Den Vestlege propagandamaskina – på kvelden for NATO-toppmøtet i Washington, DC – er sprell levande og sparkar frå seg som ein Thai-kickboxar med heseblesande reportasjar som denne: «Russland angrip barnehospital i drepande sperreeld over Ukraina”. Det er overskrifta i NY Times – framsida, må vite – men ein kunne sjå same meldinga i alle dei store avisene i USA, Storbritannia og Europa. Til og med Al Jazeera kleiv om bord for å utbasunere «nyhenda». Her er versjonen til NY Times. Den blir repetert nær ordrett i alle dei store avisene i Vesten:
Ukrainas største barnehospital vart øydelagd av eit russisk missil på måndag, skaka opp Kyiv, hovudstaden, med bilde av blodige og skadde barn, og sende hundretals rusande avgarde til scena for å hjelpe å rydde unna vridd metall og knust betong i eit desperat søk etter overlevande.
Angrepet på sjukehuset var ein del av ein sperreeld av bomber frå Moskva over landet, inkludert eitt av dei dødelegaste angrepa på Kyiv sidan krigens første månadar. Minst 38 menneske vart drepne i landet, inkludert 27 i Kyiv. Meir enn 100 menneske vart skadde. Dei ukrainske luftstyrkane sa dei skaut ned 30 av dei 38 missila som Russland skaut ut under angrepet, som starta midt på morgonen.
«Angrepet var massivt, kombinert med bruken av luft-, ballistiske- og kryssarmissil,» sa Serhii Popko, sjefen for Kyivs militæradministrasjon. «Missila flaug mot hovudstaden i bølger og frå ulike retningar.»
På sjukehuset vart ein doktor og ein annan vaksen person drepne, og minst 10 fleire vart skadde, inkludert sju barn, sa lokale offisielle tenestepersonar.
Dette er ein tiar på både hykleri- og propaganda-skalaane. Sjekk det ut sjølv. Gjer eit internett-søk på følgande: «Ukraina angrip Sevastopol.» Berre overflatisk dekning. Ingen brølande overskrifter i NY Times eller Financial Times eller andre store aviser. Ignorer det. Men dette? Intens dekning.
Det er berre eitt problem med historia – den er BULLSHIT. Barnesjukehuset vart råka av eit luftvernmissil på avvegar, utskote av Ukraina. Whoops! Det verkeleg avslørande er at det var NULL nyheitsdekning om dei andre plassane som vart råka av russiske missil i Kiev. Veit du korfor? Fordi dei var militære mål, og der var sannsynlegvis Vestlege drepne og skadde. Russland leverte dette angrepet i dagslys i arbeidstid for å påføre dei som er engasjerte i produksjon eller reparasjon av våpen maksimal skade.
Ukrainske styresmakter laug og om talet på nedskotne russiske missil. Ukie-luftvåpenet påstod dei tok ned 30 av 38 russise missil. Sjekk ut dei følgande videoane. Ein kan sjå minst fem vellykka russiske missiltreff i Kiev, inkludert nokre sekundære eksplosjonar, som normalt blir knytte til våpenlager. (Vi får sjå kor lenge YouTube lar den første videoen bli online. Eg vil og legge den ut på BitChute.) https://youtu.be/I1GMKkamhjE
Over til Israel sitt folkemord på palestinarar. Det britiske medisinske tidsskriftet The Lancet sleppte ein sjokkerande artikkel om talet på palestinarar som har døydd eller kjem til å døy på grunn av Israels morderske kampanje:
Så mange som 186 000 palestinarar kan vere drepne direkte eller indirekte av Gaza– krigen, føreser det britiske legevitskapelegetidsskriftet The Lancet.
«Sjølv om konflikten skulle ende straks, vil mange fleire indirekte dødsfall bli registrerte under dei komande mpnadane og åra på grunn av slikt som reproduktive, smittsame og ikkje-smittsame sjukdommar,» rapporterte tidsskriftet.
Dødstala kan overgå dette talet «gitt intensiteten på denne konflikten; øydelagt helsevesen-infrastruktur; alvorleg mangel på mat, vatn og husly; det at folk ikkje kan flykte til trygge plassar; og tapet av finansiering av [FN-byrået for palestinske flyktningar] UNRWA, ein av dei svært få humanitære organisasjonane som framleis er aktive på Gazastripa».