Derimot: Israelsk politisk analytiker: Angrepet var lenge planlagt. – Derimot
derimot.no:
Israelsk politisk analytikar og ekspert: Kvifor gjekk Israel til åtak på Iran?
Ori Goldberg er ifølgje Wikispooks ein israelsk politisk analytikar og leiande akademisk ekspert som har skrive omfattande om Iran, Israel og forholdet mellom religion og politikk i Midtausten. I hovudstraumsmedia er han i dag ein persona non grata etter å ha kritisert folkemordet Israel utfører i Gaza. Han er derimot hjarteleg velkomen på Al Jazeera, og har ein stor følgjarskare på sosiale media. Nemnde kanal er forboden i Israel.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
14.juni 2025 la Goldberg ut eit innlegg på X, der han skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Kvifor gjekk Israel til åtak på Iran?

Det var ikkje på grunn av ein ‘uunngåeleg, eksistensiell trugsel’. Dette må ha blitt planlagt for fleire månader sidan. Der var ingen eksistensiell trugsel då; der er ingen no. Avgjerda om å bruke atommakt er ei politisk ei. Israel ønskjer ei radikalisering av iransk politikk.
Det var ikkje eit forsøk på å få ‘det storslegne iranske folket’ til å gjere opprør mot Den islamske republikken. Bodskapen til Netanyahu er so å seie både kynisk og mafiaaktig reint stilmessig. Å bombe Iran og drepe iranarar for å framkalle ‘sosial endring’ er som å svelte Gaza-innbyggjarar slik at dei gjer opprør mot Hamas. I tillegg vil det iranske folket verkeleg samle seg rundt flagget under desse forholda sjølv om dei av heile sine hjarte mislikar Den islamske republikken. Dei vil gjere det av same grunn som protestane mot Netanyahu no lovpriser stordommen hans – den umiddelbare appellen til ei nasjonal oppreising eller katastrofe.
Israel har to grunnar til å gå til åtak på Iran. Den fyrste er å avleie verdas merksemd frå folkemordet i Gaza (og det som byrjar på den kringsette Vestbreidda). Israel var på randa av å måtte stå til ansvar for sine brotsverk. Israel hadde gått tom for alternativ. No vil det globale nord atter ein gong bli i stand til å fantasere om å utrydde den muslimske/brune/fanatiske/primitive trugselen med blod, og vil gjenopprette israelsk immunitet og straffefritak.
Den andre grunnen er at dette no er Israels definisjon av ‘tryggleik’: Å drepe kven dei vil, når dei vil, og so lenge dei vil utan å betale nokon slags pris. Dette er den einaste måten ein jødisk overherredømmestat kan eksistere ‘trygt’. Ei verd som tillèt at dette blir ei norm, er ei verd der enden er nær.»
Forsidebilde: KI-generert