Derimot: Er dette vaksiner eller lindring? Influensavaksinene hindrer hverken infeksjon eller smitteoverføring ifølge USAs helsemyndigheter. – Derimot
derimot.no:
Influensavaksinar hindrar ikkje verken infeksjon eller smitte, ifølge CDCs influensavaksinekampanje
Er det slik at USAs smittevernsenter CDC garderer seg mot det planlagde sleppet av H5N1-vaksinane, vel vitande at desse vaksinane vil få full FDA-godkjenning utan nokon gjennomgang av data for tryggleik og effektivitet på menneske og dyr?
Av Karen Kingston
Ankedomstolen The 9th Circuit Court of Appeals avgjorde at anmeldarane hadde rett til å utfordre CDC sin påstand om at COVID-19-injeksjonane er «trygge og effektive/fungerande vaksinar», fordi skota ikkje vernar mot infeksjon eller virusoverføring.
Ifølge Per Jacobson vs. Massachusetts (den banebrytande rettssaka som etablerte dei juridisk bindande kriteria for vaksinar), må det vere bevist at ein vaksine hindrar infeksjon og overføring (gir immunitet). I motsett fall er dei berre palliative behandlingar for å lindre symptom, og ikkje vaksinar.
Eg laga dette bildet for å forklare visuelt kva ei palliativ behandling for influensa er (reduserer feber, smerter og frysningar). Advil er ei palliativ behandling. Palliative behandlingar reduserer eller eliminerer symptom, men dei gjer ikkje noko med den underliggande årsaka til sjukdommen eller infeksjonen.
I juni i år vann Health Freedom Defense Fund (saman med California Educators for Medical Freedom og fem privatpersonar, mrk.) ei rettssak der dei overtydde dommarane i Ankedomstolen for 9. distrikt om at COVID-19-injeksjonane ikkje var verken trygge eller effektive vaksinar.


Rettssaka var imot leiinga av USAs nest største skuledistrikt, Los Angeles (LAUSD), etter at desse i mars 2021 innførte vaksinetvang for alle tilsette i skuledistriktet.
Ein legg til grunn ein Høgstrettsdom frå 1905 for å legitimere obligatorisk vaksinering (Jacobson v. Massachusetts, som galdt vaksinering mot koppar), men Ankedomstolen for niande distrikt fann at saksøkarane hadde rett i å hevde at COVID-19-«vaksinane» ikkje er vaksinar, då dei verken hindrar infeksjon eller spreiing av viruset. Hovudpoenget med Jacobson-lova var å beskytte samfunnet som heilskap mot farleg sjukdom; ein hadde plikt til å vaksinere seg for å beskytte andre. Viss det derimot ikkje er snakk om vaksinar, men symptomlindrande behandling – somCOVID-19-«vaksinane» (i beste fall) er – så seier lova at ein person har rett til å nekte å ta imot denne, då det ikkje går ut over andre enn pasienten sjølv.
Saksøkarane påpeika og at CDC endra definisjonen på «vaksine» i september 2021. I den nye definisjonen var ordet «immunitet» fjerna. Med andre ord har CDC tilstått at COVID-19-«vaksinen» ikkje er ein «tradisjonell vaksine». Saksøkarane la også fram CDC-sitat om at vaksinen ikkje hindrar overføring (av virus), og at naturleg immunitet er betre enn vaksinen.
Ny CDC-kampanje promoterer influensavaksinar som ei behandling for influensasymptom, og ikkje for immunitet mot infeksjon eller spreiing
No som CDC har blitt avslørt globalt for å ha gitt ei urett framstilling av COVID-19-injeksjonane som «trygge og effektive vaksinar», ser det ut til at det føderale byrået no ope promoterer influensavaksinane som behandlingar for lindring av influensasymptom, og ikkje som vaksinar som gir immunitet.
Sjekk ut desse latterlege influensavaksinereklamane til CDC


Eg lurer på om CDCs Monkeypox-tsar, Demetre Daskalakis, var tungt involvert i den kreative regien for CDC sin influensavaksinekampanje med den hyppige bruken av kattedyr, kattungar og einhyrningar.


Eit opportunistisk spel på den tragiske døden til Peanut?
Demetre Daskalakis og CDC debuterte denne annonsa på sine X-feedar den 6. november, 2024, berre nokre dagar etter at SoMe eksploderte i dekning av historia om korleis Peanut, eit ekorn-kjæledyr, vart tatt ifrå «matmor» og livreddar Mark Longo av tenestemenn frå delstaten New York og deretter avliva.


Eg forstår konverteringa av ville kattedyr til huskattar eller eit nasehorn til ein leike-einhyrning for å formidle bodskapen «vill til mild», men kva har ein elg å gjere med eit ekorn? Veit ikkje CDC at ekorn er ville dyr? Verkar som eit opportunistisk spel på Peanuts tragiske død.
Har desse influensavaksineannonsane til CDC noko å seie?
Etter mitt syn: ja. Alle smarte BioPharma-marknadsførarar veit at kvart ord og kvart bilde i ein kampanje meddeler ein bodskap, og at FDA tolkar og regulerer kvart ord og bilde som blir brukt. Store, ville dyr og dødelege insekt portretterer alvorsgraden til ein sjukdoms symptom og til og med død. Dyreungar og kosedyr representerer harmløyse. Etter mi meining er desse CDC-annonsene som ein seriemordars skjulte tilståing.
Copyright of Karen Kingston, The Kingston Report.
Omsett av Monica Sortland
https://karenkingston.substack.com/p/flu-vaccines-do-not-prevent-infection
Forsidebildet er KI-generert