Derimot: Victoria Nuland som styrer i kulissene i USA: 11. juli er datoen for 3. verdenskrig.
derimot.no:
Den 11. juli: datoen som Victoria Nuland har sett for Tredje verdskrig
av Ansh Pandey, medredaktør for tfiglobalnews.com
FTI Global, den 31. mai, 2023
Krigen i Ukraine har vore ei konstant kjelde til spenningar, med stunder av flyktig ro splintra av alarmerande eskalasjonar. Og i skuggane lurer den notoriske djupstaten, eit gåteomspunne nettverk av makt som angiveleg formar USAs utanrikspolitikk frå bak lukka dører.
Nuland har nett sleppt ei avsløring av seismiske proporsjonar. I ein videokonferanse med Kyiv(Kiev) erklærte ho freidig at Tredje verdskrig kan starte den 11. juli. Ja, de høyrde rett, nedtellinga til katastrofen har starta.
WW3 den 11. juli
I ein sletta video konferanse med offisielle Kiev-tenestemenn skal Nuland ha erklært at Tredje verdskrig vil starte den 11. juli, og at USA med sine partnarar vil kjempe så lenge det trengst – 16 år eller meir… Den fastsette datoen vart vald for å samanfalle med NATO-toppmøtet, eit ein-dagsmøte i Litauen.
Frekkheita i Nulands påstand får ein til å grøsse. Ho ser føre seg USA og deira allierte låste i eit 16 år langt endelaust slag. Og om ikkje dét er nok til å uroe deg, ta med i betraktninga at denne tidslinja til Nuland fell på same dag som NATO-toppmøtet. Det verkar som ho ønska krydre møtet med dramatikk.
Når møtet no nærmar seg, kan ein ikkje unngå å lure på kva som kjem på agendaen. Vil det bli å forsvare Europa mot det uunngåelege tilbakeslaget i krigen, eller kor mange jagarfly som vil nå fram til Ukraina uskadde, trassande alle odds medan dei unngår katastrofar undervegs?
Kven er Nuland?
I dette geopolitiske stormauget oppstår det kanskje eit spørsmål: kven er Victoria Nuland? Eit nøytralt svar kunne vere: ein figur som tydelegvis har meir makt enn Biden. Ei dame som meistrar det å så splid til fingerspissane, og som er kjend for si urokkelege støtte til «demokratiske reformar og nærare band mellom Ukraina og Vesten». Slik har ho fryktlaust utfordra gjerningane til Putin og hans allierte.
Frå hennar synlege nærvær under Euromaidan-protestane, der ho stod side om side med opposisjonen, til lekka opptak som hintar til påverknaden ho har utøvd i kulissane, har Nuland sett sitt uutslettelege preg på Ukraina-sagaen.
Eit angrep på Moskva
Dessutan er Moskva hennar primære mål, og den kjensgjerninga kan ikkje ignorerast midt oppe i dette ragnaroket. Ved å styrte Putin-administrasjonen, håpar Nuland å få sett inn ein provisorisk administrasjon leia av Navalny.
Ein ting som glimrar med sitt fråvær i dei Vestlege regjeringane sine planar, er mangelen på fredsforhandlingar og diplomatiske løysingar. Djupstaten til USA sender ei høg og tydeleg melding: Putin må gå, same kva.
Dette er kanskje grunnen til den brå og betydelege auken i angrep på Moskva. Moskva opplevde nyleg endå eit feilslått drone-angrep frå Ukraina. Dette fyrer opp under endå meir uro.
Medan verda vaklar på kanten av katastrofen, ruvar utsiktene til atomkrig over det heile. Medan spenningane eskalerer, blir faren for atomkrig eit konstant nærværande mareritt. Konsekvensane er utenkelege; katastrofale for både dei direkte involverte nasjonane og heile resten av verda.
Medan klokka tikkar fram mot 11. juli, grip ei uvisse om hjarta våre. Lagnaden til verda heng i ein tynn tråd, og vanlege folk som du og eg blir berre tilskodarar til dei skrekkelege konsekvensane.
Lagnaden til verda vår kviler på vår kollektive evne til å stå opp imot den omsynslause vegen til destruksjon som djupstaten har lagt. Nedtellinga til katastrofe held fram, men vi har makta til å endre kursen. Det er opp til oss å stå fast opp imot dei kreftene som truar med å slynge oss ned i avgrunnen.
Sjå meir: https://youtu.be/PI52846qxtQ
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica