Svensk dokumentar om den globale finanseliten:Makthavarna du aldrig valde

Derimot.no

Den svenske filmskaparen Jonas Nilsson har laga eit framifrå dyktig filmhandverk om den globale finanseliten, World Economic Forum og Klaus Schwabs The Great Reset.

No får det globale rikmannsveldet verkelege namn og fjes, og dei skjemmast ikkje. Finanseliten kjenner seg no så sjølvsikre at dei står fram i heile sin maktbrynde og skriv ope kva dei har i sikte, som Klaus Schwab, leiaren for WEF, i boka The Great Reset.

Filmen er på 50 minutt, men det er vel anvendt tid. Den avdekkjer korleis Schwab og gjengen hans prøver å nytte  globale kollektive sjokk til å overta store delar av offentleg samfunnsmaskineri, under dekke av omtanke for menneskeslekta.  Media, som dei alt eig og kontrollerer, følgjer opp med å piske opp stemninga (jf. Naomi Kleins Sjokkdoktrinen).

Det første forsøket, klimaskremslet, fungerte ikkje heilt etter oppskrifta; oppvarminga av kloden har stogga, isen er like tjukk på polane, og fleire og fleire folk og ekspertar er vortne skeptiske.

No gir ‘pandemien’ eit nytt window of opportunity, for å nytte Schwabs omgrep. Her har dei vore meir heldige. Sia dei eig vaksineindustrien og finansierer WHO gjennom Bill Gates, så har dei fått regjeringane til å gå med på endelause vaksineseriar som har dobla formuane deira gjennom pandemien.

Politikarane fryktar dei ikkje lenger. Svært mange av dei er fostra gjennom WEF sjølv, gjennom programmet «Young Global Leaders», noko Schwab skrøyt uhemma av. Og glatte, unge plutokrat-lograrar stig fram for oss, som Canadas statsminister Justin Trudeau, Macron, Nederlands Mark Rutte, Magdalena Andersson, Sanna Marin, og somme eldre som Angela Merkel og Stefan Løfvén.

Og alle saman hermar dei felles frasane, som «Build Back Better».

Til slutt viser filmen planane om ny digital ID, som Schwab er varm tilhengjar av, som vil gje maktapparatet full kontroll over liva våre.

Meir skal ikkje røpast, sjå filmen!

Her er lenken: https://www.youtube.com/watch?v=NNV2tEgPb9I

108 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 108 ganger.

Post Views: 169

Les artikkelen direkte på derimot.no