Derimot: Israelsk rabbi: Drep alle sammen! – Derimot

derimot.no:

Hvis noen tror at det som skje på Gaza ikke har støtte innad i Israel, får de tro om igjen. Naturligvis mener ikke alle det samme som det denne rabbien gir uttrykk for, men det er en forbausende stor del av den jødiske befolkningen i Israel som følger hans synspunkter langt på vei. Og han begrunner dette i religionen, altså i den ideologien som definerer dem som jøder og som som mange troende i Israel henter mål og mening fra.

Spørsmålet er heller det motsatte. Hvordan klarer en å stoppe slike mennesker som mener at en hel befolkning må utryddes fordi den vil motsette seg fordriving fra den området de har levd på i over 2000 år? Det denne personen krever er altså folkemord, det den israelske staten begrunner sin eksistens med.

Alt er snudd på hodet, opp er ned og frem er tilbake. Folkemord på jødene er blitt til jødenes folkemord på palestinerne.

Knut Lindtner
Redaktør

Rabbi oppfordrar til folkemord: “La ingen leve”

Nya Dagbladet, 9. mars, 2024

Ein høgtståande israelsk rabbi oppfordrar til eit fullstendig folkemord i Gaza der heile befolkninga bør utrotas – sjølv kvinner og spedbarn. Eliyahu Mali henviser til den religiøse jødiske lova og at det der framgår at “ikkje ei einaste sjel” skal få leve.

Oppfordringa kjem frå den Jaffa-baserte rabbien Eliyahu Mali i eit videoklipp som har fått stor spredning på sosiale medium, og rabbien argumenterer for at sjølv palestinske spedbarn bør drepast.

– I vår mitzvah (heilage) krig, i vår situasjon i Gaza, i tråd med det lova seier. ’La ikkje ei einaste sjel leve’. Logikken i dette er veldig tydeleg: om du ikkje drep dei, kjem dei til å drepe deg,  forklarte rabbien som leier den religiøse skulen Shirat Moshe, der elevane gjer teneste i den israelske arméen.

Han hevda vidare at dei som Israel ser som ”vandalar” i dagens krig er ”dei barna frå den førre krigen som vi let vere att i live, og i røynda er det kvinnene som produserer terroristar”.

– dette inneber att denne regelen er veldig tydeleg. Det er enten du eller dei. Den som kjem for å drepe deg, drep han først.

– dette konseptet inkluderer ikkje berre den unge mannen i alderen 16, 18, 20 eller 30 som no rettar eit våpen mot deg, men også den framtidige generasjonen (barna) og dei som produserer den framtidige generasjonen (kvinnene), for det finst verkeleg ingen skilnad.

Idag baby – i morgon krigar”

Når Eliyahu fekk spørsmålet om dette og om han også meinte eldre, hevda han at dette var eit ”tungt spørsmål ettersom det finst eit jødisk hjarte” – men ikkje heller desse bør skånast, meiner han.

– Det finst ein skilnad mellom sivilbefolkninga andre stadar og sivilbefolkninga i Gaza. I Gaza anslår ein at 95 til 98 prosent vil ha vår øydelegging.

Sjølv palestinske spedbarn bør drepast – ettersom dei elles risikerer å vekse opp og bli soldatar.

– Det er same sak. Ein kan ikkje vara smart med Toran. Idag er han ein baby, i morgon er han ein krigar … Dagens terroristar var 8-årige barn i den førre operasjonen. Så ein kan ikkje nøye seg [med stridande(?)] her. Det er derfør lova i Gaza er annleis her.

Opposisjonen fordømmer rabbien

At ein av Israels religiøse leiarar argumenterer for mord på spedbarn og kvinner, har fått landets opposisjon til å rase, og Labour-leiar Meray Michaeli krev at arméen og forsvarsdepartementet sluttar å samarbeide med den religiøse skulen fram til rabbien har blitt oppsagt.

Å bruke halakha gir ikkje nokon rabbi løyve til å framstille jødedommen eller Israel som blodtørstig og hemnlysten”, skriv ho på X.

I skrivande stund har over 30 000 palestinarar blitt drepne og nesten 73 000 skadde under Israels invasjon av Gaza – majoriteten av dei var nettopp kvinner og barn.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...