Argument: Kan Rødt overleve sanninga om Ukraina-konflikten?

argumentagder.no

Argumentagder.no:

Synspunkt 15.05.2024: Raudt har late vere å analysera dei underliggjande årsakene til krigen i Ukraina. For leiinga i Russland er dette ein eksistensiell konflikt som landet ikkje kan tillata å tapa.

Av Einar Oltedal, medlem av Rødt, publisert 15.05.2024

Krigen i Ukraina går nå mot slutten, og vil truleg ende med ein fullstendig kapitulasjon for Ukraina. Russland vil med makt kunne tvinge gjennom sitt hovudkrav, eit nøytralt Ukraina utan utanlandske styrkar. På vegen dit har eit heilt land blitt øydelagt med over ein halv million døde ukrainarar. Det er ufatteleg å tenke på kor enkelt alt dette kunne har vore unngått. Men leiinga i Rødt har fullstendig gløymt lærdomen til to framståande skandinaviske fredsforskarar, Johan Galtung og Jan Øberg. Skal ein unngå krig må ein forstå og analysere konflikten som ligg bak krigen og vere villig til å lytte til alle partar i konflikten.

På nettsidene til Rødt finns det inga analyse av konflikten bak krigen, og det er ikkje snakk om å prøve å forstå russerane sine argument men bare å demonisere Putin. Det finns ei rekke politikarar og historikarar som har analysert denne konflikten. Kven kan vi stole på? Vi lyt gå til ekspertar som har synt ein kritisk distanse til partane i konflikten, til Washington, Kreml, Kiev og NATO. På ei rekke uavhengige nettkanalar har fleire slike ekspertar stått fram, ikkje minst amerikanarar med god kjennskap til både USA og Russland. Eg kan nemne eit par, John Mearsheimer, Jeffrey Sachs, Ray McGovern og Lawrence Wilkerson. Deira syn på Ukraina-konflikten blir delt av 80% av jordas politikarar.

Ukraina-konflikten spring ut av tryggingssituasjonen til Russland etter Sovjetsamveldets fall. Den kalde krigen var slutt, og vi håpte alle at nå var ein fredeleg sameksisten i Europa mogleg. Men så såg vi utover 90-talet at USA hadde andre tankar. Deira politikk var å utvide NATO til alle land i Aust-Europa utanom Russland. Desse landa skulle få sikkerheit i NATO, medan Russland ikkje skulle få tilsvarande. Det å true sikkerheita til eit land er eit klar brot på folkeretten.

Med bakgrunn i Den kalde krigen og det USA støtta oligark-veldet i Russland på 90-talet, er det ikkje vanskelelg å forstå at for Russland var NATO-rakettar i Ukraina og Georgia ein eksistensiell trussel, ein provokasjon, og leiarane i Kreml var samstemde i sitt krav om eit nøytral Ukraina.

Kvifor måtte så USA støtta eit valdeleg og udemokratisk kupp i Kiev i 2014? Eit kupp som førte nasjonalistiske, anti-russiske og NATO-vennlege krefter til makta, og som sette hindringar i vegen for bruk at det russiske språket.

Det braut så ut ein konflikt mellom dei som støtta og dei som var imot dei nye leiarane i Kiev. Konflikten blei valdeleg og langvaring. Det blei fohandla fram våpenkvile gjennom Minsk-avtalar. Minsk II avtalen vart godkjent av tryggingsrådet i FN. Dei som underskreiv, Frankrike, Tyskland og Ukraina braut seinare denne avtalen. Dette var også eit klart brot på folkeretten (Hans Ebbing på Steigan.no).

Russland er sjølvsagt ansvarleg for krigshandlingane som starta i februar 2022. Men Jeffrey Sachs går langt i å hevde at invasjonen vart provosert fram av USA og NATO. Det var sjølvsagt ingen fullskala invasjon. Det vart med ein gong starta forhandlingar om våpenkvile. I Istanbul i april var ein avtale klar, der Zelensky ville akseptere eit nøytralt Ukraina. Men så reiste Boris Johnson til Kiev og overtalde Zelensky til ikkje å akseptere fred, Vesten skulle forsyne Ukraina med alle nødvendige våpen.

Dei ekspertane eg refererer til var sameinte om at Russland ikkje ville kunne tape denne krigen, nettopp fordi at dei oppfatta at heile landets eksistens stod på spel. NATO-landa derimot nekta å diskutere sikkerheit med Russland og satsa på at Russland ville tape i ein krig. Men nå er det altså NATO og Vesten som blir den tapande part.

Men kanskje er det største tapet for dei kreftene i Vesten som arbeider for fred gjennom dialog og konfliktløysing. Med si manglande evne og vilje til å analysere årsakene til Ukraina-konflikten har Rødt stilt seg på linja til eit konfliktskapande Vesten dominert av USA.

Kommentarer? Gå til vår Facebook-side eller send til post@argumentagder.no

Les artikkelen direkte fra kilden

Legg igjen en kommentar