Derimot: Barneautismen i USA. Står barnevaksinene bak et flertall av disse? – Derimot

derimot.no:

Derimot har tidligere publisertkortversjonen av denne viktige artikkelen til Steve Kirsch. Dette er en lengre utgave vi publiserer til alle som er interessert i en fyldigere dekning av dette spørsmålet.

Knut Lindtner
Redaktør

Ny fagfellevurdert studie stadfester atter ein gong at barnevaksinar sannsynlegvis står bak nær 80% av autismen i USA

av Steve Kirsch

Steve Kirsch’s newsletter 25. januar, 2025

Slåande nye autisme-funn etter gransking av dataa for 9-åringar i Florida Medicaid database. Ein relativ risiko RR=4,4 betyr at den tilskrivbare risikoen i befolkningen (PAR*) er nær 80%, noko som betyr at mesteparten av autisme i USA er forårsaka av vaksinar.

Samandrag

Ein fantastisk autisme-studie vart nyleg publisert i eit fagfellevurdert fagtidsskrift: “Vaccination and Neurodevelopmental Disorders: A Study of Nine-Year-Old Children Enrolled in Medicaid” (Vaksinering og nevrologiske sjukdommar: ein studie på ni-åringar som er i Medicaid-systemet) av Mawson og Jacob.

Studien granska data frå Florida Medicaid, henta ut frå databasen DEVEXI, som no ikkje finst lenger.

Merknad: det er kritisk viktig for styresmaktene i USA at databasar som DEVEXI blir stengde ned så raskt som mogleg, slik at forskning som avslører skadar ved vaksinasjon ikkje lenger kan finne stad. Mawson var heldig som fekk tilgang til desse dataa før DEVEXI vart lagt ned. Han nemner i artikkelen ein samtale med Mitch Praver, med-grunnleggar av DEVEXI, den 19. juli, 2018.

Nøkkelfunna blir oppsummerte i dette slagkraftige diagrammet, der NDD er nevrologiske lidingar [og ASD er lidingar innan autisme-spekteret]:

.

.

Kort sagt: vaksinasjon er ein KATASTROFE for barns mentale helse. [**]

85% av lærevanskar hos barn er forårsaka av barnevaksineringsplanen til smitteverntilsynet CDC.

La det synke inn. Den tilskrivbare risikoen i befolkninga PAR= 5,8/6,.8 som blir 85,3%

Relativ Risiko (RR) for autisme for barn med berre 11 vaksinebesøk var sjokkerande 4,4. Sidan dei fleste barn i USA får alle dei frå CDC rekommanderte vaksinane, er nær 80% av alle autisme-kasus i USA forårsaka av vaksinar.

Dette blir kalla «dose-respons» og er ein nøkkelmarkør for kausalitet [årsakssamanheng]. Det er ikkje berre ein «korrelasjon». Det er ein DOSE-AVHENGIG korrelasjon , som er eit anna namn for «kausalitet». Det er assosiert med vaksinebesøk hos legen, ikkje berre vanlege legebesøk.

.

.

Her er detaljane frå Tabell 10:

.

.

La oss rekne litt … nesten 80% av autisme-førekomstane i USA er sannsynlegvis forårsaka av vaksinar.

Viss nesten alle i ei befolkning er eksponert for ein spesiell risiko (nesten alle i USA dei siste 20 åra har fått 11 eller fleire vaksinebesøk for å få sine 70+ påkravde vaksinar), så kan likninga for den tilskrivbare risikoen i befolkninga (PAR) forenklast til (RR-1)/RR. Putt inn 4,4 i formelen, så finn du at nesten 80% av alle autisme-tilfelle i USA er forårsaka av CDCs barnevaksinasjonsprogram.

Det er konklusjonen vi kan dra frå denne studien.

Om vi vil redusere autismen bør vi stoppe vaksinane.

Kvar einaste studie som har blitt publisert i fagfellevurdert litteratur, har vist at uvaksinerte barn er friskare enn dei vaksinerte.

NIH (National Institutes of Health, byrå under USAs helse- og sosialdepartement) nektar å gjere nokon studie som samanliknar vaksinerte versus uvaksinerte barn.

I 2009 introduserte Huset berre eitt lovforslag med krav om at NIH skulle gjennomføre ein slik studie, og dét vart effektivt stoppa In Committee(sjå HR 3069). Korfor? Fordi det ville vere skadeleg for det amerikanske folket om dei skulle få vite sanninga om vaksinar.

Lovforslaget hadde 9 med-sponsorar, inkludert Rand Paul.

Kongressen vil aldri, i mi levetid, be NIH gjere ein slik studie. Ikkje ein gong Trump kan få dei til å gjere det.

Viss vaksinar hadde gjort barn sunne, så ville farmasiselskapa be Kongressen sørge for at ein slik studie vart gjort. Og dei ville klaga HØGLYDT til media om at NIH ikkje gjennomfører studien som viser kor trygge produkta deira er. I staden høyrer vi stilla frå farmasiselskapa. Ein treng ikkje ha spesielle evner for kritisk tenkning for å sjå dén.

Dei vil ikkje at du skal vite.

Dei er redde for sanninga.

Angrep på Mawson-studien? Ingen! Berre «lyd av togn»

Eg veit ikkje korleis ein skulle kunne angripe denne studien på truverdig vis.

Mawson var nøye med å ta omsyn til tdlegare angrepsvektorar då han utforma studien sin.

Det er derfor folk som den danske professoren Anders Hviid, som har publisert forskningsartiklar som viser at vaksinar ikkje forårsakar autisme (og valde å blokkere meg i staden for å svare på spørsmål om dei kritiske manglane ved studiane sine), vart fullstendig taus etter at denne forskningsartikkelen vart publisert. Han burde ha innrømd at han hadde tatt feil, eller ha peika ut feila i studien. I staden er han stille. Er det slik vitskap fungerer?

.

.

Professor Hviids mangelfulle studiar er indirekte ansvarlege for å ha ført millionar av foreldre på ville vegar ved å få dei til å tru at vaksinar er trygge og ikkje forårsakar autisme.

Nic Hulscher sitt innlegg fekk 200k visningar (og ein Community Note).

.

.

«Community-merknaden» sa:

«Den vitskapelege konsensusen er at vakscinar ikkje forårsakar autisme. Autisme er ein forskjell i utviklinga av menneskehjernen under fosterlivet.»

Kort sagt: «tidlegare vitskap som IKKJE fann eit samband (men aldri brukte den same metodologien) må vere rett, ergo MÅ dette vere feil, sjølv om vi ikkje kan finne noko feil med metodologien.»

Det einaste eg elles kunne finne av kritikk, kjem frå Xeno Rasusson som posta: «Berre skumlas det og med det same Mawson vel den absolutt verste metodologien og måla for å eksaminere assosiasjonen mellom vx og NDD.» Eg tilbaud meg å gi han dataa, så han kunne analysere dei, og han skal gi meg beskjed. Metodologien var avgrensa av datakjelda (sidan Medicare ikkje kjem til å gi Tony tilgang, brukte han det han det som var tilgjengeleg), og det forstod Xeno. Han kunne ikkje forklare korfor autisme-diagnosen var assosiert med fleire vaksinebesøk og ikkje med fleire totale legebesøk.

Oppsummering

Dette er den hittil beste studien som stadfestar at vaksinar forårsakar det meste av autismen i USA på grunn av dose-respons-relasjonen mellom talet på legebesøk som involverer vaksinar og autisme. Eg kunne LETT replikere odds ratioane i ei lesar-spørreundersøking som 10 000 foreldre deltok i. Det tok ca 24 timar å samle ihop dataa. Mine data var utelukkande baserte på det totale talet på vaksinar eit barn hadde mottatt, og ikkje talet på legebesøk totalt. Min odds ratio (OR) var 4,5. Mawson fann RR=4,4 (RR er generelt litt lågare enn OR, så desse tala er veldig like).

Det seier mykje at Kongressen ikkje vil kreve at NIH utfører ein studie som samanliknar uvaksinerte og vaksinerte, og at NIH ikkje gjer det på eige initiativ. INGEN ber om ein slik studie (av ein eller annan grunn).

Truleg vil det diverre ta 50 år før ein slik studie blir gjort. I mellomtida: ikkje forvent at ein einaste prominent mainstream-doktor eller akademikar nokon gong vil lese denne forskningsartikkelen (eller be om å få sjå datagrunnlaget) før den tid kjem.

Omsett av Monica Sortland

https://www.globalresearch.ca/childhood-vaccines-responsible-80-autism-cases-us/5878382

Merknadar:

* PAR, Population Attributable Risk, er lik insidensraten i ein heil populasjon minus insidensraten for dei som er ueksponerte (for vaksinar, i dette tilfellet).

** Studien omfattar 9 år med data for barn som er innskrivne i Florida Medicaid og fødde mellom 1. januar 1999 og 31. desember 2011. Dei vaksinane dei har fått i løpet av dette tidsrommet involverer difor ikkje covid-«vaksinane». Når dei tala kjem, blir det nok endå meir uhyggeleg lesnad.

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...