Akkurat nå er det Ukraina, men det er også andre konflikter. Konfliktlinjene mellom USA/Nato.

Denne artikkelen er skrevet før den russiske innmarsjen i Ukraina men inneholder tross dette noen svært interessante betraktninger. Selv om de dramatiske begivenhetene i etterkant har overskygget de mer langsiktige perspektivene som fremkommer her, så betyr ikke det at ikke det som Thierry Meyssan her skriver ikke er viktige. Det kan også være viktig å få en analyse av de begivenhetene som ledet opp til den russiske intervensjonen. Artikkelen er nr. 7 i en serie analyser av verdenssituasjonen.

Redaksjonen

Washington slår alarm, medan dei allierte trekk seg tilbake

av Thierry Meyssan

Biden-administrasjonen slår alarm; dei annonserer eit snarleg angrep og sikkert tap for Russland. Men den eine etter den andre av deira hovudallierte surmular. Russland, for sin del, minner om krava sine frå den 17. desember, 2021 (at USA skal respektere internasjonal lov) og demonstrerer sitt militære overtak. Sløret er i ferd med å få rifter.

VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 22. FEBRUAR 2022

Denne artikkelen er ein oppfølgar til :
 1. “Russia wants to force the US to respect the UN Charter,” January 4, 2022.
 2. “Washington pursues RAND plan in Kazakhstan, then Transnistria,” January 11, 2022.
 3. “Washington refuses to hear Russia and China,” January 18, 2022.
 4. “Washington and London, deafened“, February 1, 2022.
 5. “Washington and London try to preserve their domination over Europe“, February 8, 2022.
 6. “Two interpretations of the Ukrainian affair”, 16 February 2022.

I rampelyset gir USA, som framleis vegrar seg for å respektere internasjonal lov, og særleg FN-konvensjonen, unnvikande svar på det russiske forslaget om ein avtale som skal garantere freden, og dei eskalerer spenningane i Ukraina. Dei har auka spenningsnivået ved å skulde Russland for å førebu krig. I kulissane førebur Washington nye konfrontasjonsscener i Transnistria og Midtausten.

Russland har nekta for USA sine påstandar. Som svar har dei testa si militære overmakt.

Møte i Moldova-Transnistria-kommisjonen i OSSE sine lokale i Tiraspol.

TRANSNISTRIA

USA følger Rand Corporation sin plan og prøver organisere ein konflikt i Transnistria. Blokaden av denne vesle, uavhengige, men ikkje anerkjende republikken, fungerer ikkje. Trass dei ukrainske grensevaktene som EUs høgrepresentant Josep Borell har ut plassert, så forblir den moldovanske grensa open. President Maia Sandu, som driv kampanje for at landet hennar skal gå inn i EU, ønsker ikkje ein krig i Transnistria. Ho tenker erstatte den russiske kontingenten i Tiraspol med ein sivil styrke frå OSSE, og ho gir ikkje opp å gjenopprette Transnistria.

Transnistria – Store norske leksikon
Transnistria i mørkegrønt (Fra Snl)

Laurdag den 12. februar bad Transnistrias styresmakter USAs ambassadør om å sørge for at ikkje US-amerikanske våpen ville nå Moldova via tredjeland Dei la vekt på at slike overføringar truar freden og går imot ånda til internasjonale avtalar.

Onsdag den 16. februar drog ein delegasjon frå Transnistria til Moskva for å søke om hjelp. Dei meinte den opna grensa til Moldova ikkje ville halde mykje lenger: den moldoviske hæren, under Pentagon og EU sitt overoppsyn, driv med utplasseringar i den nøytrale sona, eit brot på internasjonale avtalar dei har forplikta seg til å halde.

Fredag den 18. februar vart det halde eit møte mellom Transnistria og Moldova («1+1») i Tiraspol, i OSSA sine kontorlokale. Forhandlingane handla berre om detaljar. Det går ikkje lenger å køyre eit transnistrisk fartøy ut: nummerskilta ber symbol på utskiljing. Kvar sjåfør må difor skifte nummerskilt på grensa. Sameleis er det ikkje lenger mogleg å reise inn i Transnistria med medisinar, ikkje ein gong livsviktige medisinar, utan ei forklaring. Alle medisinar blir kverrsette av moldovansk toll, med EU-tenestemenn til stades.

Sergei Shoigu i Damaskus.

SYRIA OG LIBANON

Det er særleg i Syria og Libanon at spenningane stig. Sidan slutten av oktober har USA og Tyrkia rekruttert jihadistar igjen blant dei som er under oppsyn i Idlib. Nokre har blitt sende til Ukraina, men dei fleste har blitt hyrde inn til fornya teneste mot Syria og libanesiske Hizbollah. Men dei fleste av dei er kjende for å vere fæle krigarar.

For å strukturere desse soldatane, har CIA organisert eit engrep på eit fengsel i Hassake, der kurdiske leigesoldatar heldt 3500 IS-medlemmar fanga. Kurdarane spelte med i iscenesettinga og nytta høvet til å erklære at dei trengde fleire våpen og meir støtte frå USA til å halde på fangane. Dei fleste av jihadistane sprang derifrå og slutta seg til CIA. Deretter overførde US Army denne gongen dei få IS-leiarane som kurdarane hadde henta inn att til eit anna fengsel, på ukjend lokasjon, der CIA venta på dei. Slik ser alt vel ut på overflata, men realiteten er at USA på ny organiserer IS.

Dei to fjesa til Abu Mohammad al-Julani, den svært så synlege leiaren av al-Qaida i Syria.

Reorganiseringa av al-Qaida har blitt meir synleg. Abu Mohammad al-Julani, leiaren for al-Qaida i Syria og seinare emir av Tahrir al-Sham, har gitt seg sjølv ei overhaling. Britane har lært han å gå i vestleg dress og snakke utan å true med å kappe hovudet av dei som opponerer mot han. Men han er framleis leiaren for al-Qaida i Syria.

Det var i denne konteksten at Russlands forsvarsminister Sergei Shoigu besøkte Damaskus den 15. februar, og utanriksminister Sergej Lavrov, er venta der på måndag den 21. februar.

Allereie har Hassan Nasrallah, generalsekretæren til Hizbollah, stadfesta overfor Al-Alam TV at motstandsnettverket hans har skaffa seg antiluftskyts til å verne Libanon frå israelske luftstyrkar som krenkar luftrommet deira kvar dag. I tillegg avslørte Hizbollah at dei hadde sendt ei drone over Israel som hadde floge i lang tid utan å bli skoten ned av hæren. Kort tid før hadde syriske og russiske luftstyrkar starta patruljering over dei syriske Golanhøgdene, som er illegalt okkuperte av Israel, utan at Tel Aviv reagerte.

Utanriksminister Anthony Blinken i FNs Tryggingsråd.

UKRAINA

For å fullt ut forstå kva som skjer i Ukraina, treng vi å gå tilbake nokre dagar. Den 11. februar kalde president Joe Biden saman sine hovudallierte til eit videomøte. Han fortalde dei om ein snarleg førekomande russisk invasjon av Ukraina. Bloomberg rapporterte om at etterretninga føresåg at det skulle skje om natta mellom den 15. og den 16. Så talte president Biden til medborgarane sine på fjernsyn. Han fortalde dei at dersom Russland skulle angripe, så ville det koste dei dyrt, og at USA og deira allierte var klare.

Før han heldt denne talen, hadde Russland allereie kunngjort at dei skulle trekke troppane sine tilbake frå Kviterussland og den ukrainske grensa, og at dei militære øvingane deira var over, men Washington hadde ikkje hatt tid til å sjekke. Moskva hevda at NATO-element dreiv med førebuingar til ein provokasjon, noko Pentagon hadde skulda Russland for nokre veker tidlegare. Uansett vart det vanskeleg for dei allierte å skulde Moskva for å invadere Ukraina.

Den 15. februar vedtok den føderale Dumaen ein resolusjon som Kommunistpartiet (d.v.s. nasjonalistane) hadde introdusert, der president Putin var beden om å anerkjenne uavhengigheita til dei to Folkerepublikkane Donetsk og Luhansk. Med andre ord: viss Ukraina skulle utnytte Russland si militære tilbaketrekking til å angripe Donbas, så ville Russland anerkjenne uavhengigheita til Donbas og bli tvungen til å intervenere, fordi grunnlova slår fast at presidenten er ansvarleg for liva til medborgarane sine. Men fleirtalet av innbyggarane i Donbas har trippel nasjonalitet: ukrainsk, uavhengig og russisk..

Same dag tok president Putin imot den tyske kanslaren, Olaf Schlotz. Som med Frankrikes president, Emmanuel Macron, vart møtet særs langvarig. Det ser ut til at russaren for gjesten sin la ut i detalj om viseutanriksminister Victoria Nuland sitt besøk i the Kreml. Forvirra over det han fekk høyre, ga kanslaren – som den franske presidenten – avkall på å kome med anti-russiske ytringar då han returnerte til Berlin. Same scenario vart repetert den 19. februar med den brasilianske presidenten, Jair Bolsonaro.

Natta mellom 15. og 16. invaderte ikkje den russiske armeen nokon stat. Media i USA bad National Security Advisor Jake Sulivan forklare korfor han hadde lagt fram denne bestemte datoen, men han trekte seg og sa han aldri hadde gitt nokon dato.

Heilt uventa drog utanriksminister Antony Blinken til FNs Tryggingsråd den 17. februar. Han skulda Russland for «hardnakka brot på» punkta i Minsk-avtalen, sjølv om det er Minsk som avviser dei. Han sa han intervenerte for å forsvare «den internasjonale ordenen basert på reglar som bevarer stabiliteten i verda», det vil seie ikkje internasjonal rett, men Vestens rett. Så avslørte han Kreml sin skjulte plan: «Russland planlegg å fabrikere eit påskott for sitt angrep. Det kan vere ei valdeleg hending som Russland vil gi Ukraina skulda for, eller ei villfaren skulding som Russland vil gjere mot den ukrainske regjeringa. Vi veit ikkje nøyaktig kva form det vil ta. Det kan vere ei såkalla «terrorist»-bombing inne i Russland, den påståtte oppdaginga av ei massegrav, eit fingert droneangrep mot sivile, eller eit falskt – eller til og med ekte – angrep med kjemiske våpen. Det er mogleg at Russland vil kalle denne hendinga for etnisk reinsing eller folkemord, og ringeakte eit omgrep som vi ikkje tar lett på i dette forumet, og som eg ikkje tar lett på på grunn av familien min si fortid.»

Filosofen Leo Strauss lærde sine næraste studentar å skape eit verdsdiktatur for å verne seg mot eit nytt Shoah. Han trente opp dei viktigaste leiarane av Project for a New American Century.

Ved dette tilfellet refererte Antony Blinken til sin stefar, Samuel Pisar, som oppseda han i Paris. Pisar var ein overlevar etter «Endeløysinga på jødespørsmålet». Men han utvikla ikkje av den grunn noko hat, berre eit utprega medvit om vondskap. Han vart seinare rådgivar for president Kennedy, deretter internasjonal advokat for dei største konserna. Han var opprørt over orda til professor Leo Strauss, som påstod at det for det jødiske folket var utilgiveleg å sjølv opprette eit verdsdiktatur for å unngår eit «nytt Shoah». Samuel Pisar ville visseleg vorte fælen om han hadde sett kva svigersonen og gruppa han har danna saman med sin vara Victoria Nuland og rådgivaren for den nasjonale tryggleiken Jacob Sullivan, skulle utvikle seg til.

OSSE stadfestar at kampane har starta opp att i Donbas. Element av den ukrainske armeen under USAs overoppsyn, sannsynlegvis Azov-bataljonen og ei anna gruppe, bombar separatistane. Presidentane av dei to uavhengige republikkane Donetsk og Lugansk har bedde sine medborgarar om å mobilisere dersom dei er menn mellom 18 og 55 år gamle, eller søke tilflukt utanlands dersom dei er kvinner, barn eller eldre som bur i nærleiken av den militære kontaktlinja. Russland har erklært at dei er villige til å ta imot dei alle. Kvar region av føderasjonen har kunngjort at dei vil skape mottaksstrukturar. Den føderale regjeringa tilbyr dei ein liten sum pengar til sitt midlertidige opphald.

For utanriksdepartmentet, som har gitt sine landsmenn ordrar om å forlate Ukraina, er denne folkeflyttinga bevis for at Moskva vil gå på offensiven … Begge partar tolkar kvar bit informasjon på motsett måte.

Då Israel vegrar seg for å ta parti i konflikten, har dei gitt opp å installere ein «jern-kuppel» (antiluftskytssystem) på vegner av Kiev mot Donbas.

Viseutanriksminister Victoria Nuland (kona til Project for a New American Century-grunnleggar Robert Kagan) reiser verda rundt for å åtvare mot Russland. Denne veka var ho i Colombia.

Den 18. februar talte president Biden til US-amerikanske Kongress-menn og sin visepresident, som representerte landet sitt ved Tryggingskonferansen i München. Han kalla då saman sine transatlantiske allierte via videokonferanse. Han gratulerte seg sjølv for å ha forseinka det russiske angrepet, og skulda Moskva for å halde fram med planane sine. Han sa at alle dei allierte var klare, og at Russland, dersom dei gjekk til verks, skulle få sjå.

President Putin svarte med å gi ordre til ein demonstrasjon av Føderasjonens kjernefysiske styrke. Fleire missilar med ulik rekkevidd vart avfyrte frå land, ein ubåt, overflateskip og luftfartøy. Dei var ladde med konvensjonelle våpen, og alle traff mål medan utlandske observatørar var til stades, inkludert ein US-amerikansk offiser.

USA eskalerer spenninga med ord, Russland med gjerningar. I denne samanhengen bør vi atter repetere at USA sine militærstyrkar ikkje har kapasiteten til å drive ein høg-intensiv krig. Sjølv om dei greier øydelegge Tredjeverdsland utan problem etter å ha plassert dei under embargo i minst eit tiår, så er dei på ingen måte klare for konfrontasjon med ein moderne arme. Landets hovudallierte (Storbritannia, Frankrike og Tyrkia) er alle i same tilstand. Til dømes vart det i Paris den 16. februar lagt fram ein rapport om tilbakegangen til den franske armeen framfor Kommisjonen for nasjonalforsvaret og dei væpna styrkane. Dei deputerte slo fast at med den tilstanden utstyret var i, så ville ikkje det franske luftforsvaret stå imot dei russiske styrkane i meir enn fem dagar. Det er derfor tydeleg for alle protagonistane at NATO ikkje er klar for noka krigføring mot Russland og Kina.

Det var overraskande for alle at USA ikkje greidde å skape noka stridshuga stemning i München. Europearane var heller irriterte av det veldige presset frå Det kvite hus. Kanslar Scholtz talte med monoton røyst og passa seg for å seie noko kompromitterande. Alle i rommet visste at ei gransking av ei smussig affære han hadde vore involvert i under si teneste som borgarmeister av Hamburg på mystisk vis hadde vakna til live igjen. Mange førestilte seg at han hadde blitt utpressa. Den ukrainske presidenten, Volodymyr Zelensky, som Det kvit hus hadde prøvd å overtale til å ikkje kome, var sentrum for all merksemd. Han bad gong på gong om hjelp, ikkje så mykje frå Moskva som frå Washington.

Jake Sullivan, tidlegare rådgivar for visepresident Biden, deretter National Security Advisor for den same Joe Biden straks denne vart president.

EIT FORSIKTIG FORSØK PÅ KONKLUSJON

Ein konfrontasjon er alltid mogleg i Ukraine, eller i morgon i Transnistria eller Midtausten. Men det svarer ikkje på det første spørsmålet som Kreml stilte den 17. desember, 2021: korleis kan USA føye seg etter og respektere internasjonal lov?

For første gong har to store tyske medium, Der Spiegel [1] og Die Welt [2], vist at Russland har rett med omsyn til forbodet mot ein NATO-ekspansjon utover aust-Tyskland. I følge ein velkjend ekspert på saka, assisterande professor Joshua Shifrinson ved Universitetet i Boston, så har media avslørt eksistensen av eit dokument datert 6. mars, 1991, som nett hadde kome ut frå Storbritannias hemmelege arkiv. I dette slår den tyske talsmannen fast: «Vi kan ikkje føreslå for Polen og andre land at dei skal gå med i NATO,» og talsmannen frå USA legg vekt på at Alliansen ikkje bør ekspandere austover, «verken formelt eller uformelt».Og, som om ikkje det var nok, så gav den tyske, tidlegare statssekretær i forsvarsdepartementet og tidlegare visepresident for OSSE, Willy Wimmer, eit intervju med Russia Today som straks vart omsett til engelsk og kringkasta i USA før det vart kringkasta i Tyskland [3]. I intervjuet vitna han om at han hadde deltatt i forhandlingane om tysk gjenforeining, og at han sjølv hadde laga utkastet til Tilleggsprotokollen som forbaud NATO-styrkar å vere utstasjonerte på territoriet til tidlegare DDR etter at gjenforeininga hadde funne stad.

Spørsmålet melder seg: korfor held Biden-administrasjonen, som ikkje har støtte frå sine allierte, fram med og trappar opp skuldingane sine mot Russland med risiko for å framprovosere ein eksplosjon? Kanskje granskinga som er i gang i USA i regi av spesialanklagar John Durnham om Det kvite hus si avlyttingsaffære framskundar saker og ting? I følge Fox News [4], mistenker anklagaren at Hillary Clinton spionerte på president Donald Trump i Det kvite hus og i heimen hans ved å avlytte all internettrafikken hans. Denne operasjonen skal ha blitt organisert av rådgivaren hennar for utanrikspolitikk, «Jake» Sullivan, noverande National Security Advisor. Det var på grunnlag av desse illegalt avlytta og manipulerte dataa at Kongressen opna riksrettssaka RussiaGate.

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland

[1] «NATO’s Eastward Expansion: Is Vladimir Putin Right?», Der Spiegel International, Klaus Wiegrefe, February 15, 2022.

[2] «Archivfund bestätigt Sicht der Russen bei Nato-Osterweiterung», Die Welt, 18. Februar 2022.

[3] «NATO did promise Moscow it wouldn’t expand, former German defense official tells RT», Russia Today, February 19, 2022.

[4] «Durham Probe», Fox News.

16 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 17 ganger.

Post Views: 62

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...