Derimot: Advokater går ut mot Pandemiavtalen. WHO er et ikke-valgt mafia-lignende organ og kan ikke styre helsepolitikken i verdens land.

derimot.no:

Advokatar frå ti land går kraftig ut mot Pandemitraktaten

Ei gruppe advokatar som kallar seg Anwälte für Aufklärung («advokatar for oppklaring») hadde måndag 3.juli eit møte i den tyske byen Köln, og ei pressemelding vart i samband med møtet og den påfølgjande pressekonferansen sendt ut. Dr. Alexander Christ er talsmann i denne advokatgruppa, som har base i Berlin. I pressemeldinga står det mellom anna å lese (mi omsetjing):

«Vi advokatar avviser planen om å lage ein pandemitraktat av Verdas helseorganisasjon (WHO) og å lage tillegg til helseretningslinjene IHR. Spesifikt ber vi statane i Europa om å ikkje ta del i planane om å gje WHO langtrekkjande rettar i framtida til å erklære framtidige pandemiar, so vel som å etablere retningslinjer for å nedkjempe slike pandemiar, der medlemsstatane vil måtte lyde blindt og utan noka vidare moglegheit for nasjonal intervensjon eller gjennomgang.»

Vidare skriv advokatgruppa at for å reagere meir effektivt og tydeleg i framtida på brot på grunnleggjande menneskerettar og restriksjonar på fridom og basale rettar mot befolkningar i demokratiske statar, har advokatane i fellesskap danna ei internasjonal adokatforeining, The International Association of Lawyers for Human Rights (IAL), «den internasjonale advokatforeininga for menneskerettar». I det sokalla grunnleggingsdokumentet er det 27 signaturar, men det er venta at foreininga vil vekse betydeleg. Stiftinga består mellom anna av advokatar frå Austerrike, Tyskland, Sveits og Spania.

Ein av grunnane til at denne konferansen vart halden i Köln 3.juli, var å utvide det internasjonale samarbeidet til advokatar som allereie har kritisert dei ulovlege statlege tiltaka som fann stad under covid-19-«pandemien», og kor sårbare nasjonale lovverk var i dei landa der WHO sine supranasjonale tiltak vart innført. Advokatgruppa fryktar med rette at liknande brot på nasjonale lover vil finne stad i framtida, iallfall om WHO får viljen sin, som er å bli det øvste autoritative organet som over natta – og utan lokale politiske diskusjonar i medlemslanda – kan innføre nedstengingar, vaksinepåbod, maskepåbod og andre brot på grunnleggjande menneskerettar.

Advokatgruppa meiner at menneskerettane er ukrenkjelege, og at dei under ingen omstende må ugyldiggjerast av ein WHO-pandemitraktat, til og med ikkje – og iallfall ikkje – under pandemiar eller andre helsekriser. Folks sjølvbestemmingsrett er sjølve grunnlaget i eit demokratisk samfunn, for det er frå folket makta kjem. Ytringsfridom er ein menneskerett, og den sensuren vi såg under «pandemien», og alle sanksjonane mot dei som ytra seg kritisk til tiltaka, var dermed berre éin av måtane menneskerettane vart brotne på.

Dei nye internasjonale helseretningslinjene (IHR) skal leggjast fram på WHO si generalforsamling i 2024. Advokatgruppa skriv:

«Ifølgje den noverande kunnskapstilstanden, som ein kan finne på Europarådet si heimeside, blant andre, har pandemitraktaten og tillegga til IHR som mål å føre Verdas helseorganisasjon inn i rolla som ei de facto ‘verdshelseregjering’ som ein supranasjonal og global superorganisasjon.»

Kort fortalt vil WHO – dersom denne traktaten og tillegga til helseretningslinjene blir vedtekne – få rolla som koordinerande autoritet for globale helseproblem, noko som ta frå medlemslanda sjølvråderetten over folkehelsa. I tillegg opnar dette opp for omfattande overvaking og sensur, som er rettferdiggjort gjennom bekjemping av «feilinformasjon». Advokatgruppa meiner at dette vil føre til eit globalt, paternalistisk overvakingssystem frå WHO si side, som er i direkte strid med eksisterande lovar og reglar. I utgangspunktet kan ein supranasjonal organisasjon berre gripe inn og overta styringa i eit land om landet sjølv ikkje er i stand til det. I verste fall kan ei slik overstyring bli hovudregelen. Advokatgruppa meiner at innføring av folkehelsetiltak må bestemmast lokalt, ettersom det jo er dei lokale helsetenestene som kjenner best til den lokale sjukdomssituasjonen. Under «pandemien» vart det innført landsdekkjande tiltak uavhengig av lokal «smitte»-situasjon. Som dei skriv om WHO si «handtering» av covid-19:

«I den tidlegare korona-pandemien, til dømes, viste WHO gjennom eit globalt nederlag at dei ikkje på noko tidspunkt var i stand til å vurdere situasjonen riktig. Overføring av makt til ein anonym, ikkje demokratisk legitimert organisasjon med ein mafia-liknande struktur, som får midlar frå tvilsame pengekjelder og har nær relasjon til den farmasøytiske lobbyen – for å seie det mildt – og som i framtida vil vere i stand til å ukontrollert avgjere når ein pandemi har brote ut, når den er over og korleis folk over heile verda skal oppføre seg, må på det sterkaste avvisast.»

Dette innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: Eric Masur

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...