Derimot: Mange må tilpasse seg og meningene sine. Men ikke alle gjør det. – Derimot
derimot.no:
Hans Olav Brendberg:

Eg er ikkje til sals
Det er tøffe tider. Ikke ha andre meninger enn «oss». Hvis ikke…
Dette gjelder ikke bare krigen i Ukraina. Også kampen for milliardene til klimatiltak for å endre sammensetninga av gasser i atmosfæren, noe som bare en elite i verdens mindretall, den vestlige verden, driver med. Også der kreves ensretting.
Er det bare å vente på at en blir «fri» til å tale ved å bli pensjonist? «De» ser at det blir et problem, så hvorfor skal staten betale dem som ikke vil innordne seg? De som ikke vil vaksinere seg, skal de gå utafor sin egen bolig?
Å bo nær dyrkbar jord kan bli en fordel. Kanskje det er lurt å spare på alle de teltene vi har?
OBB/Politikus.
Hans Olav Brendberg: Eg er ikkje til sals.
Korkje for rubel eller dollar. Eg skriv det eg meiner. Og slik er vel for mange.
Eg skal ikkje bli noko. Eg har ingen karriere å pleia. Eg er ikkje ute etter å få spalteplass i ei avis eller noko. Difor skriv eg det eg meiner – også når det skadar min ikkje-eksisterande «karriere».
Eg har ikkje tenkt å la meg skremma. Mistar eg jobben? Eg kjem ikkje til å svelta. Eg er gjeldfri, det er fisk i havet – potet og gulrot veks godt her ute.
Eg er ikkje «pro-Russisk». Eg er ikkje eingong bekymra for om russiske tryggleiksinteresser blir skvisa. Om tusenvis av ingeni-rar, offiserar og byråkratar i russisk forsvarsindustri og det russiske militæret ikkje greier forsvara landet sitt — er det deira problem. Ikkje mitt.
Ukrainakrigen er ikkje min krig. Den starta alt for mykje som ein borgarkrig til at eg har tenkt å velja side. Joda, eg veit ein del om denne konflikten. Eg byrja å skriva om denne konflikten allereide i februar 2014 — mellom anna kommentaren «Å leika politikk nær ei røynleg stormakt». Og eg kjem til å halda fram med å kommentera konflikten.
Men det er ikkje min krig. Eg meiner vi burde halda oss langt unna å ta stilling — slik vi sjølvsagt bør la vera å velja side i krigen mellom Pakistan og India.
Vår posisjon bør vera å få slike krigar til å stogga so fort som råd.
Eg meiner kort sagt at vi har udugelege politikarar, som tek lagnadstunge val utan å tenkja på konsekvensane på sikt. Og ei presse som er så einsidig og fagleg veik at vi risikerer at små brannar blir store.
Dette med «russisk påverknad» er også ein myte. Tek du deg tid til å lesa den oppdaterte litteraturen om «Russiagate», vil du finna ut at alt — alt — er dikting og oppspinn. Trumps valsiger i 2016 hadde ingenting med Russland å gjera.
Joda, det pågår ein informasjonskrig. Men pengane, stillingane, plantinga av historier – heile dette apparatet fungerer utmerka og velsmurt utan at ein einaste rubel er involvert.
Men ideen om ein kjempeskummel russisk operasjon som gjer at vi ikkje kan tru på nokon annan enn Eriksen Søreide og redaktørstyrte media har fenga folkefantasien.
Veldig mange ser eit stort troll under brua.
Det er farleg å tru på slike troll, som skal stenga vegen fram til diplomati, mellomfolkeleg samarbeid, normal konfliktløysing.
Og difor gjer eg som den store Bukken Bruse. Eg ynkar meg ikkje, og seier «ta ikkje meg, ta slike som Leraand. Ho er nyttig idiot for Russland». (Leraand er forresten ein større bukk enn meg, for å seia det slik).
I staden skriv eg nøyaktig det eg meiner. Så får folk kalla meg akkurat det dei vil.
Innlegget er hentet fra Politikus
Forsidebildet er KI-generert