Derimot: Vi skal glemme det vi har lært. Historien skal omskrives. – Derimot
derimot.no:
Bør vi fordømme glorifiseringa av nazisme eller ikkje?
av Thierry Meyssan
Russland intervenerte militært i Ukraina for å denazifisere landet. Men ifølge Vesten, finst det ingen nazistar i Ukraina. Russland har marsjert inn i dette landet for å annektere det.
Denne gjensidige misforståinga har late den russiske spesialoperasjonen utvikle seg til ein open krig. Men fleire liknande kjensgjerningar som har skjedd sidan 2005 i dei baltiske statane og sidan 2016 i Europaparlamentet, viser at dette ikkje er ei misforståing, men ein medviten strategi frå NATO si side. Dei har mobilisert 53 statar for å motarbeide vedtak av ein tradisjonell FN-resolusjon som fordømmer glorifiseringa av nasjonalsosialismen.

I tida for Frigjeringa (dvs. på slutten av Andre verdskrig) var folk i Vesten klare over lidingane som var forårsaka av ideologiane som hevda at menneskeslekta var delt inn i eit hierarki av rasar. Alle forstod at påstanden om at desse rasane ikkje kunne blande seg og få fertilt avkom var motbevist av fakta og berre hadde greidd å få gjennomslag på grunn av intens propaganda.
Sidan Dei sameinte nasjonane (FN) vart oppretta og gjennom heile Den kalde krigen, sørga Sovjetunionen og Frankrike for at Generalforsamlinga kvart år vedtok ein resolusjon som forbaud nazistisk propaganda og glorifisering av denne ideologien. Dette ritualet vart gløymd med oppløysinga av Sovjetunionen (SSSR). Overraskande nok, har det sidan 2020 ikkje vore mogleg å atter skape konsensus om denne saka. Den 17. desember 2024 røysta 53 statar imot eit slikt resolusjonsutkast, og 10 avstod frå å røyste.
Sanninga er at dei allierte under Andre verdskrig – både amerikanarar (Canada, USA) og europearar (britar franskmenn, grekarar, polakkar, jugoslavarar, skandinavar, sovjetarar osb.) – var sameinte mot ein felles motstandar, men at semja vart broten sjølv før konflikten enda, av eit angelsaksisk (både visse amerikanarar og visse britar) ønske om å fortsette konflikten mot Sovjetunionen. Så i 1945 forhandla Alan Dulles, som då var sjef for USAs hemmelege tenester i Sveits, og (generalmajor) Lyman Lemnitzer med SS-general Karl Wolff om overgivinga til dei nazistiske styrkane i Italia, slik at dei kunne kjempe side om side med USA mot sovjetarane (Operasjon Sunrise). Denne separate freden vart ikkje sett i verk fordi Josef Stalin straks sette seg imot den, og Franklin D. Roosevelt ratifiserte aldri avtalen som allereie var gjort.
Men Roosevelt, som var alvorleg sjuk, døydde kort tid etterpå, medan Dulles vart sjef for etterkrigstidas hemmelege tenester i USA, CIA, og general Lemnitzer vart seinare leiar av USAs generalstab, Joint Chiefs of Staff. Dette førte til at CIA, og i nokon grad forsvarsdepartementet, vart tilfluktsstadar for tidlegare nazistar. Under Den kalde krigen plasserte anglosaksarane slike inn i ansvarstunge stillingar i mange av “den frie verdas” (sic) statar, frå Chile til Iran. Dei gjekk så langt at dei skapte ei kriminell internasjonal gruppe, Den anti-kommunistiske verdsligaen (World Anti-Communist League), til å koordinere innsatsen sin mot alle venstrevridde rørsler i Den tredje verda [1].
Først i 1977, etter avsløringane til senator Frank Church sin parlamentariske kommisjon om CIA sine brotsverk, greidde president Jimmy Carter og admiral Stansfield Turner å rydde opp i CIA og styrte diktatura i Chile, Iran og andre land.
Men i kampen mot den sovjetiske rivalen, sette president Ronald Reagan og statsminister Magareth Thatcher sin lit til ein ny ideologi, islamismen, og dei nølte ikkje med å utvikle den – først i Afghanistan, deretter overalt i Midtausten. Berre på denne måten kunne dei mobilisere Det muslimske brorskapet og dei arabiske folka.

Då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991, byrja rasistiske rørsler som tidlegare var allierte med nazistane igjen å dukke opp til overflata. President Bill Clinton og statsminister Tony Blair nølte ikkje med å støtte dei. Det var slik “dei integrale nasjonalistane” [2], følgarar av Dmytro Dontsov og Stepan Bandera, kom til makta i Ukraina.
Det heile starta i januar 2005, då Latvia (medlem av Den europeiske unionen (EU) sidan 1. mai 2004) si regjering, med pengestøtte frå den amerikanske ambassaden, publiserte boka History of Latvia: 20th Century. Der vart det mellom anna hevda at Salaspils-leiren, der nazistane dreiv med medisinske eksperiment på barn og 90 000 menneske vart myrda, berre var ein «korrigerande arbeidsleir» og at Waffen SS var heltar i kampen mot dei sovjetiske okkupantane. Nokre månadar seinare organiserte dei ein Waffen SS-parade i hjartet av Riga, slik dei og hadde gjort i fire år før dei vart medlem av EU [3].
Normalt burde heile EU ha protestert. Men det skjedde ikkje. Berre Israel og Russland uttrykte indignasjon.
I 2016 presenterte polakken Anna Fotyga, som då sat i EU-parlamentet og seinare vart direktør for den polske presidentadministrasjonen som den gong var ein av grunnpilarane til NATO, ein resolusjon i Strasbourg som handla om strategisk kommunikasjon [4]. Målet var å bringe EU inn i informasjonskrigen mot Russland og – i det minste tilsynelatande – mot islamistane, og middelet var å etablere eit system organisert rundt NATOs senter for strategisk kommunikasjon, Strategic Communication Center [5].
Det var i denne konteksten at EU-parlamentet den 19. september 2019 vedtok ein resolusjon “on the importance of European memory for the future of Europe” [6]. Denne teksten slår fast at SSSR, ved å signere Molotov-Ribbentrop-pakta, delte nazi-rikets katastrofale mål og starta Andre verdskrig. Dette er openlyst fullstendig feil [7].
I dag kan nynazistane, “dei integrale nasjonalistane” [8] utøve makt i Ukraina utan det minste knyst frå Vesten. Vi merkar ikkje at grunnlova deira er den einaste i verda som i paragraf 16 slår fast at “å bevare den genetiske arva til det ukrainske folket er statens ansvar” [9]. Vi merkar ikkje at Volodymyr Zelensky avslutta sitt mandat for åtte månadar sidan, og at han no sit illegitimt med makta utan å vere politisk vald. Vi tolkar forbodet mot opposisjonelle politiske parti og den ortodokse kyrkja [10] som avgjerder for å undertrykke russisk infiltrasjon. Vi ignorerer utreinsinga i biblioteka [11]. Vi har så vidt byrja bli merksame på utvandringa til det ukrainske folket og massedeserteringa i hærstyrkane deira.
Alt dette burde ikkje overraske oss i ei tid då dei same Vestlege styresmaktene forklarer oss med eit smil at jihadistane til Al-Qaida og IS, som angelsaksarane nyleg sette til makta i Damaskus, berre er “opplyste islamistar” [12].
Omsett av
Monica Sortland
[1] “The World Anti-Communist League: the Internationale of Crime”, by Thierry Meyssan, Translation Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 12 May 2004.
[2] “Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022.
[3] “Latvian President Rehabilitates Nazism”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 16 March 2005.
[4] “European Parliament Resolution on EU strategic communication to counteract propaganda against it by third parties”, Voltaire Network, 23 November 2016.
[5] “The NATO campaign against freedom of expression”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 5 December 2016.
[6] “The European Parliament claims that the Soviet Union is responsible for the Second World War”, Voltaire Network, 19 September 2019.
[7] “The Day the West Likes to Forget”, by Michael Jabara Carley, Strategic Culture Foundation (Russia) , Voltaire Network, 25 September 2015.
[8] Ibid.
[9] This article is often wrongly interpreted as dealing with the consequences of the Chernobyl disaster. However, it does not speak of the genetic heritage of Humanity, but rather of that of the «Ukrainian people» alone. We have forgotten that Adolf Hitler was a vegetarian and an ecologist.
[10] “Washington ready to blow up the Orthodox Church”, Translation Anoosha Boralessa, and “Ukraine bans Orthodox Church”, Voltaire Network, 28 September 2018 and 5 December 2022.
[11] “19 million books removed so far from Ukrainian libraries”, Voltaire Network, 9 February 2023.
[12] “How Washington and Ankara Changed the Regime in Damascus”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 17 December 2024.
Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst
Forsidebildet er KI-generert