Derimot: Ikke bare i Norge som nå får et sannhetsministerium. Ytringsfriheten strammes nå inn over hele vesten. – Derimot
derimot.no:
Kva handlar arrestasjonen av Pavel Durov eigentleg om?
av Larry Johnson
Veldig merkverdig åtferd i Frankrike rundt arrestasjonen av Telegram-grunnleggaren, Pavel Durov, tydelegvis på spesifikk ordre frå president Macron. Men det ser verkeleg ut som handa til Uncle Sam har vore med og manipulert marionettstrengane i dette fascistiske dramaet. Bevisa mine? Sjå på nummer to på lista over kva Durov er anklaga for.
Refus de communiquer, sur demandes des autorités habilitées, les informations ou documents nécessaires pour la réalisation et l’exploitation des interceptions autorisées par la loi
(omsett: Nektar å, etter oppmoding frå autoriserte myndigheiter, legge fram informasjon eller dokument som er nødvendig(e) for utføring og utnytting avlyttingar som er godkjende ved lov)
Så vidt eg veit er USA eitt av få, om ikkje det einaste, land i verda der informasjon samla inn av etterretningsbyrå ikkje kan brukast i ei rettssak. Frasen » avlyttingar som er godkjende ved lov» signaliserer at ei gruppe innanfor dei autoriserte myndigheitene hadde ein person i siktet i ei etterforsking, og at dei ønska å ta i bruk avlytting som så kunne bli brukt i ei rettssak. Men kva for ei? Eg set min lit til at du — lesaren — let meg få vite om det dersom det er andre land som krev at politiet skal ha dommargodkjenning for å plassere ut avlyttingsutstyr.
Eg sjekka det med ein av mine pensjonerte CIA-kompisar, som var stasjonssjef i Europa, og han visste ikkje om ein einaste europeisk stat som ikkje tillet at etterretningsinfo som er samla inn om ein mistenkt kan brukast i ei rettssak. Poenget er dette: sjølv om Telegram hevdar dei er godt kryptert og kan stå imot inntrenging frå etterretningsbyråa NSA, GCHQ, SVR eller Kinas departement for statssikkerheit, er det ikkje trygt. Hugsar du då WhatsAp kom ut for fleire år sidan? Ein av etterretningskompisane mine åtvara meg mot å ta for gitt at appen var trygg.
Eg lurer verkeleg på korfor franskmennene set denne anklagen på lista. Kva om Iran hadde kontakte Telegram og kravd ei avlytting av kontoen til ein amerikansk politikar eller , og kravet var i samsvar med iransk lov? Ifølge den franske logikken skulle då Iran ha kunna arrestere Pavel eller Zuckerberg eller Musk dersom dei nekta å tillate ei avlytting på plattformane sine. Rein galskap.
Sanninga er: land som USA, UK, Russland og Kina har robuste system for innsamling av e-post, tekstmeldingar og telefonsamtalar. Dei treng ikkje noko forbanna løyve frå ein dommar. Dei gjer det fordi dei kan.
Den verkelege intensjonen bak desse juridiske sprella er å tvinge Pavel, og andre som han, til å stenge ned ytringsfridom. Vesten toler ikkje tanken på at ordinære folk skal utfordre det uopphøyrlege tøvet deira, som til dømes Covid, at Ukraina vinn krigen mot Russland eller påstanden om at Israel ikkje utfører folkemord.
Viss eg var Pavel, ville eg tatt vegen til Dei sameinte arabiske emirata (UAE) sin ambassade eller den russiske ambassaden og søkt om asyl. Eg trur han ville vere best tent med UAE-folka, for dei kunne kle han ut i ein burka hijab og frakte han ut av landet.
Eg spelte inn ein video i dag om denne saka. Kos dykk:
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/what-is-really-going-on-with-the-arrest-of-pavel-durov/