Derimot: Alltid nyttig å kjenne motpartens standpunkter. Hvordan betrakter den russiske etterretningstjenesten verdenssituasjonen? – Derimot
derimot.no:
Eit etterretningsperspektiv på verda
av Andrew Korybko
Global Research, 25. november, 2024
Sjefen for Russlands utlandsetterretningsteneste (SVR) Sergey Naryshkin gav eit kort intervju med bladet National Defense , der han forklarte korleis han ser på verda. Etter hans syn har Vesten blitt svekka, sjølv om dollaren framleis er den universelle valutaen. Han sa og at landa i sør («Det globale sør») er forsiktige med å ta imot teknologi og investeringar frå Vesten, fordi dei ikkje ønsker å betale for det med sin suverenitet. Dei er også skeptiske til Vestens utstrekning [tentaklar, mrk.] og løfta om global reform.
Den historiske oppstiginga til den eurasiske makro-regionen har gått parallelt med Vestens nedgang. Multipolare prosessar er meir aktive der enn nokon annan stad; det er derfor regionen er i målsiktet til Vestens splitt-og-hersk-planar. Desse vil berre tene til å forenkle opprettinga av ein eurasisk sikkerheitsarkitektur som kan sikre stabiliteten på superkontinentet. Den største trusselen nett no er NATO sin proksy-krig mot Russland via Ukraina, men Russlands oppdaterte atomdoktrine gjer det umogleg å vinne strategisk over Russland.
Den forringa profesjonaliteten til Vestens byråkratiske klasse er skuld i at Vesten trudde dei kunne nedkjempe Russland via Ukraina i første omgang. Desse folka er manisk opptatte av å bevare si sides dalande overherredømme, på bekostning av levestandarden til deira eigne innbyggarar.
«Berre ignorantar eller kjeltringar er i stand til å delta i eit så kynisk spel,» la Naryshkin til og spotta korleis dei har villeidd folk til å tru at det å støtte Ukraina er til deira eige beste.
Artikkelen som hans amerikanske og britiske motpartar publiserte ihop i Financial Times i september «er også bevis for at noko er gale i den moderne Vestlege sivilisasjonen», sidan dei ikkje prøvde å rettferdiggjere aktivitetane til organisasjonane sine i den offentlege sfæren, gitt at alt angiveleg gjekk etter planen. Resten av utsegnene hans var innom aspekt ved institusjonen hans si historie, korleis dei arbeider, og råd til framtidige kandidatar. Alt som er delt her vil no bli analysert i ein større kontekst.
Det vi ser, er at SVR (Russlands Etterretningstjeneste) er overtydd om at visse globale trendar er irreversible, nemleg Vestens nedgang og oppgangen til den eurasiske makro-regionen, men ingen av dei har enno kulminert, så det kan dukke opp overraskingar undervegs. Her ligg viktigheita av arbeidet deira med å skaffe privilegert informasjon om desse trendane, inkorporere denne i analysane, og informere beslutningstakarane om den mest effektive måten å fremje Russlands nasjonale interesser på under desse tilhøva.
Orda hans om opprettinga av ein eurasisk sikkerheitsarkitektur er utan tvil ambisiøse, men dei er viktige fordi det er dette langtsiktige målet Russland offisielt siktar seg inn mot, og det vil kreve rikeleg med arbeid før ein kan oppnå handgripeleg framgang. Til dømes rår det framleis mykje mistillit mellom Kina og India, trass i deira spirande tilnærming til kvarandre, og ein treng ikkje ein gong nemne mistilliten mellom India og Pakistan eller mellom dagens India og Bangladesh etter sistnemndes USA-støtta regime-skifte.
Vi har og den maritime disputten mellom Kina og Vietnam i Sørkinahavet, samt vedvarande mistankar som Iran og Saudi-Arabia har mot kvarandre trass i tilnærminga dei imellom våren 2023. Desse og andre problem er herkulske utfordringar i seg sjølve, for ikkje å snakke om samla, men Russland har utmerkte relasjonar med begge land i kvart disputt-par, så Russland er godt posisjonert til å enten mekle eller kome med forslag (førespurde eller uoppfordra) til løysingar.
Medan USA vil splitte og herske over Eurasia for å sakke ned nedgangen til sitt unipolare hegemoni, vil Russland bringe alle i hop for å akselerere multipolare prosessar. Til dette føremålet kan det å vidareformidle etterretning om USAs nemnde planar til dei landa som er utpeika som offer for komplotta, i stor grad motverke dei og deretter styrke tilliten som krevst for at Russland skal kunne bidra til å løyse dei regionale tvistane politisk. Dette er den uvurderlege fordelen med å vere partnar med Russland.
Framover er Russland venta å halde fram med å spele ei sentral rolle i Eurasias gradvise konsolidering som ein makro-regional aktør i den framveksande multipolare verdsordenen gjennom sine militære middel til å slå NATO i Ukraina og sine hemmelege tenesters middel, som skildra over. Ikkje noko anna land spelar ei rolle som i det heile tatt liknar på Russland si, men det betyr ikkje at dei ikkje er viktige, berre det at økonomiske middel ikkje strekk heilt til for å akselerere desse prosessane.
Di nærare Russland koordinerer sine militære/etterretningsmessige roller med dei økonomiske rollene til Kina, India og andre topp-statar i sør, dess raskare kan det heile utfalde seg. Rammeverket Russland/India/Kina (RIC) vil derfor halde fram med å vere det mest sentrale under denne perioden, følgd av like store delar BRICS og SCO, som begge har RIC som sin kjerne-akse. Viss den sino-indiske tilnærminga lykkast – noko Russland vil oppmode til men ikkje blande seg inn i, – då vil verda endre seg radikalt til det betre.
Denne artikkelen vart først publisert på forfattarens Substack, Andrew Korybko’s Newsletter.
Andrew Korybko er ein amerikanske, Moskva-basert politisk analytikar som har spesialisert seg på forholdet mellom USAs strategi i Afro-Eurasia, Kinas One Belt One Road global vision of New Silk Road connectivity, og Hybrid krigføring. Han bidrar regelbunde til Global Research.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebildet: KI-generert
Copyright © Andrew Korybko, Global Research, 2024