Derimot: Frivillige helsearbeidere fra USA på Gaza-stripen: Antallet døde må mangedobles. – Derimot
derimot.no:
Jeg har lenge forundret meg over tallet drepte på Gaza som jeg har ment var alt for lavt. Ser en på ødelagte bygninger skjønner jo enhver at det må ligge mennesker under ruinene her og at det ikke er mulig å få ryddet dette før krigen er over og først da få talt opp alle drepte.
Disse tallene som refereres under over døde sivile er jo horrible og gir et inntrykk av at Israels målsetting er å fjerne alle fra Gaza og gjøre området klart for jødisk bosetting.
Hva kan poenget ellers være med å fjerne all infrastuktur ?
Knut Lindtner
Redaktør
Amerikanske frivillige helsearbeidarar i Gaza seier at over 118 000 har blitt drepne
Helsearbeidarane fortalde at ingen av dei hadde sett nokon militant aktivitet på sjukehus i Gaza, sjølv om Israel hevdar noko anna
Av Dave Decamp
Nittini amerikanske helsearbeidarar som har arbeidd frivillig i Gaza det siste året publiserte eit ope brev til president Biden og visepresident Harris på torsdag som fortalde om alt det grufulle dei hadde vore vitne til og bad om at USA skulle stoppe militærstøtta si til Israel.
Helsearbeidarane sa dei trudde at dei sanne dødstala i Gaza er mykje høgare enn det som Gazas helsedepartement melder frå om – nærare 118 908, meiner dei.
«Dette brevet og vedlegget viser beviskraftige teikn på at den menneskelege kostnaden i Gaza sidan oktober er langt høgare enn det som blir forstått i USA,» skriv dei. «Det er sannsynleg at dødstalet frå denne konflikten allereie er større enn 118 908, utrulege 5,4% av Gazas befolkning.»
Dei siste tala frå Gazas Helsedepartement seier at antalet palestinarar drepne av Israel i Gaza sidan 7. oktober, 2023, er 41 788. Tala til departementet reknar berre opp lik som er frakta til sjukehus og likhus, og dei tel ikkje med sakna og antatt døde i ruinane.
Dei amerikanske helsearbeidarane sa at alle i Gaza enten er sjuke, skadde eller begge deler. «Med berre marginale unntak er alle i Gazasjuke, skadde eller begge. Dette inkluderer alle nasjonale hjelpearbeidarar, alle internasjonale frivillige, og sannsynlegvis alle dei israelske gislane: kvar mann og kvinne, og kvart barn,» står det i brevet.
Dei sa at nesten alle barn under fem år som dei møtte «hadde både hoste og diaré.» Alle som signerte brevet hadde sett skadar på barn som viste at dei hadde blitt utsette for målretta angrep frå det israelske militæret.
«Spesifikt behandla alle vi som arbeidde på akutten, intensiven eller med kirurgi barn under tenåringsalder som var skotne i hovudet eller brystet regelmessig eller til og med dagleg,» står det i brevet. «Det er umogleg at slik utbreidd skyting av unge barn over heile Gaza, gjennom eit heilt år, er tilfeldig eller noko dei høgste israelske sivile og militære autoritetane ikkje kjenner til.»
Dr. Mark Perlmutter, ortoped og hand-kirurg, skriv i brevet at «Gaza var den første gongen eg heldt eit spedbarns hjerne i handa. Den første av mange.»
Helsearbeidarane sa at nyfødde babyar døydde på grunn av tilstandar forårsaka av den israelske kringsettinga og angrep på sjukehus. Barnepleiaren Asma Taha fortalde at «Kvar dag såg eg småbarn som døydde. Dei vart fødde friske. Mødrene deira var så underernærte at dei ikkje kunne amme, og vi mangla både morsmjølkerstatning og reint vatn til å mate dei med, så dei svalt ihel.»
Helsearbeidarane sa at israelske styrkar tok deira palestinske kollegaar til fange under sine raid mot sjukehus. «Mange av desse kollegaane våre vart tatt av Israel under angrepa. Dei kunne alle fortelle oss ein annan versjon av same historia: under fangenskapet fekk dei knapt mat, dei vart kontinuerleg fysisk og psykisk misbrukte før dei til sist vart dumpa nakne i ei grøft langs vegen. Mange fortalde oss at dei vart utsette for narreavrettingar og andre former av mishandling og tortur,» stod det i brevet.
Israel hevdar Hamas har brukt sjukehus som «kommandosenter», men brevet fortel at ingen av signatarane såg noko teikn på militant aktivitet: «Dei 99 signatarane til dette brevet var til saman 254 veker på Gazas største sjukehus og klinikkar. Vi vil seie heilt klart og tydeleg: ikkje ein einaste gong såg nokon av oss nokon slags palestinsk militant aktivitet på noko sjukehus eller nokon annan helsefasilitet i Gaza.»
Brevet konkluderer med ei bøn til Biden og Harris om å stoppe USA si støtte til folkemordskrigen: «Kvar dag vi held fram med å forsyne Israel med våpen og ammunisjon er ein ny dag med kvinner som blir rivne i filler av våre bomber og barn som blir myrda med våre kuler. President Biden og visepresident Harris, vi ber dykk instendig: stopp denne galskapen no!»
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica.art