Derimot: Alt endrer seg nå i Midt-Østen. Kortene deles ut på nytt. – Derimot

derimot.no:

Kva endrar seg i Midtausten

av Thierry Meyssan

Den første konsekvensen av dei israelske massakrane i Gaza, på Vestbreidda, i Libanon, Syria, Irak og Jemen er ikkje som vi hadde venta. Til dags dato har dei kriminelle som sit med makta i Tel Aviv halde fram med sine erobringar med våpena dei får. Endringa skjedde først i Israel sjølv og i den jødiske diasporaen, og tvinga IDF til å gå med på ein uskriven våpenkvile i Libanon, medan dei profitterte på hjelpa frå Washington for å flytte kampane til Syria. Den ukrainske og den libanesiske fronten har slått sine hoser ihop og flytta til Syria.

Benjamin Netanjahu, som har halde hemmeleg for folket sitt sine band til Hamas, forfalska offisielle dokument om 7. oktober og på mange måtar loge, fører landet sitt til fiasko.

Korfor ser vi ikkje massakrane i Midtausten?

Dei siste åra har den israelske fredsrørsla blitt oppløyst, anti-semittisme og anti-sionisme har blitt blanda ihop, og narrativet om sivilisasjons-krasj har blitt spreidd. Desse tre feila hindrar oss i å sjå og forstå kva som skjer i Midtausten.

Fredsrørsla til Nahum Goldman, presidenten for World Zionist Organization, eksisterer ikkje lenger. Målet til denne rørsla var å gjere Israel til det spirituelle og moralske senteret for alle jødar, ein nøytral stat etter sveitsisk modell, med internasjonale sikkerheitsgarantiar og eit permanent symbolsk nærvær. Goldman, som i si tid fordømde at rettssaka mot Adolf Eichmann skulle førast i Jerusalem, og ikkje av ein internasjonal tribunal (som tillet dei revisjonistiske sionistane å maskere sine relasjonar med han), forhandla fram ein rettvis og varig fredeleg sameksistens med Egypts president Gamal Abdel Nasser og med leiaren for Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO), Yasser Arafat, som til og med vart arrestert i Israel.

Historikaren Bernard Lewis, som var ein av rådgivarane til Benjamin Netanyahu då denne var israelsk FN-ambassadør, fann i 1957 opp strategien “Clash of Civilizations for USAs National Security Council, der han var medlem. Det handla om å presentere som uunngåeleg konfrontasjonen mellom Vestlege og først islamske sivilisasjonar, deretter kinesiske og så vidare, for å rettferdiggjere Vestens stadige krigar. Assistenten hans, Samuel Huntington, som tidlegare hadde kollaborert med dei hemmelege tenestene til apartheid-regimet i Sør-Afrika, populariserte strategien hans i 1993 ved å framstille den som ein akademisk observasjon. Han vart løna av CIA for dette propaganda-arbeidet. Sjølv om arbeidet var eit intellektuelt samansurium som ikkje toler analyse, har det penetrert sinna våre. Denne stupide teorien blir i dag brukt av Benjamin Netanyahu til å rettferdiggjere krigane hans på “sju frontar” i Gaza, på Vestbreidda, i Libanon, Syria, Irak, Iran og Jemen. Likevel fekk den same Netanyahu seg sjølv fotografert i september 2014 på Ziv Medical Center i Zefat, der hangjekk på sjukebesøk til 500 Al-Qaida-offiserar som fekk behandling i Israel [1]. Så det er altså mogleg å kome overeins med jihadistar når dei massakrerer sivile i Syria, men ikkje å kome overeins med palestinarar når dei krev ein eigen stat.

Benjamin Netanyahu gratulerer sine Al-Qaida-allierte, på sjukehus i Israel, for kampen deira mot Den syriske arabiske republikken.

Nathan Sharansky [2], som var vise-statsminister under general Ariel Sharon, pønska ut narrativet om at det var palestinarane generelt, og ikkje visse israelske leiarar, som ikkje ønska fred. Så fann han opp at iranske revolusjonære ønska å kaste alle israelske jødar på havet (samtidig som jødar lever fredeleg i Iran og er representerte i parlamentet der). Til sist organiserte han internasjonale mediekampanjar til å skape forvirring om omgrepa “nasjonalisme”, “sionisme” og “revisjonistisk sionisme”, og deretter sidestille “anti-semittisme” med “anti-sionisme” (i eit slikt spel blir til og med den israelske dagsavisa Haaretz  anti-semittisk).

I 2004 skreiv Sharansky, saman med Ron Dermer, boka The Case for Democracy, for å forsikre oss om at Israel er det einaste demokratiet i Midtausten. Dermer vart Israels ambassadør til USA (2013-2021), deretter strategiminister (frå 2023 til i dag), ei stilling som let han organisere kampen mot BDS-rørsla (Boycott, Divestment, Sanctions) i verda.

Nathan Sharansky jobbar i dag meir diskret, både i USA og i Ukraina, der han vart fødd, via Institute for the Study of Global Antisemitism and Policy (ISGASP). Denne US-amerikanske foreininga får rikeleg med pengestøtte frå Ron Dermers departement. Det var til dømes denne organisasjonen som organiserte Kongress-høyringane om rektorane ved dei viktigaste universiteta, for å tvinge dei til å undertrykke såkalte anti-semittiske manifestasjonar (demonstrasjonane mot massakrane i Gaza).

Det seier seg sjølv at Bernard Lewis, Samuel Huntington, Nathan Sharansky og Ron Dermer ikkje er “sionistar”, men “revisjonistiske sionistar”.

Omfordeling av korta i Midtausten

I denne atmosfæren av vidt spreidde løgner, vert posisjonane til dei ulike samfunnsgruppene i Midtausten endra. Det er ein konsekvens av Benjamin Netanyahu sitt forsøk på å erobre den nordlege Gazastripa og det sørlege Libanon. Gradvis har alle dei politiske aktørane, inkludert israelske jødar, innsett at israelske militæroperasjonar ikkje har noko med dei uttrykte måla å gjere: frigjeringa av Hamas’ gislar og at nord-israelarar kan returnere til heimane sine. Netanyahu-koalisjonen held fram med det kolonialistiske prosjektet til Vladimir Jabotinsky (1880-1940): opprettinga av eit imperium i Levanten, frå Nilen til Eufrat.

Dette prosjektet har ingenting å gjere med Kongedømet Jerusalem frå middelalderen, som inkluderte berre den heilage byen med nærliggande forstadar, men har til mål å gjenopprette Det assyriske riket frå oldtida, slik Jabotinskys velyndar, Benito Mussolini, ønska å gjenopprette oldtidas romerske imperium. to restore the ancient Roman empire.

Å svare på den nye fascistiske erobringsbølga i Levanten var meininga med orda til både Syrias president Bashar al-Assad, på fellesmøtet mellom Den arabiske liga og Organisasjonen for islamsk samarbeid den 11. november i Riyadh, og redaktøren for den israelske dagsavisa Haaretz, Amos Schocken, på konferansen Israel After October 7th: Allied or Alone?, den 27. november i London.

Alle protagonistane er samde om denne observasjonen, sjølv om dei fleste unngår å referere til banda mellom Jabotinsky med disiplar og fascistane og nazistane. Men Vesten nektar framleis å opne auga og handsamar denne konflikten som om den ikkje var politisk, men etnisk – ein koflikt mellom jødar og arabarar, eller til og med alle jødar mot alle arabarar.

Tre element speler ei spesiell rolle i endringa som er i gang:

• Sigeren til Jacksonianaren Donald Trump i USA over den Straussianske koalisjonen til Kamala Harris. Førstnemnde har til hensikt å erstatte militære krigar med handelskrigar, men sistnemnde ønsker å framprovosere Armageddon.
• Dei israelske forsvarsstyrkane (IDF), som har udiskutabel kontroll over nabolandas luftrom, er ute av stand til sjølv den minste siger på bakken. Dei har ingen disiplin, og mange av mennene deira ter seg som bøller. I lys av nederlaget til Straussianarane i USA, har dei ikkje lenger så mange våpen, og dei er truleg i ferd med å gå lens for mange av dei. Dessutan står nokre av avdelingane deira, som har vore vitne til brotsverka til nokre av dei andre, på randa til å gjere opprør. 
• Den jødiske diasporaen, som hittil har støtta Benjamin Netanyahu utan å kny, har endeleg greidd å skille mellom støtta til jødane og brotsverka til regjeringa si. Sidan Netanyahu vart sikta av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) den 21. november, gjeld ikkje lenger solidariteten mellom jødar som har oppstått gjennom hundreår med forfølging frå ikkje-jødane. Mange jødar som fram til no har halde munn, går no ope ut og distanserer seg frå brotsverka på “dei sju frontane” og mot FN.

Iran har forlate “Resistans-aksen”, strategien til general Qassem Soleimani om at Teheran skulle hjelpe og koordinere alle dei uavhengige væpna gruppene som kjempa mot koloniseringa av regionen. Dei nekta å hjelpe Libanon under den israelske invasjonen, og deretter overleverte ein iransk maktfraksjon til Israel opplysningar om koordinatane til Hizbollah sine øvste militære leiarar, slik at dei kunne bli myrda.

Samtidig iscenesette Teheran og Tel Aviv sin antagonisme, der begge let som dei gjorde seg klare til siste kamp. Men dei to iranske angrepa (Operasjon «Ærleg løfte» den 13. april og 1. oktober) og dei to israelske angrepa (den 19. april og den 26. oktober) forårsaka nesten ingen skade på menneske, sjølv om militæret på begge sider nytta høvet til å teste forsvaret til motstandaren [3]. Ein hemmeleg overeinskomst mellom Washington, Teheran og Tel Aviv kom til syne.

På den andre sida fornya Teheran banda sine med dei irakiske kurdarane. President Masoud Pezeshkian besøkte Irak i september for å møte både Talaban og Barzani-stammen (pro-israelsk).

Imam Ali Khamenei sine utsegner mot Benjamin Netanyahu får oss ikkje til å gløyme den reelle alliansen hans med Israel

I Irak kom det ei forvirra melding frå ayatollah Ali al-Sistani, andeleg leiar for sjiitt-samfunnet, som viste at han ikkje lenger visste kva ein kunne forvente av Den islamske republikken (Iran).

I Jemen har Ansar Allah, medvitne om den iranske heilomvendinga, iverksett tiltak for å beskytte leiaren sin, Abdul-Malik al-Houthi, frå lagnaden til Hassan Nasrallah.

I Tyrkia utforskar president Recep Tayyip Erdoğan, som vanleg, ulike alternativ han kan velge utan å forplikte seg verken her eller der. Han har no – etter ei sakte tilnærming til sin syriske motpart – autorisert våpenleveransar til jihadistane i Idlib, slik at dei kan gjenoppta kampen mot Den syriske arabiske republikken. Samtisdig har han sendt emissærar for å diskutere med Abdullah Öcalan, grunnleggaren av PKK som har sete i fengsel sidan 1978. Same kva dei snakkar om, er det lite sannsynleg at “Apo”vil støtte NATO og Israel, slik rørsla hans gjer i dag.

Irans U-sving og Tyrkias dobbeltspel sette ein brå stopp på eufhorien etter BRICS-toppmøtet i Kazan for ein månad sidan [4].

I Syria gjekk president Bashar al-Assad straks inn og støtta libanesarane og deira Hizbollah-allierte då Iran gav dei opp. Historisk sett er Libanon berre eit guvernat i Syria, og frå dette synspunktet er Syria ansvarleg for sikkerheita til libanesarane. Han gav difor asyl til hundretusentals som flykta frå det israelske bomberegnet og overførte i tillegg sine få våpen til Hizbollah.

Som svar øydela IDF alle vegane og bruene som gav tilgang til Libanon. Deretter sleppte dei, saman med NATO, laus Idlibs jihadistar på Aleppo, som dei tok og no okkuperer ein stor del av. Byen vart forsvart av den iranske Revolusjonsgarden, som trekte seg utan kamp.

Til alles overrasking har jihadistane i Idlib det siste av våpen, finansiert av Qatar, og ei mengd dronar som ukrainske operatørar fører.

Konstantane ved deirevisjonistiske sionistane

Ein konstant i åtferda til dei revisjonistiske sionistane, er å øydelegge materielle bevis for løgnene sine. Såleis fekk Benjamin Netanyahu endra tidspunkta i møtereferata for møta han deltok i den 7. oktober, 2023. Han håpa at det ville gjere det lettare å nekte for at han hadde hjelpt til med å utføre angrepet på sine eigne medborgarar.

Israelarane veit at han har hjelpt Hamas frå han vart utnemnd til statsminister i 2009 og fram til 7. oktober. Han hevda at strategien hans var å favorisere Hamas for å bedkjempe Yasser Arafats PLO. Hans første offisielle avgjerd, var å å kansellere søknaden om utlevering av Moussa Abu Marzouk, på den tida Hamas’ øvste leiar, som sat i fangenskap i USA. Andre hendingar har vist at målet hans ikkje var å øydelegge PLO, men å hindre opprettinga av ein palestinsk stat. Så i 2018, då Den palestinske sjølvstyremyndigheita slutta å løne offentleg tilsette i Gaza, gjorde han ein avtale med Yahyah Sinwar, Hamas’ militære leiar i Gaza, som då sat fengsla i Israel. Han gav pengar, først i løynd, deretter offisielt via Qatar. Over fire år betalte han Hamas $2,5 milliardar, slik at dei kunne bygge sitt tunell-nettverk og væpne seg.

Audrey Azoulay, fransk eks-minister for kultur og noverande generaldirektør for UNESCO, utsette møtet til Committee for the Preservation of Historic Sites for å la IDF øydelegge arkeologiske funnstadar i Libanon.

På den måten fekk Netanyahu og Hamas støtte frå dei anglosaksiske etterretningstenestene, i tråd med strategien lagt fram i 1916 av Lord Herbert Samuel, som hadde ein son, Edwin, som var kumpan med Jabotinsky: å sikre at verken den jødiske staten eller den framtidige palestinske staten kunne garantere si eiga sikkerheit aleine.

Ein annan konstant i åtferda til dei revisjonistiske sionistane, er å øydelegge dei arkelogiske bevisa for svindelen deira. Så, også i 2009, avgjorde Netanyahu, som vart statsminister, at det skulle gravast tunellar under Tempelhøgda. Så ein kunne sprenge Al-Aqsa-moskéen med dynamitt. Dei siste månadane har han øydelagd alle dei arkeologiske leivningane i sør-Libanon, enten dei kjem frå korsfararar eller osmanarar, og til og med prøvd å øydelegge templa i Baalbeck, den største heilagdommen i Romarriket. Med det fortsette han øydelegginga som vart gjort under Golf-krigen av Babylon, eller under den syriske krigen av leivningane i Aleppo og Palmyra. Alt må gjerast for å sikre at hevda på landet, frå Nilen til Eufrat, framstår som legitim.

Av Thierry Meyssan

Omsett av Monica Sortland

[1] “More than 500 jihadists cared for at the Ziv Medical Centre”, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 24 November 2015. [2] “Natan Sharansky, the ideologist of forced democratization”, by Voltaire Network , Voltaire Network, 6 June 2005. [3] “Israeli-Iranian auctions mask the reorganization of alliances in the Middle East”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 5 November 2024. [4] “In Kazan, the order of the world changed”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 29 October 2024.Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...