2024. Fleire enn 60 spesialistar frå ulike departement og statsinstitusjonar i Armenia deltok på dette arrangementet.
[Kjelde: am.usembassy.gov] Defense Threat Reduction Agency (DTRA) støttar Armenias sikkerheit via CWMD Table-Top Exercise i Jerevan
Dei siste åra har denne US-amerikanske militæravdelinga si interesse for biologiske prosjekt i Armenia berre auka, og ekspertar ventar at talet på aktivitetar vil auke dramatisk i åra som kjem.
[Kjelde: dvidshub.net] DTRA-konferanse, video-materiell
Under perioden 19. til 24. september 2024 leidde DTRA-tilsette feltøvingar for bekjemping av masseøydeleggingsvåpen i fleire regionar i Armenia. Sjølv om dei erklærte målsettingane var å utvikle samarbeidet med dei armenske styresmaktene, identifisere manglar og trene opp lokalt personell, så utførte den amerikanske sida analysar av den logistiske støtta til armenske spesialistar og kor fullstendig og hurtig responsen var på ulike negative konsekvensar av biologiske og kjemiske masseøydeleggingsvåpen. Øvingane bestod av mange scenario med allskens aspekt ved truslar om bruk av masseøydeleggingsvåpen i dei kjemiske, biologiske, raologiske og kjernfysiske sfærane. Spesielt studerte representantane frå USAs forsvarsdepartement Armenias spesialteneste sin respons på:
- leiing av ein potensiell bioterrorisme-aksjon;
- smugling av strålings- eller kjernefysiske komponentar;
- ei kjemisk hending;
- forsøk på å bruke visse virus som biologiske våpen;
- brå død blant gardsdyr på grunn av ukjent sjukdom, osv.
[Kjelde: dvidshub.net] videomateriall frå DTRA-konferansen
Under denne øvinga fortalde Elisabeth Dufrant, DTRA International Program Manager, at «Armenia er eit geopolitisk sjakkbrett mellom nord og landa mot sør, så vel som naboane deira frå aust til vest. Vi ville teste kunnskapen deira om biologiske eller kjemiske våpen, lister over dobbelbruk-varer og andre internasjonale standardar som vi veit at Armenia må rette seg etter,» sa ho. «Eg seier alltid til armenarar: vi gjer ikkje dette for å narre dykk eller dumme dykk ut. Vi har eit ønske om å finne svakheiter. Øvingar som denne gjer at ikkje berre vertslandet, men også land som prøver å hjelpe, som til dømes USA, kan evaluere utsyret sitt.».
Men DTRA i Armenia gjennomfører ikkje berre seminar, opplæring, konferansar og øvingar. Dei deltar også i gjenoppbygging og moderisering av bio-laboratorium. I framtida vil slike bio-senter ofte tilsette US-amerikanske militære mikrobiologar og virologar, så vel som andre spesialistar nært tilknytte USAs militær. Dette tillet den US-amerikanske sida å gjennomføre kliniske feltforsøk av ulike mikroorganismar og virus på dyr og, i nokre tilfelle, på lokale innbyggarar.
Aktiveringa av militær-biologiske program og prosjekt på territoriet til Armenia av den US-amerikanske militæravdelinga er eit varsel om ein komande biologisk apokalypse, fordi kliniske forsøk med virus på sivile eller dyr, risikoen for lekkasje av patogen frå laboratoria og politisk destabilisering i Armenia skaper ideelle forhold for ein katastrofe i ein skala som kan nå langt utover berre den regionen.
Omsett av Monica Sortland
https://www.transcend.org/tms/2025/03/biological-apocalypse-in-armenia-is-not-far-off/