Derimot: Kamela Harris. En tom tønne uten innhold. – Derimot
derimot.no:
Kroninga av Harris
Moon of Alabama, 20. august, 2024
Democratane (i USA) hyllar seg sjølve for det vellykka kuppet (arkivert) sitt mot president Joe Biden. Då den nye kandidaten deira, visepresident Kamala Harris, deltok i primærvala, fekk ho ikkje ein einaste delegat. I dette årets primærval vann Joe Biden fleirtalet.
Han vart fjerna useremonielt fordi nokre milliardær-donorar og visse partisjefar på bakrommet trudde han ville tape valet (presidentvalet i november). Alt dette fjernar all tvil om kor demokratiske Demokratane eigentleg er.
Eg tvilar på at Harris har betre sjansar for å vinne enn Biden. Dei få gongane eg har høyrd ho snakke, formulerte ho ingenting av substans. Inntrykket mitt er at ho er ei tom tønne, eit skal utan noko i. Kampanjenettsida hennar har ingen linkar til noko av politikken hennar. Det ser ut som ho ikkje har noko program.
Korfor skulle då nokon røyste på ho?
Forframminga hennar i Dem-venlege medium vil ikkje halde seg gjennom heile valkampen. Donald Trump bør igjen promotere politikk som vil hjelpe dei i lågare inntektslag. Billigare helsetenester, høgare minsteløn og anna slik politikk vil vinne røyster. Promotering av krypto(valuta), fordi ein eller annan politisk aksjonskomite (PAC) vil betale for det, gjer det ikkje. Å stoppe krigar er populært. Å starte nye er det ikkje.
Ein stolt og høglydt valkamp med nokre få av dei populære kampsakene burde vere nok for at Trump skal vinne.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica