Skifte av redaktør i Reset: Et det avisas nådestøt?
derimot.no:
I august 2017 var Helge Lurås med på å starte opp den alternative nettavisa Resett, saman med blant andre milliardær Øystein Stray Spetalen (som seinare selde seg ut). Dette samarbeidet mellom ein tidlegare etterretningsoffiser og mektige rikfolk var eit prosjekt som vekte ei viss oppsikt i Media-Noreg. Resett fekk stor merksemd då dei dekte den sokalla «kornåker-saken» som involverte seksuell omgang mellom ein kvinneleg toppolitikar og ein 17 år gammal gut. Resett tilbaud visstnok guten 400 000 kroner for å stå fram og fortelje historia si, men han avslo. Dette skal ha vore det som førde til at Resett to gonger vart nekta medlemskap i Redaktørforeininga, i og med at dette var eit eklatant brot på Vær Varsom-plakaten. Pressestøtte vart òg nekta på same grunnlag. Seinare vart det òg avslørt at trygda nordmenn busett i utlandet (Thailand og Filippinane) tente meir enn dei hadde lov til utan å få trekk i trygda, ved at andre personar mottok løn frå Resett for frilansarbeidet dei trygda nordmennene gjorde.
_________________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
_________________________________________________________
Lurås sin kjærast Shurika Hansen vart i si tid tilsett i avisa, og hadde sin eigen kjærast som sjef. Lurås sjølv såg visstnok ikkje noko problem med dette. Det var det derimot fleire av dei tilsette som gjorde, og fleire av dei skildra Hansen som ein problematisk person å jobbe saman med. Hansen dreiv nettavisa Xtra, som best kan skildrast som Se & Hør-utgåva av Resett. Per 20.juni er Hansen framleis tilsett i Resett.
Etter kvart eskalerte dei interne problema i Resett til eit slikt nivå at Lurås måndag 20.juni 2022 fekk avskjed frå stillinga si som redaktør. Han eig vel 14% av aksjane i nettavisa. I forkant skal han ha blitt tilbydd sluttavtale mot å underteikne ei tausheitsavtale. Dette valde han å ikkje gjere, ettersom han har tenkt å skrive bok om konflikten i framtida. Fleire andre journalistar i Resett har nyleg anten sagt opp eller blitt sjukemeldte. Lurås var sjølv sjukemeldt fram til han fekk avskjed.
Maria Zähler er no fungerande redaktør i nettavisa, medan Henrik S. Werenskiold er dagleg leiar. Utifrå nylege artiklar har Zähler ei klart støttande haldning til Pride-rørsla, noko som er naturleg sidan ho sjølv offentleg har stått fram som transperson. Ho er derimot med i Frp, og har medgjeve at hennar politiske karriere er uforeinleg med rolla som redaktør i ei alternativ nettavis.
Resett er etter mi meining vanskeleg å plassere ideologisk innan alternative, uavhengige media. Vel er dei uavhengige i og med at dei ikkje får pressestøtte, men økonomisk uavhengigheit er ingen garanti for at dei står i ideologisk opposisjon til etablerte media – ein opposisjon som vi treng desperat i våre mørke tider. Og kor alternative er Resett eigentleg? Lurås meiner Joe Biden er den legitime presidenten i USA, og at det ikkje førekom valjuks tilbake i 2020. Dette strider i mot den aukande mengda evidens for at valet nettopp var rigga til Bidens fordel, noko mellom anna filmen 2000 Mules dokumenterer. Enkelte kallar synspunkta til Lurås rundt 2020-valet for bekymringsfulle. Han ser ut til å trekkje konklusjonar som er diametralt motsette av kva som faktisk kjem fram i dagen av bevis. Som tidlegare etterretningsoffiser burde han vete betre.
Det velkjende kommentarfeltet skilde Resett ut frå dei store nettavisene, som har avskaffa kommentarfeltet fullstendig. Folket si meining skal ikkje bli høyrt, for likesinna skal ikkje få vete at der finst andre som har same meiningane som dei sjølve. Dette er nemleg i strid med eliten sitt ønske om å ha monopol på sanninga, og kontroll på kva som blir formidla. Du skal bli sett på som ein problematisk avvikar dersom du meiner noko anna enn den offisielle forteljinga. Kommentarfeltet er ikkje alltid til stade heller. Resett stengjer konsekvent kommentarfeltet når dei publiserer saker frå NTB. Dei publiserer òg propagandaartiklar frå Faktisk.no utan å klargjere redaksjonen/redaktøren sitt syn på innhaldet i artiklane – det synet kjem fram i kommentarfeltet, der fleirtalet er ueinige med påstandane som Faktisk.no kjem med. Der har førekome sensur i større eller mindre grad i Resett sitt kommentarfelt, noko lesarane har kommentert der ved mange høve. Ironisk nok har kommentarane om at der førekjem sensur ikkje blitt sensurert.
Sensur i tilfelle der det openbert ikkje har førekome ulovlege ytringar, er etter mitt syn problematisk, i og med at slik praksis er ein trugsel for Ytringsfridommen. Òg betente tema fortener ein diskusjon, men sensur stengjer for dette. Det skal visstnok ha blitt sensurert kommentarar som er kritiske til den ukloke masseinnvandringa av uintegrerbare kulturar, til dømes ved at innlegg med ordet «berikelse» blir sletta. På Resett sitt kommentarfelt er det visstnok ikkje lov å hevde at det finn stad eit forsøk på destabilisering av Vesten ved hjelp av masseinnvandring frå inkompatible kulturar. Om det faktisk finst bevis for at eliten driv med «befolkningsutskifting», ville ein open offentleg diskusjon ha avdekt, men dette vil dei ikkje at skal skje.
Innlegg som omtalar den britiske forfattaren og føredragshaldaren David Icke blir kategorisk sletta, skal det seiast. Icke (uttala ‘aik’) vart verdskjent på 1990-talet då han kom med sine teoriar om at verda er styrt av reptil-romvesen forkledd som menneske. Han har seinare vist seg å få rett i mange av spådommane han kom med, mellom anna at han i 2009 spådde at eliten ville sleppe laus eit virus for å lettare kunne innføre Den nye verdsorden (New World Order). Teorien om reptil-romvesen er derimot ikkje bevist enno.
Innlegg som krev at Solberg-regjeringa og helsetoppane må stillast for retten i eit «landssvikoppgjer» for si nedstenging og «tiltaksterror» av landet under koronakrisa, blir òg kategorisk sletta, sjølv om der finst mange som meiner at «våre» politikarar og helsetoppar har svike landet ved å ukritisk følgje utvitskaplege og samfunnsøydeleggjande ordrar frå det korrupte WHO.
Lista over døme på sensur er lang, om enn anekdotisk, og etter redaktørskiftet skal den visstnok bli verre. Eg har ein mistanke om at Maria Zähler vil slå hardt ned på forsøk på å avsløre LGBT-rørsla som den giftige ideologien den vitterleg er. Den rosa (regnbogefarga?) elefanten i rommet skal helst ikkje nemnast. Her snakkar vi om ei sektliknande rørsle som er so smekkfull av vanvittige påstandar at den ikkje toler å bli gått etter i saumane i form av ein sakleg, offentleg debatt – difor må alle motstemmer sensurerast og i visse tilfelle kallast inn til politiavhøyr… Støttar Zähler denne praksisen?
Resett er på veg mot undergangen, og det er fordi avisa desperat prøver å vinne innpass hjå dei som fyrst var deira ideologiske motstandarar: tilhengjarar av den offisielle forteljinga og deira medsamansvorne i den globalistiske eliten. Kva er det eigentleg no som skil Resett frå resten av hovudstraumsmedia? Dei skriv og meiner jo nøyaktig det same som dei.
Forsidebilde: Avel Chuklanov
Redaksjonen har lagt til bilder
146 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 146 ganger.
Post Views: 17