Stor konflikt i USA om saken. Konflikten viser at USAs Bio-laboratorier i Ukraina er reelle.

Derimot.no

I sitt svar til Romney, presenterte Gabbard bevis for dei Pentagon-linka biolaboratoria i Ukraina

av Dave DeCamp 

På sundag publiserte den tidlegare House-representanten for Hawaii, Tulsi Gabbard, ein video  der ho bad Biden-administrasjonen samarbeide med Russland og andre for å etablere ei våpenkvile i Ukraina, slik at ein kunne øydelegge farlege patogen som dei har på USA-finansierte biologiske forskingslaboratorium i landet.

Sjølv om det finst uimotseielege bevis for at det finst biologiske laboratorium med koplingar til Pentagon i Ukraina, så har alle bekymringar over patogena blitt stempla som «russisk propaganda» av haukane i Washington. Som respons på Gabbard sin video, stempla senator Mitt Romney (R-UT) ho som «forrædersk».

Tulsi Gabbard er en amerikansk politiker fra delstaten Hawaii som har representert Det demokratiske parti i Representantenes hus’ forvars- og utenrikskomiteer siden 2013. I tillegg har hun vært en av nestlederne i sitt parti. Hun er også den første hindu og etniske samoaner i Kongressen. Wikipedia

«Tulsi Gabbard gjentar falsk russisk propaganda som ei papegøye. Hennar forræderske løgner kan koste folk livet,» skreiv Romney på Twitter.

Videoen til Gabbard utløyste også ein respons frå Republikanaren Adam Kinzinger (R-IL), ein av dei som pushar hardast for at USA skal innføre ei flyforbodssone over Ukraina, noko som ville bety direkte konflikt med Russland og risiko for atomkrig. «Russisk propaganda. Forrædersk,» sa Kinzinger.

I sin respons til Romney, utfordra Gabbard han til å legge fram bevis for at det ho sa ikkje var sant. «Senator Romney, ver så snill, legg fram bevis for at det eg sa er usant og forrædersk. Om du ikkje kan det, så bør du vere real og unnskylde og trekke deg frå Senatet,» sa ho.

Gabbard presenterte også bevis for USA sitt engasjement i ukrainske biolabar, inkludert eit fakta-ark frå Pentagon datert den 11. mars, som fortel om USA si finansiering av fasilitetane. Pentagon finansierer labar i Ukraina gjennom sitt Defense Threat Reduction Agency (DTRA). Faktaarket seier at USA sidan 2005 har «investert» 200 millionar dollar i «støtte til 46 laboratorium, helsefasilitetar og diagnostikk-stadar.»

Gabbard sine bekymringar for utslepp av patogen i Ukraina blir delte av tenestemenn for Pentagon som er involverte i DTRA. I ein artikkel publisert den 25. februar i Bulletin of Atomic Scientists, åtvara Robert Pope, direktøren for DTRA sitt Cooperative Threat Reduction Program, om at kampane i Ukraina kunne føre til at farlege patogen ville sleppe ut av laboratoria.

Mitt Romney – Wikipedia

Willard Mitt Romney er en amerikansk forretningsmann og republikansk politiker. Han var delstaten Massachusetts’ 70. guvernør 2003–2007. Romney var Det republikanske partis presidentkandidat ved presidentvalget i 2012. Fra 2019 representerer han delstaten Utah i USAs senat. Wikipedia

Pope sa at nokre av labane kunne innehalde biologiske våpen etter Sovjetunionen, men insisterte på at fasilitetane ikkje er i stand til å utvikle slike patogen. I følge artikkelen har styresmaktene i USA samarbeidd med 26 slike fasilitetar for biologisk forsking i Ukraina. Pope og andre US-amerikanske embetsmenn held på at DTRA sitt arbeid i Ukraina er meint å eliminere trusselen frå masseøydeleggingsvåpen frå Sovjet-æraen.

Det kjem ikkje klart fram kva slags patogen som har blitt oppbevart i labane. Russland seier dei har dokument som viser at det ukrainske helsedepartementet gav ordre om destruksjon av prøver av pest, kolera, miltbrannbakteriar og andre patogen, men dette er ikkje verifisert. Men Verdshelseorganisasjonen, WHO, støtta oppunder Russlands sak då dei førre veke fortalde at dei hadde rådd Ukrainas Helsedepartement til å øydelegge «høg-trussel-patogenar» omlag på den tida Russland invaderte.

Russland la fram saka om dei USA-finansierte labane for FNs Tryggingsråd på fredag, noko som gjorde Washington rasande. Kina har gått ihop med Russland og bede USA forklare sitt engasjement i labane, og seier FN bør ta opp saka på skikkeleg vis. Talsmann for utanriksdepartementet i USA Ned Price, sa Kina sitt standpunkt er «urovekkande» og meinte at alle land som gir «truverde» til Russlands påstandar eigentleg støttar landets invasjon.

Tulsi Gabbard Smeared as ‘Treasonous Liar’ By Sen. Mitt Romney Over Ukraine Biolab Concerns

Omsett av Monica Sortland

3 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 3 ganger.

Post Views: 42

Les artikkelen direkte på derimot.no