Derimot: Kan valg endre noe som helst? Makten skiftes ikke gjennom valg, bare personene som forvalter den.

derimot.no:

Det handlar aldri om presidenten, det handlar om US Empire

Presidenten er berre operasjonens ansikt, det namnet dei set på døra som blir endra med få års mellomrom for å skape illusjonen om at styresmaktene i USA lyttar til velgarane. 

Caitlin Johnstone Den 10. august, 2023

Vi snakkar heile tida om USAs presidentar – Obama gjorde slik, Trump gjorde slik, bla bla bla. Men eigentleg er det aldri presidenten som gjer desse tinga, det er imperiet. Presidenten er berre ansiktet dei set på gjerningane, namnet dei set på døra som blir skifta ut med få års mellomrom for å skape illusjonen om at US government lyttar til velgarmassens vilje.

Viss ein ser utelukkande på rådataa om USAs maktstruktur rundt om i verda (kor våpena går, kor ressursane går, kor pengane er og ikkje går, kor diplomatane er og ikkje går osv.), så kan ein ikkje frå år til år seie kva tid det har kome nye folk i Det kvite hus. Ein kan ikkje utifrå desse rådataa seie kva for politisk parti den sittande presidenten tilhøyrer eller kva slags plattform han dreiv valkamp på, og ein kan ikkje seie kva tid han vart erstatta av nokon frå det andre partiet med ein annan plattform. Imperiet sine rådata følger stort sett same mønster som før, utan nemneverdige avbrot.

Så det blir eigentleg ikkje rett å seie at «Obama gjorde dét» og «Trump gjorde dét»; i røynda er dei berre ansikta som tilfeldigvis vart sett på operasjonen då det var på tide å drepe Gadhafi eller starte «Pivot to Asia» eller sanksjonere Venezuela eller starte å væpne Ukraina eller kva som helst. Dei er ikkje leiarar som leier USAs regjering i ulike retningar basert på kva dei meiner er den beste politikken, dei er imperie-disponentar som lyttar til imperiets behov til ei kvar tid, og brukar det dei då kan mønstre av rettferdiggjering og partipolitiske forhandlingskort.

Og USAs folk får ikkje røyste på noko av alt dette. Dei får ikkje røyste på kva som vil måtte gjerast for å stette behova til det verdsomspennande imperiet, eller om det i det heile tatt burde finnast eit verdsomspennande imperium.

Imperiets åtferd står aldri på røysteseddelen. Det einaste som nokon gong står til val, er saker som aldri kan rokke ved imperiet sine operasjonar, til dømes om presidenten vil utnemne Høgsteretts-dommarar som er imot abort eller støttar våpenkontroll. Og velgarmassen blir kontinuerleg halden på ei 50/50-fordeling i så mange av desse sakene som mogleg, slik at begge sider kan trekke i tauet med all si makt, så dei ikkje vender blikket oppover og merkar at storskala-åtferda til regjeringa er fullstendig upåverka av dei små fram-og-tilbake-vinstane og -tapa i tautrekkingsspelet.

Sitter den utøvende makten i USA egentlig her eller sitter den skjult andre steder.

Den einaste grunnen til å snakke om amerikanske presidentar i form av «Obama gjorde dette» og «Trump gjorde dét», er eigentleg å understreke dette poenget. Å kaste lys over det faktum at Obama heldt fram med, og ekspanderte, den mest ondarta politikken til forgjengaren sin, og at Trump heldt fram med, og ekspanderte, den mest ondarta politikken til sin forgjengar. Å forstyrre dei tåpelege parti-narrativa om at ting blei betre under Biden eller verre under Trump, eller at Obama var progressiv eller Trump ein fredsmeklar.

Ved å peike på dei grufulle tinga som skjedde under kvar administrasjon, uavhengig av parti-tilhøyrsle og plattform, kan illusjonen om at amerikanarane kontrollerer framferda til regjeringa si ved å bruke røystene sine bli slite vekk. Ein kan på denne måten bruke illusjonen til å kjempe mot illusjonen – bruke folk si intense interesse for presidentar og valpolitikk til å dra dei inn i innsikta om at det berre er ei førestilling designa for å halde massane sine auge unna dei indre mekanismane i maskineriet.

Og då opnar moglegheita seg for ekte forandring. Jo lenger amerikanarane forblir overtydde om at dei kan røyste seg ut av problem dei aldri stemte seg inn i i utgangspunktet, desto lenger kan dei bli hindra i å bruke makta i den talmessige overlegenheita si til å tvinge fram ekte materielle endringar med ekte materielle middel.

Caitlin Johnstone

Arbeidet mitt har ikkje andre inntekter enn lesar-donasjonar, så om du likte dette stykket, er her nokre måtar du kan gi nokre pengar i tipsskåla mi på, om du vil. Alt arbeidet mitt er fritt tilgjengeleg for kopiering og bruk på alle måtar, i alle former eller format; publiser det på nytt, omsett det, bruk det på varer; kva du vil. Den beste måten å sikre at du ser det eg publiserer, er å abonnere på e-postlista mi på Substack, som vil sende deg ei e-postvarsling for alt eg publiserer. Alle verk er gjort i samarbeid med mannen min, Tim Foley.

Bitcoin donations: 1Ac7PCQXoQoLA9Sh8fhAgiU3PHA2EX5Zm2

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...