Realitetene trumfer propaganda. Nå må den vestlige virkeligheten omskrives radikalt.

Derimot.no

derimot.no:

Russland redefinerer kunstarten Hybridkrig

av Pepe Escobar

Over heile NATOstan er det eitt skotsikkert, fiktivt «narrativ» som rår, det at Ukraina «vinn».

Så korfor har då våpenkramkaren Lloyd “Raytheon” Austin, no sjef over Pentagon, sidan seint i februar bokstaveleg talt trygla om at Russlands forsvarsminister Sjoigu skal svare han på telefonen, berre for å til slutt få ønsket oppfylt?

Det er no stadfesta av ei av mine topp-kjelder for etterretning. Telefonsamtalen var ein direkte konsekvens av panikk. USAs regjering prøver å bremse den detaljerte russiske granskinga – og akkumuleringa av bevis – av dei US-amerikanske biolaboratoria i Ukraina, som eg fortalde om i ein tidlegare artikkel.

Hva er det disse har drevet med i Ukraina?

Denne telefonsamtalen skjedde rett etter ei offisiell russisk erklæring framfor FNs Tryggingsråd den 13. mai: vi vil bruke artikkel 5 og 6 av Konvensjonen om forbod mot biovåpen til å granske Pentagon sine biologiske «eksperiment» i Ukraina.

Det vart gjentatt av nestleiaren for FNs avdeling for nedrustning, Thomas Markram, sjølv om alle ambassadørane frå NATO-medlemslanda som venta avfeia alle dei innsamla bevisa som «russisk desinformasjon».

Sjoigu visste heile tida at oppringinga ville kome. Reuters, som berre siterte den velkjende «talsmann frå Pentagon», spann om at den påstått timelange samtalen ikkje hadde ført til noko. Nonsens. Austin kravde, i følge amerikanarane, ei «våpenkvile» – som må ha framkalla eit sibirkattglis i Sjoigu sitt fjes.

Sjoigu veit presis kva veg vinden bles i felten – for ukrainske væpna styrkar og UkroNazistar. Det er ikkje berre Azovstal-nederlaget – eller Kiev-arméens generelle samanbrot.

Etter at Popasnaya fall – den kritiske, mest forsterka ukrainske bastionen i Donbas – har styrkane til russarane og Donetsk/Lugansk brote forsvaret langs fire ulike vektorar mot nord, nordvest, vest og sør. Det som er att av den ukrainske fronten smuldrar vekk – raskt, med ei massiv heksegryte oppdelt i ein labyrint av mini-heksegryter: ein militær katastrofe som USAs regjering umogleg kan spinne om.

brown wooden blocks on white table
Nå faller løgnene i mediene om krigen.

Parallelt kan vi no og vente ei full eksponering – på overgir – av Pentagons biovåpen-geskjeft. Det einaste av «tilbod du ikkje kan stå imot» som USAs regjering har att, skulle vere å presentere for russarane noko konkret, for å unngå ei full gransking.

Det kjem ikkje til å skje. Moskva er fullt ut klar over at ei full offentleggjering av det ulovlege arbeidet med forbodne biologiske våpen, er ein eksistensiell trussel mot USAs djupstat. Særleg ettersom dokument som russarane har fått hand om, viser at farmasigigantane, Big Pharma – via Pfizer, Moderna, Merck og Gilead – var involverte i fleire «eksperiment». Ei full eksponering var, frå starten av, eitt av Putins erklærte mål. 

Fleire «militærtekniske tiltak»?

Tre dagar etter FN-presentasjonen heldt leiarskiktet i Russlands utanriksdepartement ein spesialsesjon for å diskutere «den radikalt endra geopolitiske røynda som har utvikla seg som eit resultat av hybridkrigen som Vesten har sloppe laus mot landet vårt – med situasjonen i Ukraina som påskot – i ein skala og med ein villskap verda aldri før har sett, inkludert gjenopplivinga i Europa av eit rasistisk verdssyn i form av ein kolossal og mørk russofobi, ein open kurs for ’avskaffing’ av Russland og alt som russisk er.»

Så det er ikkje det minste rart at «den aggressive, revisjonistiske kursen til Vesten krev ein radikal revisjon av Russlands relasjonar til uvenlege statar.»

Vi kan vente at «ei ny utgåve av omgrepet Utanrikspolitikk for Den russiske føderasjonen» snart dukkar opp.

Det nye utanrikspolitikk-omgrepet vil utdjupe det utanriksminister Lavrov endå ein gong understreka på eit møte til ære for 30-årssamlinga til Rådet for utanriks- og forsvarspolitikk: USA har erklært ein omfattande hybridkrig mot Russland. Det einaste som no manglar, er ei formell krigserklæring.

Utover desinformasjonståka som omhyllar søknadane til Finland og Sverige – kall dei gjerne dei Dum og Dummare nord-buarane – om medlemskap i NATO, så er det verkeleg viktige den nye krigserklæringsinstansen: utsikta til missilar med atomstridshovud stasjonerte verkeleg nær Russlands grenser. Moskva har allereie åtvara finnane og svenskane, høfleg, om at dette vil bli handsama med «militær-tekniske tiltak». Det er nøyaktig det som Washington – og NATO-yndlingane – vart fortalde ville skje før starten av Operasjon Z.

person in green and black gas mask
Sverige og Finnland risikerer å gjøre landene sine til russiske atombombemål. Norge er i ferd med å gjøre dette.

Og sjølvsagt går dette mykje djupare; det involverer i tillegg Romania og Polen. Bukaresti har allereie fleire av missilutskytingssystemet Aegis Ashore, som er i stand til å sende Tomahawk-missilar med atomstridshovud mot Russland, medan Warszawa mottar same system. Med reine ord: viss det ikkje kjem ei de-eskalering, så vil dei alle til slutt ende opp med å motta hr. Khinzals hypersoniske visittkort.

NATO-medlem Tyrkia spelar i mellomtida eit fingernæmt spel; dei legg fram si eiga liste med krav før dei i det heile tatt vil vurdere nordbuarane sitt spel. Ankara ønsker ikkje fleire sanksjonar mot kjøpet sitt av S-400-systemet, og dei vil gjerne bli inkluderte i F-35-programmet igjen. Det skal bli fascinerande å sjå kva «His Master’s Voice» vil kome på for å forføre «Sultanen». Eit nordisk sjølv-korrigerande «klart og utvetydig standpunkt» mot PKK og PYD, er heilt klart ikkje nok for Sultanen, som med glede skapte endå meir turbulens då han understreka at kjøp av russisk energi er ei «strategisk» sak for Tyrkia.

Mottiltak mot finansiell Shock’n Awe

Det er no heilt tydeleg at målskiva for Operasjon Z er unipolar overherremakt, ei uavgrensa utviding av eit vasallisert NATO og verdas finansielle arkitektur – ein samanfiltra kombo som strekk seg langt utover den ukrainske slagmarka.

Det serielle vestlege sanksjonspakkehysteriet enda opp med å trigge Russlands så langt suksessrike mot-finansielle trekk. Hybridkrigen blir ført hovudsakleg på den økonomiske/finansielle slagmarka – og smerten for det samla Vesten vil berre stige: inflasjon, høgare vareprisar, samanbrot i forsyningskjedane, eksploderande levekostnadar, utarming av middelklassane og, uheldigvis for store massar på den sørlege halvkula, rett og slett fattigdom og svolt.

I nær framtid vil det, etterkvart som insider-bevis kjem for dagen, kunne argumenterast overtydande for at Russland gjenoppretta balansen i spelet, etter Vestens finansielle hasardspel/ grove ran av over 300 milliardar dollar av Russlands utlandsreservar.

grayscale photo of person and dog holding hands
Tillit forutsetter forutsigbarhet og at avtaler overholdes

Dette betyr at Kreml allereie for fleire år sidan – la oss seie minst sidan 2016, basert på analysane til Sergej Glazyjev – visste at dette uunngåeleg ville skje. Fordi tillit framleis er eit rigid grunnlag for eit monetært system, så kan leiarane i Russland ha kalkulert med at USA og deira vasallar, drivne av blind russofobi, ville spele ut alle sine kort på ein gong då situasjonen spissa seg til – og fullstendig rasere den globale tilliten til systemet «sitt».

På grunn av Russlands uendelege mengder naturressursar, kan Kreml ha tenkt at nasjonen ville overleve det finansielle Shock’n Awe [militær taktikk, sjokkér og inngi æresfrykt, overrumple fienden med eit uventa massivt angrep, mrk.] – og til sist profittere på det (inkludert verdsettinga av rubel). Premien er berre så altfor søt: å få opna vegen til «The Doomed Dollar» – utan å måtte be hr. Sarmat presentere sitt kjernefysiske visittkort.

Det kan til og med hende Russland overveg ein hypotese om å få ei kraftig erstatning for dei stolne midlane. Ein stor del av Vesten sine midlar – som i sum utgjer så mykje som 500 milliardar dollar – kan bli nasjonaliserte, om Kreml skulle velje det.

Så Russland vinn ikkje berre militært, men også i stor utstrekning geopolitisk – 88% av planeten er ikkje på linje med det NATOstanske hysteriet – og sjølvsagt på området økonomi/finans.

Dette er den eigentlege hybridkrig-slagmarka, der det samla Vesten blir sjakkmatta. Eit av dei neste avgjerande stega vil bli eit utvida BRICS som koordinerer sin strategi for å omgå dollaren.

Ingenting av alt dette bør overskygge etterdønningane av kapitulasjonen til Azov-nynazistane i UkroNazistan-sentralen i Azovstal.

black metal empty building

Det mytiske vestlege «narrativet» om fridomskjempande heltar, som media i NATOstan har pusha sidan februar, kollapsa med eitt slag. Som på stikkord la det seg ei tordnande stille over den vestlege infokrig-fronten, der ingen fjols ein gong prøvde å synge den bedritne, «vinnande» Melodi Grand Prix-låta.

Det som skjedde, var kort sagt at creme de la creme av NATO-trente nynazistar – «rådgitte» av vestlege topp-ekspertar, væpna til tennene, forskansa djupt nede i atomvåpenresistente betongbunkrar inne i Azovstal – enten vart pulveriserte eller tvinga til å overgi seg, lik rotter trengde opp i eit hjørne.

Novorossijsom game-changer

Den russiske generalstaben kjem til å justere taktikken sin for den store oppfølginga i Donbas – dei beste russiske analytikarane og krigskorrespondentane debatterer det uopphøyrleg. Dei vil møte eit uunngåeleg problem: om enn russarane metodisk bryt ned den – splitta – ukrainske arméen i Donbas aldri så mykje, så blir ein ny NATO-armé trent og væpna i vest-Ukraina.

Så det finst ein reell fare for at Moskva – det avheng av dei ultimate, langsiktige måla til Operasjon Z, som berre den russiske militærleiarskapen kjenner til – om nokre månadar kan kome til å møte ein mobil og betre væpna inkarnasjon av den demoraliserte arméen dei no øydelegg. Og det er akkurat dette USA meiner med å «svekke» Russland.

Slik stoda er, finst det mange grunnar til at ein ny Novorossija-realitet kan vise seg å vere ein positiv game-changer for Russland. Blant desse er:

  1. Det økonomiske/logistiske komplekset frå Kharkov til Odessa – langs Donetsk, Lugansk, Dnepropetrovsk, Zaporozhye, Kherson, Nikolajev – er intimt tilknytt russisk industri.
  2. Med kontroll over Azov-havet – allereie ein de facto «russisk innsjø» – og, som følge av det, Svartehavet, vil Russland få full kontroll over eksportrutene for regionen sin verdsklasses kornproduksjon. Ekstra bonus: total utelukking av NATO.
  3. Alt dette tyder på ein plan om å utvikle eit integrert, agro-tungt industrikompleks – med ekstrapotensial for masseturisme.

Under eit slikt scenario ville eit gjenverande Kiev-Lviv rest-Ukraina – ikkje inkorporert i Russland, og sjølvsagt ikkje gjenoppbygd – i beste fall vere underkasta ei flyforbodssone pluss utvalde artilleri/missil/drone-angrep, i tilfelle NATO held fram med sine artige idéar.

Dette ville vere ein logisk konklusjon for ein militær spesialoperasjon fokusert på presise angrep og ei medvita vekt på å spare sivile liv og infrastruktur medan ein metodisk set det ukrainske militære/logistiske spekteret ut av spel. Alt dette tar tid. Men Russland har kanskje all tid i verda, medan vi alle lyttar til lyden av det samla Vesten som skrur seg lenger og lenger ned.

Pepe Escobar

The Saker, 20. mai, 2022

Forsidebilde: Vladimir Kush

http://thesaker.is/russia-rewrites-the-art-of-hybrid-war/

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 1

Les artikkelen direkte på derimot.no