Tidligere FN-representant i Libya og leder for Amnesty: Nato brøt FN-mandatet de fikk!

Derimot.no

derimot.no:

IAN MARTIN SEIER NATO-STATANE SI UTPLASSERING AV SPESIALSTYRKAR VART «MEDVITE HALDE SKJULT» FOR TRYGGINGSRÅDET TIL FN

AV PHIL MILLER


Sir John Chilcot si maraton-gransking av Irak-krigen har fått mykje kritikk for å gå for tregt. Då rekommandasjonane vart leverte til Whitehall, hadde ein annan intervensjon allereie funne stad i Libya.

Men i det minste vart Storbritannia sin invasjon av Irak i 2003 oppfatta som katastrofal nok til at ei gransking på toppnivå vart gitt løyve til. David Cameron sitt eventyr i Libya, på den andre sida, har bleikna bort frå folks medvit, bortsett frå ein kort revisjon av ein komite av «bakbenksparlamentarikarar».

Ian Martin, til høgre for Ban Ki-moon, på eit besøk til Libya.

Etter styrtinga av oberst Muammar Gaddafi i 2011, har post-revolusjons-Libya raskt sokke ned i ein blodig borgarkrig, og blitt ei trygg hamn for internasjonal terrorisme. Det NATO-støtta regimeskiftet har sannsynlegvis forårsaka fleire problem enn det har løyst.

Sidan 2014 har Foreign Office [no Foreign, Commonwealth & Development Office, etter ei samanslåing i 2020, mrk] frårådd mot alle reiser til den nord-afrikanske nasjonen av tryggleiksomsyn. Sonen til Gaddafi, Saif al-Islam, blir vurdert til å ha gode sjansar for å vinne presidentvalet neste månad, trass i at han er etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen, ICC.

I desse tider, når det burde føregå sjelegransking om NATOs merittar, så er det det motsette som skjer. Ein krev ukritisk støtte til den «defensive alliansen» med NATO si innstilling til Russland, sjølv om liknande scenario presenterer seg for politikarane.

Ian Martin er en engelsk menneskerettighetsaktivist / rådgiver og en gang FN-offisiell. Hans siste FN-oppdrag var som spesialrepresentant for generalsekretæren og sjef for FNs støtteoppdrag i Libya. Fra 2015 til 2018 var han administrerende direktør for sikkerhetsrådets rapport. Wikipedia (engelsk)

Eitt unntak er Ian Martin, som dreiv FNs bistandsoppdrag i Libya i åra 2011-12. Sjølv om den nye boka hans kom ut i januar, rett før Vladimir Putin invaderte Ukraina, er mange av tankane hans om Libya relevante for korleis Whitehall no tilnærmar seg Russland.

Til dømes: kor går grensa der militær hjelp skiftar frå defensiv til offensiv? Er det mogleg å kome til eit fredeleg, politisk forlik, eller er regimeskifte det eigentlege målet? Kan det forsvarast å ha britiske spesialstyrkar der? Har ICC si rolle blitt politisert? Nøyaktig kven er det som mottar dei vestlege våpena, og kva vil dei gjere med dei når konflikten er over?

Martin, tidlegare sjef for Amnesty International, er ikkje imot vestleg militær intervensjon i seg sjølv. Han støtta at australske troppar gjekk inn i Aust-Timor i 1999, men seier han var «sterkt imot den illegale invasjonen til USA/Storbritannia i Irak, og avslutta mitt langvarige medlemskap i Tony Blairs Labour Party.»

Denne haldninga til internasjonale relasjonar gjer han til ein edrueleg dommar over hendingar i Libya. Han meiner ein militær intervensjon i byrjinga var rettmessig, på grunn av Gaddafis harde retorikk og handsaming av fredelege demonstrantar. Men han føler at spådommane om eit folkemord (som Storbritannias militære leiar, general Richards var oppslukt av) «verkar, når ein no ser tilbake på det, ha vore vilt oppblåste».

STØTTA TIL REBELLANE

Etter at sanksjonar og eit våpenembargo feila i å avskrekke Gaddafi, kom FNs Tryggingsråd med ein ny resolusjon den 17. mars 2011, som autoriserte «alle nødvendige tiltak» for å beskytte sivilistar. Martin analyserer geopolitikken ved den avrøystinga, og fangar opp dynamikken blant medlemmane frå både nord og sør.

Avgjerande vart det at Russland og Kina avstod frå å stemme, og i praksis tillot eit kortvarig mandat til å stoppe represaliar frå Gaddafi i opprørskontrollerte område i aust-Libya. Men Storbritannia, USA og Frankrike tolka resolusjonen annleis: som ei blankofullmakt til å bombe regjeringstru styrkar kor som helst i landet.

Bombemåla deira inkluderte hovudstaden i Libya, i vest, der sjølv ein Gaddafi-familiebustad og fleire statlege satellitt-TV-sendarar vart råka. Luftkrigen stoppa ikkje før rebellane hadde tatt makta.

“Nato-operasjonane hadde gradvis utvida seg frå å hindre angrep frå Gaddafis styrkar til å støtte rebellane si framrykking,» skriv Martin. Britiske kamphelikopter var sentrale, seier han, «i støtta til det siste angrepet på Tripoli» i august 2011.

Han trur der var «mission creep» [ein gradvis utviding av dei opprinnelege måla for krigen, mrk.] og at «NATOs argument om at støtta deira til rebellane sine angrep på Tripoli – og, etter at den byen fall, på Sirte og Bani Walid – var nødvendig for å beskytte sivile, er ikkje overbevisande.» 

Martin verkar særleg skeptisk til NATOs påstand om at dei ikkje hadde skjønt at dei spora ein konvoi der Gaddafi var med den dagen han vart drepen i Sirte i oktober 2011. Martin fortel at det var over 100 folk som såg det på direkten i NATO sin kommandobunker, i staden for dei vanlege 30. NATO stoppa luftkrigen sin få dagar etterpå.

Dei langsiktige konsekvensane av at den vestlege alliansen overskreid FN-mandatet, kan ikkje undervurderast. Martin kommenterer: «Det er ikkje mogleg å tru at dei ville ha fått dei nødvendige stemmene i Tryggingsrådet, for ikkje å nemne tilbakehaldet av veto frå Russland og Kina, dersom det fulle omfanget av militærkampanjen hadde vore kjent.» 

Nokre lærde seier at Libya-krigen eliminerte dei siste restane av tillit som Kreml hadde att overfor NATO. Putin skal ha vore fiksert av videoopptak av lynsjinga av Gaddafi i Sirte. At han i det siste har slått ned på opposisjonsrørsler i Russland, Kviterussland og Kazakhstan, er kanskje delvis motivert av ei frykt for at han kan kome til å dele Gaddafi sin skjebne.

«SPØRSMÅL OM ANSVAR»

Jo lenger NATO sleppte bomber, desto større vart risikoen for å råke sivile mål. Martin rosar NATO for at dei tok forholdsreglar som resulterte i «framragande få sivile tap» og at dei «strengt følgde dei militære direktiva», noko som gjorde at dei var «ute av stand til å angripe rundt 70% av måla i databasen sin.»

Men han ignorerer ikkje at ein del av dei 7,642 luft-til-bakke-våpena som NATO sleppte faktisk drepte sivile, tvert imot påstanden alliansen først kom med: at det var null stadfesta sivile tap.

Martin siterer estimat på mellom 55 døde (Amnesty) opp til 403 (Airwars). Han kritiserer NATOs overkommando for at dei nektar å etterforske slike tilfelle sjølv, og NATO-medlemmar for å kaste ansvaret over på kvarandre. Han føler situasjonen «reiser store spørsmål om ansvar».

three person on shore during daytime
Krigen dreide seg ikke om sivilbefolkningen men om regimeskifte.

NATO var også meint å handheve FNs våpenembargo mot Libya, men i staden sleppte dei igjennom våpenlaster frå Golf-statane som skulle til rebellane. Qatar leverte, ifølge rapportar, 20 000 tonn med våpen, noko Martin kallar eit «massivt brot på våpenembargoet».

Dei sameinte arabiske emirata, UAE, bygde ei flystripe i fjella for sine hemmelege leveransar. Britiske spesialstyrkar arbeidde med logistikken ved desse forsyningane. Frankrike sleppte ned frå fly rakettutskytningsutstyr og maskingevær, og dei informerte ikkje FN om det før det vart ein offentleg skandale.

Eit anna ankepunkt for Martin, er at individuelle NATO-medlemmar brukte bakkestyrkar, og vi veit framleis svært lite om kva dei gjorde. Han kritiserer ein «mangel på transparens kring omfattande bilaterale, militære operasjonar, inkludert utplassering av hemmelege spesialstyrkar i Libya» av vestlege statar og Golf-statar.

Sjølv om FN-resolusjonen utelukka ein «framand okkupasjonsstyrke», gjekk britiske spesialstyrkar så langt som til å følge og rådgi ein rebell-kommandant gjennom avansementet mot Tripoli. Qatars stabssjef hevda han utplasserte «hundretals» av sine angrepsstyrkar i kvar region av Libya.

Martin beklagar at «sidan spesialstyrkeoperasjonane og annan militær assistanse ikkje var offisielt kunngjorde, så har legaliteten deira blitt lite debattert». Han seier slike oppdrag vart «medvite halde skjult» for FNs Tryggingsråd, og Storbritannia «sa framleis ikkje eit ord om nærværet til spesialstyrkane sine under kampane.»

Til sjuande og sist, seier han, er det slik at «den hemmeleghaldne rolla til spesialstyrkar reiser verkeleg store spørsmål om eige og internasjonalt ansvar for demokratiske land.»

GI FREDEN EIN SJANSE?

Ein annan konsekvens ved å fortsette NATOs militære intervensjon, var at den reduserte utsiktene til eit fredeleg, politisk forlik, og gjorde ein siger på slagmarka til einaste tenkelege sluttspel. Storbritannias general Richards argumenterte faktisk for ei våpenkvile og forhandlingar etter at den opprinnelege trusselen mot sivile i Benghazi var borte, men Cameron sette seg imot det.

Dei ekstreme vanskane som post-revolusjonsregjeringa i Libya støytte på når dei skulle sameine landet, burde vekke ettertanke rundt spørsmålet om ikkje eit framforhandla utfall ville ha vore betre. Martin utforska det litt i djubden, og eit problematisk bilde dannar seg. 

Eit møte, ansikt-til-ansikt, mellom ein FN-utsending og Gaddafi i Tripoli vart droppa på grunn av frykt for at NATO skulle bombe lokasjonen deira. FN-talsmannen møtte sonen hans i staden, men sjølv den lokasjonen var ikkje klarert av NATO og resulterte i ei «nære-på»-hending.

houses near body of water and snow covered mountain during daytime
Forsøkte den norske regjeringen å få til et politisk kompromiss?

Sjølv om Noreg sleppte rundt 10% av NATO-bombene over Libya, var dei den mest proaktive allianse-medlemmen når det galdt å søke forhandlingar. Utanriksministeren deira kritiserte «tankegangen i London og Paris» for at dei ikkje var interesserte i å forhandle fram fred, og argumenterte med at det ville ha vore betre å «oppnå eit mindre dramatisk utfall og unngå at den libyske staten kollapsa.»

Martin meiner Storbritannia var altfor avvisande mot Den afrikanske unionen, AU, sine forsøk på å mekle mellom Gaddafi og rebellane. Britiske diplomatar dreiv til og med lobbyverksemd mot AU sine planar om å be om våpenkvile. Han føler at denne tilnærminga gav rebellane «lite incentiv for å inngå kompromiss».

Martin erkjenner at sjølv den beste av fredsplanar kunne ha feila, men «terpinga på at det var Gaddafi som var ekstremt umedgjerleg og hadde skapt eit virulent hat blant mange libyarar, det var langt ifrå det som vart prøvd.»

INTERNASJONAL RETTFERD

Forhandlingsforsøk rakna ofte på det betente spørsmålet om Gaddafis lagnad: fengsel, eksil eller berre avskjed. Overraskande nok, var sjølv dei mest maksimalistiske aktørane opne for mindre scenario enn å sende Gaddafi til Haag.

Ein utviklingsminister i Storbritannia vurderte å sende Gaddafi til eksil i Ekvatorielle Guinea, som ikkje var underlagt ICC. Så seint som i juni 2011, fortalde sjølv rebelleiaren Mustafa Abdul Jalil FN uoffisielt at Gaddafi kunne få bli i Libya dersom han trekte seg og styrkane sine tilbake.

Likevel fann den internasjonale domstolen velbehag i å gå etter Gaddafi-regimet, og reduserte utsiktene til ei framforhandla maktoverføring endå meir. Aktoren poserte til og med for eit fotografi i ruinane av ei stridsvogn som NATO hadde bomba, og gav dermed ICCs politikk eit tarveleg preg.

Den internasjonale straffedomstolen er en permanent, internasjonal domstol opprettet for å straffeforfølge enkeltindivider for krigsforbrytelser, forbrytelser mot menneskeheten og folkemord. Wikipedia Domstolen er beskyldt å bare forfølge afrikanere og serbere, ingen fra Nato-området.

I denne saka er Martin temmeleg skarp: «Sjølv om ICC sin aktor sa han ville etterforske krigsbrotsverk på begge sider, så gjorde iveren hans etter å gripe skuldingane om at Gaddafi dreiv ein politikk for å oppmuntre styrkane sine til valdtekt, med hundretals offer, og forsyne dei med ’Viagra-liknande medikament’, ingenting for å forsterke ei oppfatning av objektivitet, når skuldingane fekk passere utan stadfesting.»

Martin minner også lesarane om at libyske rebellar også drap sivile, og at NATO – trass mandatet til å beskytte alle sivile – ikkje gjekk imellom. «Takinga av Sirte skjedde verkeleg ikkje utan uhyrlegheiter,» seier han. Human Rights Watch fann 53 lik der, tydelegvis av Gaddafi-støttespelarar. Nokre av dei såg ut til å ha blitt avretta.

«NATO feila i å gjere noko med rebellane sine brotsverk,» trur Martin, fordi «dei skjedde i tett befolka område der NATO allereie hadde vanskeleg for å skille mellom dei ulike fraksjonane; luftangrep ville sette fleire sivile i fare; og rebell-brotsverka var uorganiserte og splitta.»

I éin by godkjende opprørskommandantane «forsøk på å provosere Gaddafis artilleri til å skyte i retning av sivile, slik at NATO skulle angripe.» Afrikanske immigrant-arbeidarar i Libya var, seier Martin, «offer for alvorlege brot på menneskerettane,». Mange statsborgarar av land sør for Sahara vart «brutalt angripne og drepne.»

Oppfatninga av NATO sin dobbeltmoral i forhold til menneskerettar og internasjonal justis har berre blitt skjerpa sidan Libya-krigen. Trump sanksjonerte ICC-sjefsaktoren for å ha prøvd å etterforske USA sine uhyrlegheiter i Afghanistan.

Ho har seinare blitt erstatta av ein britisk advokat, som den britiske regjeringa entusiastisk finansierer for å få etterforska russiske krigsbrotsverk i Ukraina.

«FAILED STATE»

Trass i at NATO styrta Gaddafi, har det etter revolusjonen blitt mykje vanskelegare å oppnå stabilitet i Libya og så langt unna som Mali. «NATO sine luftangrep har blåse loket at Gaddafi sine lager og bidradd til ein straum av våpen ut av Libya og inn i Sahel,» seier Martin.

Opprørarane sitt Nasjonale overgangsråd (National Transitional Council, NTC) var leidd av Jalil og Mahmoud Jibril, som begge hoppa av frå Gaddafis regime tidleg i starten av opprøret. Avhopping var ei av dei viktigaste årsakene til at revolusjonen sigra, men tidlegare medlemmar av det gamle regimet vart ofte behandla med mistenksamheit av religiøst konservative rebellar som såg på dei som altfor sekulære.

Martin seier at «Islamistiske krigarar vart eit svært stort element av dei væpna gruppene», med Qatar som «styrte sine forsyningar til islamistiske nettverk.» Han seier dette fekk «langvarige konsekvensar» og at «væpninga og treninga av ulike væpna grupper utanfor nokon kommandokjede forverra dei seinare utfordringane med å hevde statsautoritet over dei.»

NTCs Warriors Affairs Commission identifiserte 162 702 krigarar som hadde tatt del i revolusjonen. Desse, på si side, svor truskap til eit hundretal ulike militsgrupper. Desse måtte enten demobiliserast eller bli integrerte inn i formelle statstryggingsorgan.

Britiske strategar identifiserte den mest kritiske utfordringa for tryggleiken, på eit tidleg stadium, som «å sikre at anti-Gaddafi-milits ikkje utviklar seg til væpna vingar i politiske fraksjonar». Det skulle vise seg å bli umogleg.

Mange islamistar danna politiske parti og stilte i raskt arrangerte demokratiske val – ei hending Martin ser på som «ei betydeleg organisatorisk bragd». Og i motsetning til i Egypt, der Den muslimske brorskapen vann president-valet i juni 2021, makta ikkje islamistane å vinne Libyas stemme den følgande månaden.

Men den nye administrasjonen skulle lite på at militsen sikra tryggleik, og det skapte ein sårbar dynamikk. «Heller enn å demobilisere, greip væpna grupper inn for å beskytte sine politiske og økonomiske interesser,» seier han.

Sjølv om mange islamistar avskydde terrorisme, fanst det dei som ikkje gjorde det og som såg sitt snitt til å etablere butikk i etterkrigs-Libya. I april 2012, vart Martin sitt køyretøy angripe med ei lita sprengladning (IED) i Benghazi, Libyas nest største by. Seinare, i september, tok ein Al-Qaeda-franchise livet av USAs ambassadør.

Martin drog frå Libya ikkje lenge etter valet, og ga smålåtent roret over til ein arabisk-talande, regional ekspert.

Slik får altså boka hans ein bråstopp i utforskinga av korleis desse dynamiske prosessane til sist fekk Libya til å kollapse og avla terroristangrep i Europa. Men den tilbyr ein tidsriktig og grundig gjennomtenkt kontekst for å forstå kva som skjedde i 2011 og utover.

Phil Miller

26. mai, 2022

Boka til Ian Martin, ‘All Necessary Measures? The United Nations and International Intervention in Libya’, er publisert på Hurst (£30).

Kjelde: Declassified UK

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Louis Hansel

Henta frå https://www.stopwar.org.uk/article/uns-top-man-on-the-ground-in-libya-says-nato-bombing-exceeded-un-mandate/

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 12

Les artikkelen direkte på derimot.no