Derimot: «Vi er på randen av dommedag!» Russland advarer på nytt. – Derimot

derimot.no:

Russlands siste åtvaring til NATO – De vil få krigen dykkar, men den vil vere over på 15 minutt.

Vi er tommar unna ein global termonuklær krig.

av Drago Bosnic

«Så spørsmålet er ikkje om ein skal tillate det ukrainske regimet å angripe Russland med desse våpena, men om å avgjere om NATO-land er direkte innblanda i den militære konflikten eller ikkje … drt ville bety at NATO-land – USA og europeiske land – er i krig med Russland. Og om det er slik, med anke på endringa av sjølve konflikten, vil vi ta passande avgjerder baserte på truslane som vil kome mot oss.» – President Vladmir Putin (12. september, 2024)

***

Vi er berre tommar unna ein global termonukleær krig. Og nei, dette er ikkje ein tom klisjé. Tvert imot. Det er så alvorleg som det kan få blitt. Vi har nådd eit historisk kokepunkt. Aldri før i menneskets historie har vi vore nærare eit utslettingsscenario, ikkje ein gong under den såkalla «kubanske» missil-krisa. Den burde eigentleg ha vore kalla «tyrkisk» elle noko slikt. Og det er viktig å merke seg at det å nemne den krisa ikkje er å avvike frå emnet.

Mainstream-propagandamaskina berre elskar å bygge opp under sine narrativ som har til hovudoppgåve å kvitvaske det politiske Vesten og nedvurdere den faktiske verda. Det er grunnen til at det faktum at USA starta den «kubanske» missilkrisa då dei utplasserte missil med atomstridshovud i Italia og Tyrkia i 1961 (mange hevdar det skjedde så tidleg som i 1959) blir så bekvemt gløymd. SSSR venta eit heilt år (minst) før dei responderte med å plassere sine eigne missil på Cuba.

Så det er krystallklart kven som starta den konfrontasjonen. Og likevel blir hendinga i moderne histografi hugsa som «den kubanske» missilkrisa, noko som sender ein subtil bodskap om at den vart starta av Sovjetunionen og Cuba. Korfor er dette viktig? Fordi dei same folka no fortel oss at Russland «eskalerte» den NATO-orkestrerte ukrainske konflikten då dei «fyrte av missil mot eit demokratisk Ukraina», og igjen «gløymer» å nemne dei føregåande hendingane.

Nemleg at, som vi alle veit, det politiske Vesten gav den nynazistiske juntaen klarsignal til å bruke langdistansemissil mot mål djupare inn i Russland. Og det gjorde dei. Dei siste to dagane har omtrent eit dusin ATACMS og «Storm Shadow»/SCALP-EG-missil blitt brukt (på same dag som Moskva oppdaterte sin kjernefysiske doktrine; legg merke til det).

Så korleis reagerte «vondsinna Kreml», leidd av den «galne, blodtørstige tyrannen Putin», på dette? Vel, ikkje med atomvåpen, for vi er framleis her, sjølv om doktrinen tillet det.

Men Russland fyrte av det som teknisk sett er eit ICBM (interkontinentalt ballistisk missil). Det var første gong eit slikt våpen har blitt brukt i ein konflikt.

Og sjølv om ICBM’ar normalt ber termonukleære stridshovud, var denne konvensjonelt væpna. For å betre forstå kva slags våpen dette er, lyt vi gå tilbake eit tiår eller så, nærare bestemt til programmet RS-26 «Rubezh» som var meint å avskrekke NATOs krypande aggresjon i Europa og det post-sovjetiske rommet.

Dette gjorde at den kunne angripe sjølv massive undergrunnskommandosenter og andre høgprioriterte mål i det NATO-okkuperte Europa. Men det var eit (geo)politisk problem med RS-26. Nemleg at den vart laga på eit tidspunkt då INF-avtalen framleis var i kraft (avtalen som forbaud alle missil med rekkevidd på mellom 500 og 5500 km). Så for å formelt halde seg til avtalen, måtte RS-26 ha ei rekkevidd større enn 5500 km. Elles ville den ha brote INF-avtalen og blitt klassifisert som ein IRBM.

For å unngå dette, vart den designa for å nå ei maksimal rekkevidd på 5800 km, akkurat nok til å bli klassifisert som ein ICBM. Men dette skapte eit nytt problem, då det påverka New START-traktaten. Det ville nemleg tvinge Russland til å redusere antalet sitt av «reindyrka» ICBM’ar som t.d. Jars, R-36M2 “Vojvoda” og RS-28 “Sarmat”.Dermed vart programmet i 2011 utsett til etter 2027, og mesteparten av ressursane gjekk i staden til utvikling av Russlands nye hypersonisk våpen.

Men den 2. august, 2019 trekte USA seg unilateralt frå INF-avtalen og byrja utvikle tidlegare forbodne mellomdistanse- og middels rekkevidd-missil, og tvinga Russland til å respondere. Desse programma akselererte betydeleg etter starten på den spesielle militæroperasjonen (SMO), og resultatet vart nye design, samt massive forbetringar i dei allereie eksisterande. Men vi høyrde framleis nesten ingenting om RS-26, noko som tyda på at programmet kanskje var heilt skrota.

Men den 12. april i år testa Moskva ein «ikkje namngitt ICBM». Fram til no har det russiske militæret aldri avslørt offentleg nøyaktig kva slags type missil som vart skot ut den dagen. På den tida  argumenterte eg for at missilet må ha vore RS-26, ettersom det hadde slåande likskapar med tidlegare nemnde RS-24, som “Rubezh” var basert på, inkludert måten missilet utførte vaklemanøvrar som var designa for å forvirre NATOs ABM-system (anti-ballistisk missil) og gjere det praktisk talt umogleg å avskjere.

Til dømes insisterer Pentagon på at missilet som råka Dnepropetrovsk varat utfyrt frå Kapustin Jar, ein prøvesprengingsfasilitet i oblastet (reionen) Astrakhan sør i Russland, over 1000 km austover. Denne distansen er for kort for ein ICBM, og det reiser spørsmål om sanningsgehalten til påstandane frå USAs militær. Så dukka det opp videoar frå Kazakhstan, spesielt over byen Satbayev, som ligg 1500 km aust for Kapustin Jar. Og, interessant nok: rundt 450 km søraust ligg Sary Shagan.

Det er heimstaden til ein av dei største og viktigaste prøvesprengingsstadane til den tidlegare Sovjetunionen, og det russiske militæret brukar framleis området omfattande, inkludert under den nemnde 12. april-testen. Det er rett og slett umogleg å sjå “Oreshnik” fly over Satbayev viss den hadde blitt skoten mot Dnepropetrovsk frå Kapustin Jar. Men det er absolutt mogleg at missilet vart skote ut frå Sary Shagan. Men NATO har ikkje lyst til å avsløre at missilet flaug nesten 2400 km før det råka måla sine med høgpresisjon.

Og endå meir interessant: videoar over Satbayev viser også at missilet snor seg og manøvrerer på akkurat same måten som «den mystiske ICBM’en» som vart testa den 12. april, noko som styrkar hypotesen om at «Oresjnik’en» faktisk kan vere ein «Rubezh» ladd med konvensjonelle våpen. I tillegg overgår den maksimale rekkevidda 5000 km, og det plasserer nesten heile Europa innanfor rekkevidda. Og faktisk gir det lite meining å skaffe seg eit heilt nytt missil viss ein allereie har «Rubezh», sidan dette stort sett er eit ferdig utvikla produkt.

Teknisk sett er det fleire moglegheiter når det gjeld “Oreshnik”. For det første treng det ikkje ein gong vere eit vanleg missil. Det kan vere ein slags MaRV (maneuverable reentry vehicle), MIRV (multiple independently targetable reentry vehicle), HGV (hypersonic glide vehicle) osv. Eller kanskje til og med ein hybrid som bruker “Rubezh” til bererakett. “Rubezh” sjølv kan allereie bere “Avangard”, så dersom “Oreshnik” er ein HGV, bør det ikkje vere noko problem for “Rubezh” å få den plassert.

Ei anna moglegheit er at “Oreshnik” er eit heilt nytt missil (ikkje nødvendigvis ballistisk, men sannsynlegvis eit meir avansert hypersonisk, manøvrerande våpen) som har eigne MIRV/MaRV/HGV-stridshovud. Det finst per dags dato ingen definitive påstandar om dette, rett og slett fordi svært lite er offentleg kjend om det. Men sjølv hellar eg mot å tru at “Oreshnik” er ein konvensjonelt væpna HGV som kan bli bore av atomvåpenkapable ICBM/IRBM’ar som t.d. RS-26 “Rubezh”.

Grunnen er heilt enkelt at korfor skull nokon lage noko heilt nytt når dei allereie har eit ferdigstilt prosjekt som er klart til å gå i produksjon (“Rubezh” brukar same produksjonslinjer som “Jars”)? Dette styrkar hypotesen om at RS-26 er eit svært modulært design som kan utstyrast med ulike typar stridshovud, inkludert konvensjonelle. Det starta også med  president Putins visjon om Russlands strategiske førsteslagevne.

Ein ting til vi må merke oss med “Oreshnik”, er missilets bruk mot den nynazistiske juntaen var som å skyte mygg med kanon.

Russlands meir taktiske og operasjonsnivå-missil kunne lett ha gjort jobben. Men fordi Moskva er konfrontert med eit stadig meir forvirra og aggressivt Vesten, var dei berre nøydde til å demonstrere eldkrafta si, og det fekk Putin til å autorisere det langtrekkande angrepet på Dnepropetrovsk. Det er ei særs viktig melding til både USA og EU/NATO.

Når det gjeld funksjonaliteten til missilet stridshovud, viser tilgjengelege video-opptak minst 30 mindre prosjektil, delte inn i fem grupper (seks i kvar). Mangelen på synlege detonasjonar (sjølv om minst éin vart sett) antyder at det truleg handlar om avanserte kinetiske penetratorar som greier å utslette tungt forsvarte og nedgravne stillingar.

Dette betyr at kvar NATO-base kor som helst i Europa og/eller andre plassar er innan rekkevidd, men Russland treng ikkje vere avhengig av sitt termonukleære arsenal for å avskrekke aggresjon.


Drago Bosnic, uavhengig geopolitsk og militær analytikar. 

Opprinneleg posta på Info-Brics

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica.art

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...