Derimot: Vesten er mestere i å omskrive virkeligheten. Skjønnmalingen holder ikke lenger i møte med virkeligheten. – Derimot

derimot.no:

Frå 11. september til 7. oktober: Den falske «Krigen mot terror» kollapsar

av Pepe Escobar

sonar21, 16. september 2024

Kolonisering … er den beste forretningsaffæren som hovudstaden til eit gammalt, rikt land kan engasjere seg i … dei same reglane for internasjonal moral gjeld ikkje … mellom siviliserte nasjonar og barbarar.

– John Stuart Mill, sitert av Eileen Sullivan i “Liberalism and Imperialism: JS Mill’s Defense of the British Empire,” Journal of the History of Ideas, vol. 44, 1983.

Hendingane den 11. september 2001 var meinte å innføre og halde i hevd eit nytt eksepsjonalistisk paradigme for det unge 21. tusenåret. Men historias dom vart annleis.

Framstilt som eit angrep på US Homeland, genererte 11. september 2001 med ein gong Den globale krigen mot terror (Global War on Terror, GWOT), som vart lansert allereie klokka 23 same dag. Pentagon døypte det først «Den lange krigen», men administrasjonen til Barack Obama saniterte det til «Overseas Contingency Operations» (OCO).

Den USA-skapte War on Terror brukte notorisk usporbare åtte billionar dollar på å slå ein fantasi-fiende, drap over ein halv million menneske – overveldande mange av dei muslimar – og la ut på illegale krigar mot sju muslim-dominerte statar. Alt dette vart hjartelaust rettferdiggjort med «humanitære grunnar» og vart, etter det som vart sagt, støtta av «verdssamfunnet» («the international community») – før også dét omgrepet vart omdøypt til «den regel-baserte internasjonale ordenen».

Krigen mot Terror skapte USA for at krigsindustrien skulle sikres kontinuerlig fortjeneste. (Foto KI-generert)

Cui Bono? (Kven er det som tener på det?) er framleis det store spørsmålet som rugar over alle sakene som har med 11. september 2001 å gjere. Eit tett samankopla nettverk av ihuga neokonservative av typen Israel-først , som visepresident Dick Cheney (som var forsvarsminister under administrasjonen til faren til George W Bush) hadde fått plassert inn i strategiske stillingar rundt om i forsvar og nasjonal sikkerheit, ilte til aksjon for å innføre den lenge planlagde agendaen til Project for the New American Century (PNAC). Denne vidtrekkande agendaen hadde venta på sidelinjene på at den rette utløysaren skulle dukke opp – eit «nytt Pearl Harbor» – som skulle rettferdiggjere ei rekke regimeskifteoperasjonar og krigar over store delar av vest-Asia og andre muslimske statar og omforme den global geopolitikken til fordel for Israel.

General Wesley Clark si vidgjetne avsløring av Cheneys hemmelege komplott om å øydelegge sju store islamske land på fem år, frå Irak, Syria, Libya og heile vegen til Iran, viste oss at planane allereie var lagt på førehand. Desse utpeika nasjonane hadde éin ting til felles: dei var resolutte fiendar av okkupasjonsstaten og faste støttespelarar av palestinske rettar.

Den søte avtalen, sett frå perspektivet til Tel Aviv, var at Krigen mot terror ville få USA og deira allierte i Vesten til å kjempe alle desse krigane på vegner av «sivilisasjonen» og imot «barbarane», alt ihop til Israels forteneste. Israelarane kunne ikkje ha vore gladare eller meir sjølvtilfredse over retninga som dette gjekk i.

Det er ikkje rart at 7. oktober 2023 er eit spegelbilde av 11. september 2001. Okkupasjonsstaten kalla det sjølv for Israels eige “11. september”. Parallellane er mange, men ikkje på den måten som Israel-først-folka og klikken av ekstremistar som leier Tel Aviv forventa.

Syria: vendepunktet

Den Vestlege overherren er ein utmerkt narrativ-konstruktør, og han veltar seg no i gjørma av russofobi, iranofobi og sinofobi han sjølv har skapt. Å diskreditere offisielle, uforanderlege narrativ, som det om 11. september, er framleis det ultimate tabuet.

Men ein falsk narrativ-konstruksjon kan ikkje halde evig. For tre år sidan,   20-årsdagen til Tvillingtårn-kollapsen og starten på Krigen mot terror, såg vi ei stor oppløysing i grenselandet mellom sentral- og sør-Asia: Taliban var tilbake ved makta og feira sigeren sin over Overherren i ein kaotisk «Evig krig».

Nederlaget i Afghanistan var et i serien av nederlag som nå kommer: Syria, Afghanistan, Ukraina… (foto Lexica)

Manien for «sju land på fem år» – som skulle smi «eit nytt Midtausten» – hadde på dette tidspunktet gått av skinnene over heile spekteret. Syria var vendepunktet, sjølv om nokre vil hevde at lagnaden vart bestemt allereie då den libanesiske resistansen slo Israel i år 2000, og deretter igjen i 2006.

Men å knuse uavhengige Syria ville ha bana veg for Overherrens – og Israels – heilage gral: regimeskifte i Iran.

US-amerikanske okkupasjonsstyrkar gjekk inn i Syria seint i 2014 med påskot om å kjempe mot «terror». Det var Obamas OCO i aksjon. I realiteten var det snarare slik at Washington brukte to sentrale terror-grupper – IS (alias Daesh, ISIS, ISIL, Den islamske staten, eller Det islamske kalifatet) og Al-Qaida (alias Jabhat al-Nusra, Hayat Tahrir al-Sham, Mujahedin) – til å prøve å øydelegge Damaskus.

Det vart bevist av eit offentleggjort, tidlegare hemmelegstempla DIA-dokument frå 2012, og seinare stadfesta av general Michael Flynn, sjefen for DIA (US Defense Intelligence Agency) (DIA) då denne vurderinga vart skriven: «Eg trur det var ei medviten avgjerd» [frå Obama-administrasjonen] om å hjelpe, ikkje kjempe mot, terror.

IS vart oppfunnen for å kjempe mot både dei irakiske og syriske hærstyrkane. Terrorgruppa hadde sprunge ut av Al-Qaida i Irak (AQI), deretter skifta namn til Den islamske staten i Irak (ISI), deretter ISIL og til slutt ISIS [på engelsk. På norsk seier vi IS, mrk.], etter at dei kryssa den syriske grensa i 2012.

Hovudpoenget er at både IS og Nusra Front (seinare Hayat Tahrir al-Sham) var hardbarka Salafist-jihadistiske forgreiningar av Al-Qaida.

Den russiske inntreden på Syrias side sammen med støtte fra Iran reddet sansynligvis Syria som stat.

Russland sin entre inn på den syriske scenen etter invitasjon frå Damaskus i september 2015, var det som verkeleg endra spelet. Russlands president Vladimir Putin bestemde seg for å engasjere seg i ein ekte krig mot terror på syrisk territorium før den terroren nådde grensene til Den russiske føderasjonen. Eit standarduttrykk i Moskva på den tida var: «Distansen mellom Aleppo og Grozny er berre 900 kilometer.»

For russarane hadde allereie blitt utsette for same type terror i Tsjetsjenia på 1990-talet. Etterpå var det mange tsjetsjenske terroristar som flykta, og enda med å slutte seg til tvilsame grupperingar i Syria som vart finansierte av saudiarabarane.

Den avlidne, store libanesiske analytikaren Anis Naqqash har seinare stadfesta at det var den legendariske iranske kommandanten for Quds-styrkane, Qassem Soleimani, som personleg overtalte Putin til å entre det syriske krigsteateret og hjelpe til med å slå ned terrorismen. Denne strategiske meisterplanen skulle vise seg å fatalt svekke USA i vest-Asia.

USAs sikkerheitskompleks skulle sjølsagt aldri tilgi Putin, og særleg ikkje Soleimani, for at dei slo dei jihadistiske fotsoldatane deira, som var så kjekke å ha. Etter ordre frå president Donald Trump vart den iranske anti-IS-generalen myrda i Baghdad i januar 2020, saman med Abu Mahdi al-Mohandes, nestleiaren for Iraks folkemobiliseringsgrupper (PMU), eit breitt spektrum av irakiske krigarar som hadde sameint seg for å slå tilbake IS i Irak.

Gravlegginga av arven etter 11. september

Soleimanis strategiske turne for å sette opp og koordinere Resistansaksen mot Israel og USA hadde pågått i fleire år. I Irak vart til dømes PMU’ane køyrd fram til frontlinjene fordi det irakiske militæret – USA-trent og -kontrollert – rett og slett ikkje kunne ta IS.

Qasem Soleimani var generalmajor i den iranske Revolusjonsgarden og mellom 1998 og 2020. Han ble snikmyrdet etter ordre fra USAs president Donald Trump i en bil på Bagdad flyplass.

PMU’ane vart oppretta etter ein fatwa av Grand Ayatollah Sistani i juni 2014 – då IS starta den irakiske storminga si – ved å innstendig be «alle innbyggarar av Irak» om å «forsvare landet, landets folk, folkets ære og dei heilage stadane».

Fleire PMU’ar hadde ryggdekning frå Soleimani sine Quds-styrkar – som ironisk nok for resten av tiåret skulle bli stempla av Washington som «terroristar». Parallelt med dette var den irakiske regjeringa vert for eit anti-IS-etterretningssenter i Baghdad, leidd av Russland.

Det var først og fremst PMU’ane som fekk æra for å ha nedkjempa IS i Irak, komplementert med hjelpa dei gav til Damascus via integrering av PMU-einingar i Den syriske arabiske arméen. Det var det ein ekte krig mot terror handla om, ikkje den US-amerikanske konstruksjonen som feilaktig vart kalla «Krigen mot terror».

Men det beste var likevel at den vest-asiatiske responsen på terror var og blir ikkje-sekterisk. Teheran støttar sekulære, pluralistiske Syria og sunni-muslimske Palestina; Libanon framstiller ein Hizbollah–kristen allianse; Irak sine PMU’ar er alliansar mellom sunni og sjia og kristne. Splitt og hersk fungerer ikkje i ein heimelaga anti-terror-strategi.

Det som så skjedde den 7. oktober 2023 propellerte den regionale resistansens etos til eit heilt nytt nivå.

Med eitt, raskt trekk øydela dei myten om israelsk militær uovervinnelegheit og overlegent overvakingssystem. Sjølv medan det skrekkelege folkemordet i Gaza held fram usvekka (med kanskje så mange som 200 000 døde sivile, ifølge The Lancet), blir den israelske økonomien sløgd.

Jemen sin strategiske blokkade av Bab al-Mandeb og Raudehavet mot frakteskip som er tilknytte eller på veg mot Israel, er meisterleg i sin effektivitet og enkelheit. Ikkje berre har dei allereie ruinert den strategisk viktige hamna til Israel i Eilat, men som bonus har dei og audmjuka herskaren over hava, USA, då jemenittane faktisk slo US Navy.

På mindre enn eit år har Resistansaksen i grunnen gravlagd den falske Krigen mot terror og dennes multi-billion-dollars pengemaskin.

Om Israel profitterte på hendingane etter 11. september, fører Tel Aviv sine aksjonar etter 7. oktober til ei tilsvarande rask oppløysing. No, medan eit massivt globalt fleirtal fordømmer Israels Gaza-folkemord, framstår okkupasjonsstaten som ein paria som plettar til sine allierte og eksponerer Overherrens hykleri kvar dag som går.

For Overherren blir det endå meir alarmerande. Hugs på åtvaringa i 1997 frå dr. Zbigniew “Grand Chessboard” Brzezinski: «Det er avgjerande viktig at det ikkje oppstår nokon eurasisk utfordrar som greier å dominere Eurasia og dermed også å utfordre Amerika.»

Til sjuande og sist har alt dette høglydte raseriet om 9/11 – Krigen mot terror, Den lange krigen, Operasjon ditten og datten over to tiår – metastasert seg til nøyaktig det som «Zbig» frykta. Ikkje berre ein einsleg utfordrar har oppstått, men eit fullt flygedyktig stategisk partnarskap mellom Russland og Kina som slår an ein ny tone for Eurasia.

Brått har Washington gløymd alt om terrorisme. Dette er den verkelege «fienden» – no vurdert til USAs topp to «strategiske truslar». Ikkje Al-Qaeda og deira mange inkarnasjonar, eit inkjeseiande fantasifoster av CIAs fantasiar, rehabilitert og reinsa i tiåret før som «dei moderate rebellane» i Syria.

Det som er endå nifsare, er at den meiningslause Krigen mot terror som dei neokonservative smidde rett etter 9/11, no omformar seg til ein terrorkrig som inkarnerer den desperate Hail Mary-pasningen til CIA og MI6 for å «konfrontere russisk aggresjon» i Ukraina.

Og det igjen er dømd til å bli metastasert til den sinofobe sumpen, fordi dei same Vestlege etterretningsbyråa ser på Kina si oppstigning som «den største geopolitiske og etterretningsmessige utfordringa» i det 21. hundreåret.

Krigen mot terror er tilbakevist; den er no daud. Men gjer dykk klar for serieterrorkrigar frå ein Overherre som ikkje er vand med å ikkje eige narrativet, hava og jorda.

Fritt omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/from-11-september-to-7-october-the-fake-war-on-terror-collapses/

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...