Derimot: 12 US-senatorer truer den internasjonale straffedomstolen:Ingen arrestordre mot Netanyahu! – Derimot

derimot.no:

Den internasjonale straffedomstolen sendte en arrestordre mot president Putin for angivelig å ha bortført ukrainske barn til stor jubel fra vestlige ledere og medier. Det viste seg å være basert på falske anklager. Mange av ungene dukket opp i Vest-Europa.

Nå får pipen en annen lyd når det antydes at domstolen kanskje kan skrive ut en arrestordre mot Israels president Netanyahu for Israels krigsforbrytelser i Gaza. Straffedomstolen var bare ment for afrikanere og serbere før den (ICC) prøvde seg på Putin. Går de et stort skritt videre mot en av stor-terroristene har de utspilt sin rolle ifølge disse US-senatorene.

Knut Lindtner
Redaktør

Republikanar-senatorar truar ICC: «Går de imot Israel, går vi imot dykk»

Senatorane trua med ‘alvorlege sanksjonar’ og refererte til ei lov som vil la USA bruke makt mot domstolen

av Dave DeCamp 

Ei gruppe på 12 Republikanar-senatorar sende eit brev til sjefsanklagaren i Den internasjonale straffedomstolen (ICC) som trua med «alvorlege sanksjonar» og hinta om også andre tiltak dersom domstolen skulle skrive ut ein arrestordre på Israels statsminister Benjamin Netanyahu og andre israelske offentlege tenestemenn.

I brevet, datert 24. april, refererer senatorane til lova American Service-Members’ Protection Act (2001), ei lov som gir presidenten fullmakt til å bruke alle middel han vil til å få frigitt US-amerikansk eller alliert personell som ICC har tatt i forvaring. Lova blir på folkemunne kalla Haag-invasjonslova.

«Viss de skriv ut arrestordre på leiarskapet i Israel, vil vi tolke det som ikkje berre ein trussel mot Israels suverenitet, men også ein trussel mot suvereniteten til USA. Landet vårt demonstrerte i American Service-Members’ Protection Act kor langt vi er villige til å gå for å forsvare den suvereniteten,» står det i brevet.

Senatorane sa at ICC ikkje har jurisdiksjon til å skrive ut arrestordrar, sidan verken USA eller Israel er medlemmar av domstolen. Men staten Palestina, som inkluderer Gaza og Vestbreidda, vart godtatt som medlem i 2015, og arrestordren ville vere relatert til Israels gjerningar i Gaza.

Brevet konkluderer med at «USA vil ikkje tolerer politiserte angrep frå ICC på våre allierte. Går de imot Israel, så går vi imot dykk. Viss de held fram med tiltaka som denne rapporten indikerer, så vil vi ta steg for å stoppe all amerikansk støtte til ICC, sanksjonere dykkar tilsette og dykkar medlemmar, og forby dykk og familiane dykkar tilgang til USA. De har blitt åtvara.»

Den 3. mai erklærte ICC at dei fordømmer truslar mot domstolen og at forsøk på å «hindre, skremme eller på upassande vis påverke» ICC-tenestemenn straks måtte stoppe.

Netanyahu har bede andre land motarbeide arrestordren og sa at dersom det vart skriven ein ut for hans folkmordskrig i Gaza, så ville det vere eit «uhøyrd antisemittisk hat-brotsverk.»

Dei 12 Republikanske senatorane som sende brevet var Mitch McConnell, Tom Cotton, Marsha Blackburn, Katie Boyd Britt, Ted Budd, Kevin Cramer, Ted Cruz, Bill Hagerty, Pete Ricketts, Marco Rubio, Rick Scott og Tim Scott.

Omsett av Monica Sortland

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...