Derimot: Andøya-krasj og maktesløshet. Europa på sidelinjen og USA i villrede. – Derimot

derimot.no:

Trump sine forhandlarar skjøner ikkje Russland, og Europa krasjlandar

av Larry C. Johnson

X-CIA-analytiker

Då Donald Trump lova å bringe fred til Ukraina på 24 timar, tenkte han openlyst i Venus-tid. På Venus tilsvarer éin Jord-dag 243 dagar. Berre på denne måten kan han halde lovnaden sin. Trump er kanskje ein meister når det gjeld å forhandle fram ein avtale om å bygge eit hotell, men han aner ikkje korleis han skal stoppe krigen i Ukraina.

Prosessen har stansa opp – ikkje fordi russarane er uforsonlege, men fordi Europa og Ukrainas Zelensky legg ut vegsperringar. Svartehavsavtalen, til dømes, heng på om Europa opphever økonomiske sanksjonar på korn- og gjødsel-eksport frå Russland og igjen tilkoplar ein av Russlands viktigaste bankar til SWIFT. Europa sa: «Ikkje faen!»

Trump uttrykte også sinne over at president Putin sa han ikkje ville snakke med Zelensky. Sjølv om Trump sjølv kalla Zelensky ein diktator, insisterer Donald på at Putin må snakke med den grøne nissen. President Trump innser tydelegvis ikkje at Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj vedtok eit dekret den 4. oktober, 2022, basert på ei avgjerd frå Det nasjonale sikkerheits- og forsvarsrådet (NSDC) den 30. september, 2022, som forbyr forhandlingar med Russlands president Vladimir Putin. Sjølv om Putin skulle bestemme seg for å involvere Zelensky i morgon, er det ifølge ukrainsk lov ulovleg å gjere det. Til å byrje med, lyt Trump gi Zelensky ordre om å trekke tilbake den ordren.

Men Trump og forhandlings-teamet hans har større problem – dei forstår ikkje at Russland ikkje under noko omstende vil akseptere ei fullstendig våpenkvile, og heller ikkje inngå kompromiss om dei punkta som Vladimir Putin la fram for senior-tenestemenn i Russlands utanriksdepartement i juni 2024. Marco Rubio og team’et hans greier ikkje fatte dette:

USA ser eit fredeleg forlik i Ukraina gjennom å oppnå ei fullstendig våpenkvile og forhandlingar mellom Moskva og Kiev utan å introdusere ei provisorisk regjering i landet – Utanriksdepartementet

➖«Vi jobbar med den forståinga at forhandlingane vil kreve at Russland og Ukraina tek tøffe avgjerder og kompromiss. Og vi jobbar med Russland og Ukraina, og vi har til hensikt å halde fram arbeidet vårt for å bringe dei til forhandlingsbordet,» sa utanriksdepartementets talsperson Tammy Bruce på ein pressekonferanse.

Mange i Trump-administrasjonen, ved sidan av ekspertane og analytikarane som befolkar Washingtons tankesmier, innbillar seg framleis at Russland lir forferdelege millitære tap og at den russiske økonomien er i ferd med å kollapse.

Du kjenner kanskje til det gamle ordtaket eit bilde fortel meir enn tusen ord. Viss dét stemmer, så må ein video fortelle meir enn ei bok på lengde med Krig og fred. Sjekk ut denne videoen, som samanliknar T-bana i New York City med Moskvas metro-system. Så kan du fortelle meg kven som har sterkast økonomi.

La oss ta ein kik på bind to av Krig og fred. Europearane lullar seg framleis inn i fantasien om at dei er ei reell makt i globale saker og må takast på alvor. Dei trur dei kan samle ihop ein militær styrke som får russarane til å skjelve av frykt. Så dei prøvde å skyte opp sin første rom-rakett i dag [på Andøya, mrk.]. Videoen stadfester på ny innstillinga mi om at Europa er eit klovne-show.

Kanskje er dette ein del av eit utspekulert europeisk komplott – dei håpar at russarane vil døy av latter når dei ser europearane sitt tafatte forsøk på å skyte opp ein rakett.

Adam Entous sin artikkel i New York Times, som eg slakta i går (nesten alle truverdige analytikarar på internet slakta den óg) la fram ugjendrivelege bevis for at USA har gjort mange krigshandlingar mot Russland. Det er eit mirakel at Russland ikkje har slått tilbake. I staden har Putin og generalane hans vald å fokusere på å øydelegge Ukrainas militære, og som ein sidegevinst utarme NATO si evne til å levere våpen og ammunisjon.

Vestlege vrangførestillingar er ikkje avgrensa til Russland. Kina får óg den same nedlatande behandlinga. Men sjekk ut følgande video [der kinesarane bygger ein skyskrapar på 57 etasjar på berre nitten dagar, mrk.]. Eg trur ikkje det finst eit einaste europeisk eller amerikansk byggefirma som kunne gjort det som kinesarane gjer, og ikkje berre i dette tilfellet, men i gjentatte prosjekt over heile Kina.

Eg vil avslutte med eit par videoar frå i dag. Først den vanlege måndags-samtalen med Judge Napolitano. Den andre av intervjuet som George Papadopoulos og kona Simona gjorde med meg på fredag. Eg har håpa på denne sjansen dei siste åtte åra, for eg ville gjerne forklare til George korleis britisk og US-amerikansk etterretning, saman med FBI, konspirerte om å bruke han som ei brikke i spelet om å angripe Donald Trump.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Skjermdump fra video

https://sonar21.com/trumps-negotiators-fail-to-understand-russia-and-europe-crashes-and-burns/

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar