Derimot: Ingenting er svart-hvitt. Det finnes også pro-Israel-krefter i Iran. – Derimot

derimot.no:

av Thierry Meyssan

Vi gjer ein stor feil viss vi trur at heile Iran er imot den israelske koloniseringa av Palestina. Ei gruppe iranarar, sjølv om dei naturlegvis er i mindretal, håpar enno å kunne gjenopplive handelen med Vesten, sjølv om prisen skulle vere ein avtale med det folkemorderske regimet til Benjamin Netanjahu.

Den amerikanskvennlige presidenten Hashemi Rafsanjani har blitt den rikeste mannen i landet sitt gjennom våpensmugling med Elliott Abrams. Deretter sendte han iranske soldater for å kjempe under NATO-kommando i Bosnia-Hercegovina. Han deltok til slutt i Color Revolution som forsøkte å styrte hans etterfølger, president Mahmoud Ahmadinejad.

Dei fleste av oss trur at Den islamske republikken Iran primært rettar motstanden sin mot Israel. Dette er å misforså læra til imam Khomeini og å ignorere dei mange relasjonanae mellom dei to landa.

Ruhollah Khomeiny var ein anti-imperialist i eit land som først leid under Storbritannia, deretter under USA.

Det er ukjent i Vesten, men under Første verdskrig leid Iran ein forferdeleg hungersnaud som tok ein tredjedel, kanskje til og med halvparten, av befolkninga, og gjorde Iran til eit av hovudoffera til denne konflikten [1]. Denne katastrofen har knapt blitt studert i Vesten, og den er stort sett ikkje ein gong nemnd i avhandlingar om den store krigen. Uansett er iranarane overtydde om at dette folkemordet vart forårsaka av at avlingar vart rekvirerte til å fore den britiske arméen i kampen mot osmanane og russarane. Seinare, i 1953, gjekk Storbritannia ihop med USA om å styrte statsminister Mohammad Mossadegh, som hadde nasjonalisert oljen på bekostning av Anglo-Persian Oil Company, og for å sette inn nazisten Fazlollah Zahedi som hans etterfølgar[2]. Sistnemnde etablerte så eit sadistisk politisk politi, SAVAK [3], godt hjelpt av ei gruppe revisjonistiske sionistar delegerte av Yitzhak Shamir, som då var sjef for ei grein i israelske Mossad.

Shahens politiske politi, SAVAK, var leidd av Teymour Bakhtiar, men offiserane der var tidlegare medlemmar av tyske Gestapo og israelske revisjonistisk sionistar.

Det er derfor skriftene til ayatollah Khomeini alltid først og fremst er retta mot USA og Storbritannia (“den store og den vesle Satan”), og Israel blir framstilt som berre ei angelsaksisk uttrykksform, og ikkje ei uavhengig makt.

Men dei nære banda som Det persiske riket hadde med Israel har aldri opphøyrd. Sjølv i dag blir oljerøryleidninga Eilat-Ashkelon, bygd i 1968 med shahen, framleis drifta av eit selskap som er eigd 50-50 av Israel og Iran. Å uttale seg offentleg om eigarskapet i denne røyrleidniga kan straffast med 15 år i fengsel i Israel [4].

Når vi no har oppklart desse punkta, er det på sin plass å minnast kor viktig Iran-Contra-skandalen var for historia til den islamske republikken.

Denne operasjonen til USAs hemmelege tenester vart utpønska av SS-Obersturmführer Klaus Barbie (sjef for Gestapo i Frankrike 1942-1944), som hadde organisert diktaturet til Hugo Banzer i Bolivia og Medellin-kartellet. Det handla om å forsyne dei pro-amerikanske leigesoldatane som kjempa mot revolusjonen til Augusto Sandino ( «Sandinistane») med våpen. Men Barbie vart arrestert og utlevert til Frankrike. Oberst Oliver North, som leidde ei hemmeleg gruppe snikmordarar innanfor USAs National Security Council, tok over saka. Han såg føre seg ein mykje meir kompleks operasjon: å fri dei US-amerikanske sivile gislane som var tatt under den libanesiske borgarkrigen og byte dei mot våpen til Den islamske republikken Iran slik at den kunne forsvare seg under krigen mot Irak og styrte president Saddam Hussein. Desse våpena skal ha blitt tatt av Israel frå våpena som USA leverte til dei, og derifrå overførte til Iran. Men nokre av dei nådde nicaraguanske Contras. Dette prosjektet fekk støtte frå viseutanriksminister Elliott Abrams, ein revisjonistisk sionist.

Det vart derfor oppretta komtakt med ein iransk utsending, Hassan Rohani, som dei US-amerikanske tenestene kjende frå shahens tid. Han introduserte dei for presidenten av Majlis (parlamentet), Hashemi Rafsanjani. Operasjonen var så viktig at provisjonen sistnemnde fekk betalt gjorde han til landets rikaste mann.

Trass i alle offisielle granskingar av denne mørke affæren, er dei viktigaste tinga ved den framleis hemmelege. Uansett er det klart at Hassan Rouhani (som vart president i 2013 og sat til 2021) og Hashemi Rafsanjani (som vart president i 1989 og sat til 1997) kollaborerte med teamet til Oliver North og Elliott Abrams.

I 2006-2007 styrte Elliott Abrams – den same igjen – saman med Liz Cheney (dotter til visepresident Dick Cheney) USAs Syria-politikk og Operations Group; ei tverr-institusjonell gruppe under administrasjonen til Bush Jr., med topp-hemmeleg budsjett. Dei hadde oversikten over hjelpa til den iarnske opposisjonen og til alle som kjempa mot “mullah’ens regime” kor dei enn måtte vere.

Den revisjonistiske sionisten Elliott Abrams har ikke bare sådd terror i Latin-Amerika, han har også påvirket iransk politikk, brakt til makten den nåværende koalisjonen av Benjamin Netanyahu og ansatt i årevis den nåværende franske ministeren for europasaker, Benjamin Haddad.

Oliver North er ikkje lenger aktiv, men Elliott Abrams organiserte den siste valkampen til Benjamin Netanyahu, alliansen hans med Kahanistane (Itamar Ben-Gvirs Jewish Force og Bezalel Smotrichs Jewish Home) for å reformere den revisjonistiske sionist-rørsla (til fascisten Zeev Jabotinsky [5]) og hans transformasjon av Israels konstitusjonelle lover (det opposisjonen og mange kommentatorar har kalla eit “statskupp”).

Iranarane ønsker ikkje å øydelegge rivalane sine. Så dei har fått den vanen at når to grupper kjem i konflikt, så opprettar dei ein kommisjon til å forsone dei. Sidan denne sjeldan lykkast, og tvert imot sjølv kjem i konfleikt med ein annan institusjon, så opprettar dei ein andre og tredje osb. Til sist sit dei med eit svært komplekst organisasjonskart, der kvar minste avgjerd krev eit dusin signaturar som ingen greier samle inn. Systemet har såleis blokkert seg sjølv.

I 1993-1994 sende Revolusjonsgarden soldatar til å kjempe saman med NATO i Bosnia-Herzegovina. Dei kom president Alija Izetbegović til unnsetning. Det var ikkje noka motsetning mellom Den islamske republikken til president Hashemi Rafsanjani og angelsaksarane. Saudi-Arabia og Osama bin Ladens Arab Legion var involverte i denne fellesoperasjonen.

I 2005 vart det lansert ein svær pressekampanje mot den nye iranske presidenten, anti-imperialisten Mahmoud Ahmadinejad. Pressebyrået Reuters fann på ei fantasifull tolking av noko president Mahmoud Ahmadinejad hadde sagt, så folk skulle tru han ville feie Israel av kartet. Dette falske sitatet fekk FNs sikkerheitsråds fordømming før svindelen vart oppdaga og Reuters publiserte ein dementi [6]. President Ahmadinejad hadde berre sagt at Staten Israel, likt Sovjetunionen, ville forsvinne med tida, ikkje at befolkninga der burde kastast på havet. Uansett: det falske sitatet finst no i mange bøker som etablert faktum.

Det var også på denne tida at anglosaksarane starta ein kampanje for å få folk til å tru at Iran ville skaffe seg atomvåpen for å knuse Israel. Dei håpe på å rettferdiggjere eit angrep på Iran etter dei i Afghanistan og Irak [7].Men det var shahen som ville skaffe atombomba, eit prosjekt som vart høgtideleg gitt opp av imam Ruhollah Khomeini i 1988 og aldri meir gjenoppliva.

I 2009 prøvde USA seg på fargerevolusjon under gjenvalet av den nasjonalistiske presidenten Mahmoud Ahmadinejad. Washington støtta seg då på tidlegare president Hashemi Rafsanjani. Til slutt, i 2013, greidde dei å forhandle fram med utsendingane til den øvste leiaren, ayatollah Ali Khameni, at Ahmadinejad si gruppe skulle stengast ute frå presidentvalet og at Hassan Rohani skulle utnemnast.

I 2011 var nye sjefen for den iranske kontraspionasjen, som hadde ansvaret med å bekjempe Mossad-infiltrasjon, … ein israelsk agent. Han sat i stillinga til 2021 og bur no i Israel. Han omgir seg med eit team på rundt tjue personar som flykta saman med han til Israel. Det var dei som organiserte drapa på atomfysikarane og tjuveriet av arkiva som Benjamin Netanyahu stilte ut.

Familien til Irans nye utanriksminister, Abbas Araghchi,ventar utolmodig på at Teheran skal få ein avtale med USA og få slutt på handelsembargoet. Dei eig det største internasjonale salsselskapet for iranske teppe.

Under slike tilhøve burde det ikkje overraske at ei iransk kjelde informerte Israel om plass og tidspunkt dei kunne drepe Hizbollah-leiarane på, ein etter ein. Spesielt ikkje sidan den øvste leiaren no diskuterer med Biden-administrasjonen om å nå ein avtale før 5. november, datoen for USAs presidentval. Det vil seie at dei som er pro-USA i dag er sterkare enn nokon gong i Teheran.

Iran sitt hovudproblem er ikkje opposisjonen mellom konservative og dei som vil fornye, slik pressa i Vesten påstår (den konservative Mahmoud Ahmadinejad var for at ein skulle velge fritt om ein ville bruke slør og skjegg, og modernisten Mir Hossein Moussavi var imot fridom for homoseksuelle), men heller paralysen til institusjonane. Det finst visseleg anti-jødiske straumningar i Iran, slik det og var eit nazi-parti der, men det jødiske samfunnet er representert i Majlis (parlamentet). Iransk politisk liv kan betre forklarast på sosiologisk vis: bursjoasiet i Teheran og Isfahan trekk rikdommen sin frå internasjonal handel, og stemmer derfor for avskaffing av handelshinder, medan vanlege folk på landet hugsar svolten som desimerte familiane deira under det ubøyelege blikket til anglosaksarane.

Det som må hugsast:
• Ein liten iransk minoritet er sympatisk innstilt til Vesten og Israel. President Rafsanjani sende soldatar til å kjempe under NATO-kommando i Bosnia og Herzegovina.
• Det er ikkje umogleg å halde på ein anti-Israel-diskurs samtidig som ein gjer forretningar med Tel Aviv: sjølv i dag driv dei to statane i fellesskap ei oljerøyrleidning som er essensielt viktig for den israelske økonomien.
• Pro-israelske støttespelarar har hatt viktige stillingar i Den islamske republikken. Det overraskar ikkje at det var iranske embetsmenn som sveik Hassan Nasrallah.

Thierry Meyssan

Omsett av

Monica Sortland

[1The Great Famine and Genocide in Iran: 1917-1919, Mohammad Gholi Majd, University Press of America (2013). [2] «CIA declassifies more of «Zendebad, Shah!» – internal study of 1953 Iran coup», National Security Archives, February 12, 2018. [3] «SAVAK: A Feared and Pervasive Force», Richard T. Sale, Washington Post, May 9, 1977. Debacle: The American Failure in Iran. Michael Ledeen, Vintage (1982). [4] “Israel and Iran collaborate to exploit the Eilat-Ashkelon pipeline”, Translation Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 9 January 2018. [5] Zeev Jabotinsky is a fascist in the full sense of the term. He was an ally of Benito Mussolini and established his militia, the Betar, in the suburbs of Rome under his protection. Until his death, he supported the Axis against the Allies. [6] “Reuters participates in a propaganda campaign against Iran”, Voltaire Network, 23 November 2005. [7] “Who’s afraid of Iran’s civilian nuclear programme?”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 27 July 2010.

Forsidebilde: Brian Wangenheim

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...