Derimot: To års nedstengning: Store konskvenser for folkehelsen.
derimot.no:
Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.
Det viser seg at det å stengje alt ned og stengje alle inne i meir enn to år på grunn av eit skremmande «virus», var ein elendig strategi for å halde folk friske og trygge – om ein går utifrå at det nokosinne var målet i det heile (hint: det var det ikkje).
Ein ny rapport frå Verdas helseorganisasjon (WHO) avslører at heile 27 milliardar i året vart unaudsynleg brukt på helseomsorg fordi folk bura seg inne i isolasjon. Mange av dei sat og gafla i seg mat medan dei fekk liten til ingen mosjon, som vi her i Natural News veit er ei oppskrift på helsekatastrofe.
Alle dei «Hald dykk heime, hald dykk trygge»-kampanjane var fullstendig søppel og fullstendig villeiande, med andre ord. Fleire vart sjuke og døydde enn normalt på grunn av dei – og dei som framleis er her, men som har dårleg helse, har mykje arbeid framfor seg for å kome tilbake i form.
Den nye WHO-rapporten, som har tittelen «Global Status Report on Physical Activity in 2022», går imot alt som denne armen til FN dreiv og pusha tilbake i 2020. Den trekkjer merksemd til det faktum at folk ville ha kome betre ut av det ved å gjere meir, ikkje mindre gjennom plandemien.
WHO oppmodar no essensielt regjeringar, primært i Vesten der Wuhan koronavirus (Covid-19)-nedstengingar og andre restriksjonar var ekstreme, til å fremje nye kosthalds- og mosjonsplanar for å gjere gode igjen dei sjølvsame problema som oppstod då alt vart stengt ned i fyrste omgang.
«… [Kinavirus-]pandemien har vist at fysisk aktivitet må vere ein kjernekomponent i folkehelsepolitikk, og at alle land sikrar seg at alle får likeverdige høve for fysisk aktivitet,» seier no WHO.
«Globalt kostar fysisk inaktivitet helsesystema 27 milliardar dollar i året, og innan 2030: 300 milliardar dollar,» forklarer rapporten vidare, og legg igjen vekt på at mangel på mosjon og rørsle er ein leiande årsak til unngåeleg, ikkje-overførbare sjukdommar (UIO-sjukdommar) slik som depresjon og hjartesjukdom.
Fysisk inaktivitet som den som vart pusha under covid er ein DØDSDOM
WHO-rapporten forklarer deretter at den økonomiske børa til eit overvektig, stillesitjande liv «er diger», og kostar systemet milliardar av dollar kvart einaste år. Menneskehelsekostnaden er òg enorm, og utgjer rundt 500 millionar menneske rundt om i heile verda, som kvart år utviklar UIO-sjukdommar.
«Globalt vil nesten halvparten av nye UIO-tilfelle (47%) vere eit resultat av for høgt blodtrykk, og 43% vil vere eit resultat av depresjon,» står det vidare å lese i rapporten.
To andre kroniske sjukdommar som har skote i vêret som eit resultat av plandemien, inkluderer diabetes og demens. Fysisk inaktivitet og isolasjon er vesentlege utløysarar for desse to sjukdommane, blir det endeleg innrømt.
Sjølv før Fauci-influensaen [Covid-19] kom ut av det blå, kom WHO med retningslinjer for mosjon og fornuftig kosthald for å unngå sjukdom. Det var faktisk i 2018 at WHO var forkjempar for at nasjonale regjeringar skulle fremje fysisk aktivitet og «nasjonale massedeltakingsarrangement».
So, etter at covid kom, endra WHO tonen og gjekk plutseleg i gåsegang med globalistiske verdsleiarar når dei fremja Hald dykk heime, hald dykk trygge-propagandaen, som har drepe millionar (om ikkje milliardar, avhengig av korleis ein tolkar data relatert til overtalsdødsfall).
«Skulestengingar nekta mange barn eit av høva dei hadde til å vere aktive i samfunn der val for fysisk aktivitet, sport og rekreasjon er fråverande eller utilgjengeleg,» seier WHO-rapporten vidare.
«Responsen på pandemien avdekte òg kor viktig det er å tilby høve som får alle til å vere jamleg aktive uavhengig av alder, kjønn, inntekt, etnisitet eller fysisk evne. Erfaringane frå pandemien har gjort det tydeleg at fysisk aktivitet ikkje lenger kan bli sett på som ein ‘fint å ha’-komponent til folkehelsepolitikk.»
Forsidebilde: Emma Simpson
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 1