Derimot: Forberedelse i Israel for å utvidet landet. Gaza er vårt. – Derimot

derimot.no:

Settlarar førebur seg på ‘gjenbusetting i Gaza’

• Israels minister for den nasjonale sikkerheita, Itamar Ben-Gvir, deltok på eit todagars møte om Israels sørgrense med tittelen «Førebuing til gjenbusetting i Gaza» i høve den jødiske høgtida Sukkot. Han sa: «Det vi har lært dette året er at alt står på oss. Vi er eigarane av dette landet. Ja, vi har erfart ein forferdeleg katastrofe, men vi må forstå at eit år seinare har så mange israelarar endra mentaliteten sin. Dei har endra tenkemåten sin. Dei forstår at det å te seg som dette landets rettmessige eigarar, gir resultat.»

Visande til dei palestinske fangane, heldt han fram: «Vi tok syltetøyskivene deira. Vi tok sjokoladen deira. Vi tok fjernsyna deira. Vi tok bordtennisborda og øvingstimane deira. Du skulle sett kor dei gret og ber seg i cellene sine. Dette er beviset vårt: når vi bestemmer oss for at vi kan, lykkast vi..»

«Vi vil oppmode til frivillig flytting av alle innbyggarane på Gaza. Vi vil tilby dei sjansen til å flytte til andre land, fordi dette landet tilhøyrer oss, konkluderte han med.

• Talsperson for «Mødreparaden» Sima Hasson sa «Eg skal seie noko som ikkje alle her er klare for å seie, men eg er, og eg veit at mange av dykke er, klare for å seie det: ‘Erobr, kast ut og gjenbusett’. Eg snakkar ikkje berre om eit område av Gaza. Eg snakkar ikkje berre om nord-Gaza. Eg meiner alt landareal. Det er den einaste måten vi kan hindre at gutane våre konstant går ut i krig på. Til alle dei i Europa som har ei meining om det som skjer her, seier eg: ikkje bland dykk inn. Heile kontinentet dykkar er invadert av radikal islam!»

Daniella Weiss

• Settlarrørsle-aktivisten Daniella Weiss sa: «Vi kom hit med eit klart mål: å okkupere heile Gazastripa… kvar tomme frå nord til sør. Vi er tusentals folk og vi er klare for å dra til Gaza. 7. oktober endra historia. Som resultat av den brutale massakren har arabarane mista retten til å vere her for all tid, dei vil ikkje bli her.

• Ministeren for Negev, Galilea og nasjonal resiliens Yitzhak Wasserlauf sa: «I 2000 år har vi drøymd om å returnere til vårt jødiske heimland. Eg veit at dei som ikkje er einige med oss kallar det messianisme. Sjølv kallar eg det sionisme. Vi er ekte sionistar. Vi elskar landt vårt, vi elskar folket vårt, og vi set pris på livet. Og vi har eit ansvar for å skape ein trygg, jødisk nasjon på det landet Gud har gitt oss.

• Minister for sosial likskap og fremjing av kvinner May Golan sa: «Vi vil slå dei der det svir: landet deira. Den som brukar jordlappen sin til å planlegge eit nytt holocaust vil frå oss – med Guds hjelp – få eit nytt Nakba [katastrofe].»

I februar 2024 hadde settlarrørsla allereie organisert ein «Konferanse for Israels siger – settlement gir sikkerheit: retur til Gazastripa og nord-Samaria» i Jerusalem, der dei trua USA og Storbritannia med gjenoppretting av terroristgruppa Stern [1].

Omsett av Monica Sortland

https://www.voltairenet.org/article221426.html

Forsidebildet: Lexica.art

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...